Tagga på Nidarosdomen – dømt til tvungen behandling

1 month ago 12


8. april tok tiltalte med seg oransje spraymåling og drog til Nidarosdomen.

Her brukte han spraymålinga til å formidle fleire bodskapar på dørene og steinveggane.

På besøkssenteret spraya han «Hitler» på glasveggen, forutan sitt eige, fulle namn.

– Det var for å provosere. Eg er ikkje nazist. Eg er sosialdemokrat, sa tiltalte i retten.

26 lovbrot i løpet av to månader

I mars og april i år fekk operasjonssentralen i Trøndelag politidistrikt mange meldingar frå publikum som galdt tiltalte:

Utagerande og skremmande framferd, mindre skadeverk og nokre butikktjuveri i Trondheim.

Tagging på Nidarosdomen

Besøkssenteret ved Nidarosdomen vart også utsett for skadeverk av tiltalte.

Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK

Han erkjente straffskuld for den omfattande tiltalen.

Om kvifor han gjorde det, svarte han i retten:

– Det var eit rop om hjelp.

Sakkunnige: Psykoseliding

Tiltalte i slutten av 40-åra var innlagd åtte gonger frå januar til juni i år med mistanke om psykose.

Men etter få dagar vart han utskriven utan behandling.

Også i 2022 skjedde det same.

Dei rettspsykiatrisk sakkunnige konkluderte med at tiltalte har ei psykoseliding som han no er tvangsinnlagd for.

Dei meiner tiltalte ikkje skjønar han er sjuk.

Aktor, statsadvokat Jarle Wikdahl, la ned påstand om at tiltalte må dømast til tvungent psykisk helsevern.

Forsvarer Frode Wisth bad om at tiltalte må frtinnast i straffesaka og meinte at vilkåra for dom på tvungent vern ikkje er oppfylte. Wisth viste tikl at behandlinga klienten får no fungerer og at utsiktene til betrnig er gode.

Ødelagt jødisk gravplass.

Fire dagar etter skadeverket på Nidarosdomen knuste tiltalte ei Davidstjerne på ein jødisk kyrkjegard.

Foto: Bilde hentet fra Facebook-profilen til Sophie Bodd Jenssen

Vil ikkje slutte med rus

Dei siste åra byrja tiltalte å ruse seg på cannabis og amfetamin, forutan alkohol.

Dei sakkunnige meinte det er viktig at tiltalte ikkje ruser seg på nytt sjølv om han med tida kan få bu utanfor institusjon.

På spørsmål frå retten om han kjem til å følgje råda, svarte tiltalte:

– Nei, eg må jo vere ærleg. Eg kan ikkje sitte her og lyge. Eg kjem nok til å ruse meg igjen, sa tiltalte.

Fare for nye straffbare handlingar

Trøndelag tingrett viser til at tiltalte no er tvangsinnlagd og får behandling.
Men han kan teoretisk når som helst bli utskriven av dei som behandlar han.

Risikoen for at tiltalte då ruser seg på nytt og sluttar å ta antipsykotiske medisinar er til stades, meiner dei sakkunnige.

Med ein dom på tvungen behandling kan ikkje slik utskriving skje utan at påtalemakta blir høyrd.

Også omsynet til samfunnet og fare for nye straffbare handlingar, gjer at tiltalte må dømast til tvungent vern, meiner retten.

En person i vernedrakt har startet arbeidet med å vaske bort tagging fra veggen på Nidarosdomen i Trondheim.

Arbeidet med å fjerne målinga starta raskt for å avgrense skadane på mellomaldersteinen. Kostnadene kom på 100.000 tusen kroner.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Umogeleg å fjerne all målinga

Nidarosdomen er eit freda kulturminne. Bygginga av steinkyrkja starta på midten av 1100-talet. Etter mange brannar i mellomalderen måtte kyrkja fornyast og delvis byggast på nytt.

Mange av steinane stammar frå mellomalderen. Nokre av dei vart skadde som følgje av hærverket.

– Derfor var det viktig å freiste å avgrense skadane ved å raskt freiste å fjerne målinga.

Det sa Rune Langås ved Nidaros Restaureringsarbeider som vitna i retten.

Men steinen var ujamn og porøs så det var umogeleg å få bort alt utan å skade steinen, fortalde Langås.

Tiltalte må også betale erstatning på dryge 50 000 kroner for skader på bilar og ein flaskeautomat.

Publisert 09.10.2024, kl. 12.15

Read Entire Article