Trekker seg frå styret i banken

1 month ago 6


Iselin Vistekleiven frå Vågå har trekt seg frå styret i Sparebank 1 i Lom og Skjåk, det skriv banken i ei børsmelding. Den tidlegare ordføraren i Vågå, sit på fylkestinget for Ap i Innlandet.

– Med bakgrunn i den pågåande skulesaka i Innlandet fylkeskommune, knytt til framtidig skule- og tilbodsstruktur, har eg som fylkespolitikar motteke tilbakemeldingar frå lokalbefolkninga i dei råka kommunane i Ottadalen som gjeld mitt styreverv i Sparebank 1 Lom og Skjåk. Etter ei grundig vurdering ser eg at det ikkje lenger er i samsvar for meg å fortsette i mitt styreverv i Sparebank 1 Lom og Skjåk».

På Facebook har fleire truga med å skifte bank, som følgje av at Vistekleiven sit i styret, og ikkje har tatt avstand til forslaget om å legge den vidaregåande skulen i Lom.

Read Entire Article