Du ser «2025» i kalenderen og blir nostalgisk over at tida går fortare for kvart år.
Januar, derimot, er uoffisielt kåra til den treigaste månaden i året.
Sosiale medium blir fylt opp av artige bilde for å illustrere kor langdryg januar er, sjølv om månaden har like mange dagar som andre.
Du kjenner kanskje igjen denne:
Kjenner lettare på «blues»
Psykolog Per Einar Binder påpeikar tidleg at januar ikkje er verdas lengste månad. Tenk berre på Australia kor det akkurat no er midt i sommarferien.
– Tida flyr nok på den kanten. Så dette kan ha noko med vinter og stemning på våre kantar å gjere, meiner Binder.
Men ein ting som kan forklare kvifor vi på andre sida føler januar som lang, er mørke.
Sjølv om vi er overlatne til spekulasjon, seier Binder.
– Det gjer at vi lettare kjenner «blues», trøyttleik og mørkare kjensler. Vi begynner å bli utolmodige på at det skal bli lysare. Når vi går i ventemodus, kjennest tida meir langsam.
Eit raskare liv på autopilot
Forsking har vist at folk føler både jul og ramadan kjem «fortare år for år». Og det forskarane meiner er hovudårsaka til det, er rutinar.
Altså at jo meir rutinefylte liv vi lever, jo fortare har det gått når ein ser tilbake på det.
Men ved å bryte opp rutinane, og utsette seg sjølv for nye minner og opplevingar, kan ein strekke ut oppfatninga av tid.
– Desse periodane opplevast også som lengre når vi ser tilbake på dei. Når vi berre henger på med rutineoppgåver og handlar på autopilot, så verkar desse tidsromma kortare i etterkant, seier Binder.
For nokre kan det derfor ha noko å seie at det tar litt tid å kome seg inn i rutinane i januar.
Det seier spesialist i klinisk vaksenpsykologi, Bodil Lindgaard på Psykologsenteret i Bodø.
Innstillinga di er viktig
Ho fortel at kontrasten mellom desember og januar også speler inn.
– Det er ein høgtid inni desember og ein del fridagar. Det er med på å gjere månaden meir innhaldsrik. Så kjem januar og det er eit nytt år.
Og det koplar folk gjerne til forventningar om at noko skal skje. Ein skal ta tak i, eller endre, ting.
– Og så er januar som alle andre månader. Måndag er måndag og tysdag er tysdag, seier ho.
– Og så er det på ei årstid kor ein er midt i vinteren.
Det ligg også noko i uttrykket: Tida flyr når du har det gøy.
– Når vi driv med noko som krev merksemda vår på ein positiv måte, så vil tidsaspektet forsvinne veldig.
Men det som kanskje har mest å seie er vårt eige fokus. Ein idé eller forventing om at «no kjem denne månaden som er lang og tung» vil også bidra til å gjere den nettopp det.
– Vi vil nok bli litt farga av denne oppfatninga, så vi legg meir merke til ting som stadfester det. Vi begynner å legge merke til ting som stadfestar vår tru.
Dette kan hjelpe
Binder påpeikar også at innstillinga vår har noko å seie.
– «Bør» vi omfamne at januar går litt saktare, eller finst det nokre tips til korleis ein kan få fortgang på månaden om ein ønsker det?
– Det finst løysingar, men då endar vi opp med eit paradoks. Skal du få januar til å gå fort, så må du la januar bli ein månad som det ikkje hastar å bli ferdig med, seier han.
Det kan du gjere slik:
- Gi deg tid til aktivitetar som du blir oppslukt av, og ikkje berre sure plikter.
- Ta omsyn til lysbehovet ditt. Dosar godt på med mykje lys om morgonen.
– Om du ikkje får til det, er det ingen krise. Du kan også gå for å omfamne langsamheita og ventetida, og nye kontrasten når sola og varmen er tilbake, seier Binder.
Lindgaard tilrår også å:
- Utfordre deg sjølv på om du kan møte månaden på ein annan måte mentalt?
- Bryte månaden meir opp. Når vi bryt opp noko i mindre element, så verkar det ikkje så lenge.
– Kanskje ein kan legge inn nokre aktivitetar i midten av veka, noko å sjå fram til. Så januar ikkje blir samanhengande, men meir delt opp.
Publisert 12.01.2025, kl. 12.30