Taxisjåfør fortvilar: Har éin hurtigladarar i mils omkrins – den er i ustand

1 day ago 7


På Stadlandet ytst i Nordfjord er nærmaste ladepunkt er ein 50 minutt køyretur unna.

– Det som er spennande er om bilen stoppar før eg er ferdig med dagen. Det er ikkje lademoglegheiter her ute lenger, seier taxisjåfør Vigdis Bakkebø.

Tidlegare hadde Stadlandet to hurtigladarar. Den eine i Selje og den andre på Leikanger.

Ved årsskiftet blei begge ladarane heilt øydelagde. Ladaren som står igjen gir opp til 22 kW.

Fleire ladestasjonar i Stad kommune er ute av drift. Ladestasjon på Leikander på Stadlandet.

Dette er synet som møter elbil-sjåførar som ønsker å hurtiglade i Leikanger på Stadlandet.

Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK

– Vi har to små uttak med 11 kW. Det vil ta åtte til 14 timar å lade bilen, alt ettersom kor lite straum du har, forklarer Bakkebø.

Mangelen på hurtigladarar betyr tapte taxiturar og inntekter for taxinæringa.

Taxinæringa står over ei omvending i overgangen til å bli grøn.

– Det er lite gjennomtenkt. Vi har store avstandar og turar som skal gå. Om vi har nok straum er noko vi heile tida må ha i bakhovudet.

Taxisjåfør Vigdis Bakkebø er fortvila over ladesituasjonen i kommunen.

Vigdis Bakkebø er oppgitt over situasjonen på Stadlandet.

Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK

Dei avgrensa lademoglegheitene går også ut over kundane.

– Dersom det kjem melding om omgåande hjelp på sjukehuset, og eg ikkje har nok straum på bilen, beklagar men då kan eg ikkje hjelpe til, fortel taxisjåføren.

135 km til nærmaste hurtigladar

Taxisjåføren er ikkje aleine om å måtte køyre langt til nærmaste hurtigladepunkt.

I Finnmark kan du risikere å måtte køyre over 100 km til nærmaste hurtigladarstasjon.

Korleis står det til med hurtigladarar der du bur?

– Målet er å ha ein hurtigladar innan 100 km. Dette har kraftlaga i fylket i veldig stor grad fått til. Vi synest ladetilbodet viser ei god dekning.

Det opplyser styreleiar Gjermund Pleym Wik i Finnmark Elbilforening.

Ifølgje Wik er dekninga av hurtigladarar i fylket god nok, men kapasiteten per ladestasjon er avgrensa.

– Er det fleire enn to bilar blir det kø. Det er behov for fleire ladarar per ladestad, men alt treng ikkje å vere hurtigladarar.

Ein tredobla auke i hurtigladepunkt

Vestland Elbilforening ser også at det er utfordringar med dagens hurtigladesituasjon.

– Det er nokon kommunar som har for få ladestasjonar. Det må vi jobbe med framover, seier styreleiar i Vestland Elbilforening, Christine Ødegaard.

Tal frå Elbilforeningen viser korleis talet på hurtigladepunkt i Noreg har tredobla seg frå 2020 til 2024.

Likevel er det mange utkantkommunar som har få eller ingen hurtigladepunkt.

Om du skal hurtiglade elbilen din i Stad kommune må du til Nordfjordeid.

Det er ein 72,5 kilometer lang køyretur frå den øydelagde hurtigladaren på Leikanger.

Reiser du tre timar sørover til småbyen Førde, er avstandane mindre.

I Sunnfjord kommune er det totalt 13 hurtigladestasjonar med 83 uttak.

Situasjonen i Vestland er ikkje unik.

I Finnmark har sju av 18 kommunar berre ein hurtigladestasjon.

Frå Berlevåg er nærmaste hurtigladestasjon 135 km borte.

På Sørøya i Finnmark er nærmaste hurtigladestasjon ein ferjetur unna.

Innbyggarane på Sørvær må belage seg på ein 67,5 km lang reise til hurtigladaren i Øksfjord.

– Det er ikkje lønnsamt eller økonomisk berekraftig for kommersielle ladeoperatørar å stå for heile finansieringa av ladeanlegg på lokasjonar med svært lite trafikk.

Det seier dagleg leiar i MER Noreg, Nicholai Jørgensen.

 Ladestasjon på Leikander på Stadlandet.

Ladestasjonen på Leikanger har to uttak som gir opp til 22 kW. Hurtigladaren er ute av drift.

Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK

MER var ansvarleg for hurtigladestasjonane på Leikanger og i Selje.

Denne avtalen opphøyrde ved nyåret.

– Ved årsskiftet opplevde vi totalhavari på hurtigladarane. Det var så omfattande at dei ikkje har latt seg reparere. Her må det investerast i nye ladarar, opplyser Jørgensen.

Stad kommune skildrar ladepunkta på Stadlandet som «defekte».

Kommunen kjem ikkje til å sette opp nye hurtigladarar sjølv, men er positiv til kommersielle aktørar som vil etablere seg.

Stengd hurtigladar på Leikanger

Den defekte hurtigladestasjonen er teipa igjen.

Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK

Venstrepolitikar Alfred Jens Bjørlo, har løfta problematikken med ladeutfordringane i distrikta til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

– Ladeinfrastrukturen mange stader er fråverande. I ytre del av Stad kommune er den einaste ladestasjonen fjerna. Kommune og offentleg eigde selskap skuldar på kvarandre og driv «peikeleiken».

Det skriv Bjørlo i eit skriftleg spørsmål til samferdselsministeren.

– Vi går ein utfordrande sommar i møte

Taxisjåfør Vigdis Bakkebø på Stad, er spent på korleis sommarsesongen vil bli, utan ein hurtigladar i nærleiken.

– Dette er eit veldig attraktivt ferieområde, med mange cruiseturistar. Fleire og fleire av sommarturistane som kjem køyrande har elbilar. Så står dei her og kjem seg ikkje bort igjen.

Det er ikkje berre taxisjåføren som er spent fram mot sommaren.

Personalet på Stad Hotell har også opplevd utfordringar knytt til ladesituasjonen.

– Eg trur vi går ein veldig utfordrande sommar i møte. Vi prøver å bygge destinasjonen rundt oss, men så stoppar det fordi folk ikkje får kraft.

Det seier marknadsansvarleg ved Stad Hotell, Marita Ervik.

Marknadsansvarleg Stad Hotell, Marita Ervik.

Marita Ervik får ofte spørsmål om kor nærmaste hurtigladar på Stadlandet er.

Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK

Publisert 24.03.2025, kl. 05.12

Read Entire Article