Kan ta NM-gull i «feil» idrett: – Eg angrar

14 hours ago 1


– Det skulle eg absolutt.

Svaret kjem kontant frå 31 år gamle Benjamin Boujar frå Kristiansand. Spørsmålet vi har stilt, er om han eigentleg kunne tenke seg å vore ein heilt annan plass enn i NM-finalen i Functional fitness.

NRK møter han på crossfit-senteret i Nydalen i Oslo.

Som ein røyskatt angrip han tauet og ålar seg opp frå golvet til takbjelken i eit rasande tempo. Før vi rekk å snu oss iler han og team-kompis Andreas Timenes (24) over golvet opp ned. Dei flytta seg i eit forrykande tempo med all kroppsvekta på hendene.

Det er rå muskelkraft, kombinert med kondisjon og høg intensitet.

Det er på mange måtar blitt den nye heimen hans. To gonger om dagen – fem av sju dagar i veka – er han her. Øktene kan variere frå to og ein halv time og opp til tre timar.

For få veker sidan gjekk han og laget hans heilt til topps i den prestisjetunge turneringa French Throwdown. Meisterskapet er å rekne som eit EM i crossfit.

– At vi kom ut med gullmedalje, var vi veldig nøgd med. Det var eit av måla i år å kome høgt på den, fortel han med stor livsgnist i augo.

Men vegen dit har ikkje berre vore enkel. For det er eigentleg ikkje dette som er lidenskapen hans. Draumen var å bli best i ein heilt annan idrett.

Smertefull debut

Vi må tilbake til starten av 2000-talet og Boujar har starta i 2. klasse heime i Kristiansand.

– Ingen ville stå i mål på den tida. Alle ville vere Ronaldo og Messi. Så dumme meg tar på meg hanskane og står i mål. Eg har stått i mål sidan andre klasse, seier han og ler.

Karrieren starta i 2.-divisjonsklubben Vindbjart. Ein solid jobb bak stengene gjorde at den då 22-år gamle sørlendingen vart henta til Start før 2017-sesongen.

En gruppe menn som spiller fotball

MÅL: Benjamin Boujar vaktar buret for Start i møte mot Åsane tilbake i 2017. Ein kamp sørlendingane vann 4–0.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Trass at Start fekk ein opptur og rykka opp til eliteserien året etter, så vart det ikkje same opptur for Boujar.

Debuten enda med 1–6 tap for Vålerenga og terningkast ein på VG sin spelarbørs.

Etter to sesongar i Jerv måtte den då 27 år gamle sørlendingen ta eit av sine tøffaste val. Skulle han reise til ein annan klubb og starte på nytt eller skulle han gjere som andre å få seg ein jobb og eit liv?

– Ja, det synst eg var tøft, for eg har drevet med fotball heile livet. Og det var liksom det eg ville bli. Man ville liksom bli best.

Du føler at du kan spele på det nivået, du har vist det før, men du får ikkje til. Eller du får ikkje lov.

Får aldri svar

Det spontane valet han tok som 27-åring med å legge keeperhanskane på hylla, verkar ikkje lenger like fornuftig som det var for fire år sidan.

Tunge vekter

CROSSFIT: 31-åringen bytta ut fotball med crossfit.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

– Det angra eg eigentleg litt på no. For eg kjenner jo fysisk at eg kunne heldt på lenger. Dei eldste keeperane er ofte dei beste, ikkje sant?

Dei siste åra har desse tankane meldt seg oftare og oftare. Han er blitt meir vaksen i hovudet og har fått meir rutine.

– Eg har tenkt sånn; Faen, eg skulle spelt litt til. Eg skulle heldt på litt til, berre for å sjå.

– Det var eit val eg tok der og då, som eg må stå inne for. Men det var tøft å legge opp.

Og det som plagar han mest av alt, er at han no aldri vil få svar på kor god han kunne blitt.

  • et par menn i en bryterring

    Benjamin og Andreas ladar opp til NM-veka i Stavanger

    Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK
  • En gruppe menn i et treningsstudio

    Benjamin og Andreas står på hendene

    Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK
  • en person i et treningsstudio

    Det blir mange timar med tunge vekter på trening

    Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK
  • Klatrer som to røyskattar

    Styrke og kondisjon er viktig i crossfit

    Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK
  • en mann som løfter vekter

    Benjamin har økter på opp til tre timar om gangen

    Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK
  • på treningssykkel

    Benjamin klar for ei økt på sykkelen

    Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

– Det er ikkje noko som held meg tilbake. Skade, fysikk eller lysten, liksom. Så viss eg hadde heldt på enno, då hadde eg fått fem år til på baken og kunne kanskje spelt fast i eliteserien eller kanskje ute i Europa no. Det var på ein måte draumen, seier han tankefullt og legg til:

– Det sitt litt inne at eg faktisk valte å slutte. Det gjere det.

Sjølvtilliten har han likevel tatt med seg. Han meiner at han ser ut som ein 19-åring og føler seg ekstremt «fresh». Men å ikle seg keeperhanskane på nytt er ikkje aktuelt.

– Eg kan ikkje byrje igjen no. Det hadde blitt for dumt.

Ville bruke fysikken

27 år gamal stod han der brått utan lenger å ha ein klar draum. Han hadde ingen utdanning og heller ingen jobb.

en mann med armene i kors

ANGRAR: Benjamin Boujar angrar på at han gav seg som fotballmålvakt som 27-åring.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

– Skal eg berre kaste vekk alle dei åra med trening, eller skal eg bruke det på noko anna?

Svaret falt naturleg. Vegen attende til treningsrommet var ikkje veldig lang.

– Eg trenar mykje styrke og kondisjon, som eg har gjort litt i fotballen. Så det var ein naturleg overgang.

Det viste seg raskt at fotballpensjonisten hadde eit talent innan crossfit. Timane på treningssenteret vart stadig hyppigare. På same tid starta han på utdanninga som fengselsbetjent.

– Skada kanskje ikkje å vere litt sterk i det yrket?

– Ja, det er mange som trur det er mykje fysikk, men det er mykje kommunikasjon òg. Den viktigaste eigenskapen du har i fengsel er å prate, understrekar Boujar.

Men han legg raskt til;

– Om det brenn på dass og det er heilt krise, så blir eg ringt opp og spurt om eg kan kome og hjelpe.

Ein viktig ting har han uansett tatt med seg frå fotballen, og det er lagkjensla.

For det er som lag det norske har etablert seg i verdstoppen.

– Når vi går team, så kan man spele meir. Du må vere god på teamwork og du må ha god kommunikasjon og bruke styrkane til kvarandre. Det er difor vi gjere det veldig bra i verda og Europa.

NM-veka kan du sjå på NRK1 laurdag frå 19:45 og søndag 20:00.

to menn i svarte skjorter

Andreas og Benjamin stiller på same lag i NM-veka.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

Warholm smadret konkurrentene 00:45

Publisert 14.06.2025, kl. 06.31

Read Entire Article