Tre moglege vegar til nye kreftbehandlingar

7 hours ago 2


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

– Fyrst testar vi metodane i laboratoriet, seier Athar Mahdieh. (Foto: Privat)

Kan legemidla fraktast rett til svulsten og verka berre der, kan pasientane unngå belastande behandling som verkar på heile kroppen og gjev biverknadar.

Den vanlegaste forma for behandling av kreft er cellegift. Fordi gifta verkar på alle cellene i kroppen, ikkje berre kreftcellene, får pasientane ofte biverknadar som nedsett immunforsvar, kvalme, diaré og slappheit.

Derfor er interessa stor for å finna alternativ til dagens cellegiftbehandling. 

Ein moglegheit er å bruka såkalla nanotransportørar til å frakta legemidla til kreftsvulsten og ikkje frigjera dei før dei er der dei skal verka.

– Ein del stoff som kan verka på kreftceller, har den ulempa at dei lett let seg bryta ned i kroppen. Dermed vert dei skilde ut av kroppen før dei får sjansen til å verka, seier forskar Athar Mahdieh ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Raskt brote ned i kroppen

Mahdieh har studert tre ulike tilnærmingar til bruk av nanotransportørar. Metodane er testa fyrst i laboratoriet og deretter på mus.

– I den fyrste studien brukte vi eit planteekstrakt. Mange planteekstrakt har eigenskapar som verkar mot kreft, så vi brukte nanotransportørar til å frakta ekstraktet til svulsten, forklarar ho.

– Den neste studien gjekk ut på å frakta 5-fluorouracil til kreften. 5-fluorouracil er svært giftig, så du ynskjer ikkje meir av det rundt i kroppen enn nødvendig. Samstundes vert det raskt brote ned i kroppen, så ein må tilføra desto meir for at det skal ha effekt.

Til sist brukte dei nanotransportørar til å frakta siRNA. Det er små bitar av RNA som skal hindre aktiviteten til eit gen som heiter STAT3 og som stimulerer cellevekst i svulsten.

Overrepresenterte i kreftceller

– Alle tre viste seg å vera effektive sjølv om vi varierte designen av studiane noko. I den fyrste vart musene påførte hudkreft, medan det var brystkreft i dei to neste, fortel Mahdieh.

– I ein studie målte vi volumet av svulsten, medan i ein annan målte vi fordelinga av nanotransportørane i kroppen til musa. Vi undersøkte òg nivået i blodet av visse enzym som kan seia oss noko om biverknadane.

Ho fortel at dei heile tida utvikla metodane.

– I den fyrste studien brukte vi til dømes nanotransportørane åleine. I dei to neste knytte vi dei til ligandar som hyaluronsyre og folsyre, seier Mahdieh.

Ligandar er molekyl som bind seg til ein bestemt mottakarstad på cellemembranen. 

– Reseptorane som ligandarne våre festar seg til, er overrepresenterte i kreftceller. Dermed finn nanotransportørane med verkestoffet lettare vegen til rett stad. 

Referanse:

Athar Mahdieh: Synthesis and Characterization of Nanocarriers for Drug and Gene Delivery to Cancer Cells. Doktoravhandling ved UiO, 2024. Samandrag.

Mahdieh disputerer for doktorgraden sin 18. oktober.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article