Treng fire Alta-kraftverk for å drifte sju skip

1 week ago 15


– Det er ikkje ein veldig effektiv måte å bruke energi på, seier Sintef-forskar Anders Valland.

Eit australsk selskap har planar om å bygge ein stor ammoniakk-fabrikk i Bremanger i Sogn og Fjordane.

Fabrikken kan ende opp med å bruke nær fire gonger så mykje straum som Alta-kraftverket produserer.

Fortessque ammoniakkfabrikk Holmaneset

Denne fabrikken er planlagt å ligge i ved fjorden i Bremanger kommune.

Foto: Fortescue Metals Group

Målet er å lage 225.000 tonn ammoniakk årleg. Dette kan skip bruke som drivstoff.

Produksjonen er nok til å drifte sju av verdas største skip, ifølge Sintef-forskar Valland.

Selskapet Fortescue meiner dette er god bruk av den fornybare krafta vår.

– Det er effektivt å bruke norsk energi til dette. Vi kan bygge ein norsk verdikjede for å erstatte fossilt drivstoff i maritim industri i Noreg, seier Noregs-sjefen for Fortescue, Thor Magnus Rovik.

Gift på tanken

Fortescue er ein industrigigant frå Australia. Selskapet vil bygge ammoniakk-fabrikken på det naturskjønne Holmaneset i ein stille vestlandsfjord.

Ammoniakk er eit kjemisk stoff med mange bruksområde.

Anders Valland

Rundt halvparten av energien forsvinn når ein skal lage ammoniakk på fornybart vis, ifølge Anders Valland i Sintef Ocean.

Foto: Morten Andersen / NRK

Kanskje er det ei løysing på dei store klimautsleppa til skipsfarten. Ammoniakk kan nemleg bli laga på fornybart vis, og det slepp ikkje ut CO₂ ved bruk.

Men hindringane er store:

  • Det er svært kraftkrevjande å lage.
  • Prisen er mange gonger så høg som fossilt drivstoff.
  • Det er giftig for menneske, dyr og liv i sjøen. Det er også etsande for levande vev.

Svelgen og Botnaneset i Bremanger

Her på Holmaneset kan fabrikken komme. Den ligg i Svelgen i Bremanger kommune, kor folketalet er i fritt fall.

Foto: Steinar Lote / NRK

Den økonomiske risikoen er skyhøg – både for fabrikken og reiarlaga som eig skipa.

– Vi slit med å gjennomføre dei første prosjekta, seier Magnus Eide, leiar for Grønt skipsfartsprogram.

Takkar nei til offentlege millionar

Reiarlaga ønsker garantiar om pris på drivstoffet.

Staten vel heller å støtte utvikling av teknologi og bygging av skip som kan bruke grønt drivstoff. I sommar vart ein milliard kroner delt ut.

Magnus-Eide-1920x1080-1.jpg

Ifølge Magnus Eide er det veldig vanskeleg å få gjennomført prosjekta, sjølv når staten deler ut millionbeløp.

Førre veke blei nye 777 millionar gitt til utvikling av grøn skipsfart.

Likevel regner staten med at fleire som har fått tildelt pengar, vil kaste inn handkleet.

Vi ventar at det kan bli enkelte kanselleringar, seier Elin Ulstad Stokland i Enova.

Store utslepp

Men i Svelgen trur Fortescue på gull og grøne båtar. EU spyttar inn nær 2,4 milliardar kroner i fabrikken.

Rovik i Fortescue trur at marknaden finst.

– Det er meir og meir etterspørsel, seier han.

Storheia Fosen vindkraftverk

Alle vindturbinane på bildet forsyner nok straum til å lage grønt drivstoff til mellom éit og to skip.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden

Skipsfart står for 3 prosent av verdas klimagassutslepp. Politikarar har bestemt at fartøya skal gå vekk frå fossile drivstoff. Og batteridrift fungerer dårleg i mange høve.

Drivstoff som ammoniakk, hydrogen, biodrivstoff og metanol blir sett på som aktuelle for framtida.

Kan framleis snu

Ammoniakk blir også brukt i kunstgjødsel, og her er betalingsviljen langt høgare. Fortescue seier dei snusar på ulike marknadar.

Sjølv om ingeniørane i Fortescue jobbar på spreng, har ikkje selskapet tatt ei endeleg avgjerd om å investere.

Men mykje ligg til rette. Dei har kjøpt tomter, fått kapasitet på straumnettet og inngått avtale om å kjøpe kraft.

ZYqPVl7WwiA

Skipsfarten 3 prosent av verdas klimagassutslepp.

Foto: NTB

I tillegg vil dei bygge ein like stor fabrikk i Hemnes i Nordland.

Så skal også politikarane i Bremanger si sitt. Det er ein kommune med folketal i fritt fall. Men lokale er uroa for tryggleiken og om straumsluket skal kneble den lokale hjørnesteinsbedrifta.

Men Fortescue trur ein slik ammoniakk-industri kan bli svært verdifull for Noreg.

– Dette prosjektet er ideelt lokalisert der vi kan få mange tilleggsgevinstar. Og det er eit produkt som Noreg og Europa treng.

Publisert 14.11.2024, kl. 19.23

Read Entire Article