Stortingspolitikar ber Støre trekke seg

1 day ago 4


Arbeidarpartiet har komme dårleg ut på dei siste målingane, med oppslutning på 17 prosent. No meiner fleire tillitsvalde i partiet at Jonas Gahr Støre må bytast ut.

NRK har snakka med fleire enn 25 sentrale kjelder i partiet, som har stadfesta at det held på samtalar om leiinga til Støre. Også TV 2 skreiv om saka tidlegare i dag.

Til no er det ingen av leiarane i partiet som har sagt rett ut at dei vil ha inn ein ny partileiar i Ap.

Bør behandlast internt

Stortingsrepresentant Nils O. Foshaug frå Troms seier spørsmål om leiinga til Ap burde behandlast internt i partiet og meiner lekkasjar sjeldan fører fram.

Han vil ikkje svare på om han har tillit til Støre.

– Min tillit til partileiar Støre seier eg til partiet og til Støre direkte når det høyrer seg, seier han til NRK.

Tromsø-ordførar Gunnar Wilhelmsen seier til NRK at det er ikkje er opp til han som ordførar å kommentere tilliten til partileiar Støre.

– Dette overlèt eg til sentrale personar i partiet.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner statsministeren gjer ein trygg og solid jobb.

– Han er veldig pliktoppfyllande. Det er ikkje naturleg for meg å kommentere Ap. Som statsminister er han god, seier Vedum til NRK.

Nødvendig med eit skifte

Stortingsrepresentant for Østfold sidan 2013, Stein Erik Lauvås, seier til Aftenposten:

– Me har sett ei utvikling over tid der det har gått nedover, det er eit faktum. Eg har stor respekt for Jonas og den jobben han har stått i mange år. Men når alt kjem til alt, meiner eg vi er der no at det er nødvendig med eit leiarskifte og at Støre trekker seg.

Til Aftenposten seier Lauvås til at det vil vere bra med eit skifte i partiet, også organisatorisk. Han meiner altså at partisekretær Kjersti Stenseng trekker seg.

Kven som kan erstatte Støre har Lauvås derimot ikkje tankar om enno.

Verken Stenseng eller Lauvås har svara NRK om saka.

Arbeidarpartiet i krise

Samtalane om Støre-leiinga har i hovudsak gått føre seg på eit høgare nivå innan i Arbeidarpartiet og i fagrørsla. Fleire har uttrykt misnøye med leiinga til Støre og bekymring for den dårlege oppslutninga til partiet.

Tidlegare statsråd Anette Trettebergstuen, som sit i Aps sentralstyre, uttalte seg kritisk etter nominasjonsmøta i helga:

– Arbeidarpartiet er i djup krise. Det bør leiaren snart sjå og seia, skreiv ho på Facebook.

Publisert 02.12.2024, kl. 18.39 Oppdatert 02.12.2024, kl. 18.40

Read Entire Article