Stortalentet blir nekta start i Noreg: – Veldig useriøst

2 hours ago 2


– Eg synest absolutt at opningsrennet bør vere ein arena for dei beste juniorane i landet, konkluderer NRKs langrennsekspert Martin Johnsrud Sundby.

For akkurat nå må ein vere seniorløpar for å gå Beitosprinten, men slik har det ikkje alltid vore – og slik er det ikkje i nabolandet.

For der gjekk 19 år gamle Milla Grosberghaugen Andreassen fredag og laurdag saman med stjerner som Frida Karlsson, Ebba Andersson og Jonna Sundling.

– Veldig useriøst

Sundby trekker sjølv fram at han blei inspirert og motivert av å prøve seg mot eliten som juniorløpar. Han hadde ein av sine beste opplevingar da han som junior på sisteåret fekk måle seg mot Frode Estil.

– Sjå på Jakob Ingebrigtsen, kor gammal var guten da han begynte å herje med verdseliten? Du kan ikkje seie at han ikkje skal få springe mot dei beste i verda, når han openbert held nivået.

Martin Johnsrud Sundby er NRKs nye langrennsekspert.

NRKs ekspert: Tidlegare verdsmeister på 15 kilometer klassisk, Martin Johnsrud Sundby.

Foto: Fredrik Saltbones / NRK

Han meiner utøvarane blir tatt frå store idrettsopplevingar når dei ikkje får delta, sjølv om dei held nivået og kan hevde seg blant dei beste.

– Eg skjønner på ingen måte argumentasjonen om at ein ikkje skal matche varsamt. Det synest eg blir å ta utøvarar veldig useriøst, seier Sundby.

– Det synest eg var ein useriøs kommentar. Dette er noko som Ski-Noreg, norsk idrettspolitikk saman med trenarar og andre fagfolk har brukt veldig mykje tid på, svarer norsk landslagssjef Ulf Morten Aune til NRK.

NM på ski 2024

NORSK LANDSLAGSSJEF: Ulf Morten Aune

Foto: Terje Pedersen / NTB

Han har stor forståing for at det er frustrasjon blant enkelte juniorar, men meiner dei har eit ansvar for å matche dei varsamt.

– Det er gjort ei veldig stor undersøking som er skrive om i Sverige om det å matche utøvarar tidleg i veldig mange idrettar. Der er konklusjonen overtydelege, hevdar Aune.

– Det gjer oss forbanna!

Andreassen er nå i nettopp Sverige for å opne sesongen.

– Det gjer oss forbanna! Eg synest det er veldig unødvendig, seier pappa Ola Andreassen om regelen som gjer at ingen juniorar får delta på Beitostølen.

Han gav først uttrykk for frustrasjonen i svenske Expressen.

– Eg tenker at viss du er god nok, så er du gammal nok. Det bør gjelde her òg. Eg registrerer at overgangen frå junior- til seniorløp er stor. Da handlar det om å få prøve å matche seg med dei beste i nokre løp. Det bør vere langt innanfor, seier Andreassen.

.

Skidor, Bruksvallsloppet, Damer Sprint

PÅ SVENSK SNØ: Milla Grosberghaugen Andreassen måtte til Bruksvallarna for å gå skirenn med eliteløparar denne helga.

Foto: BILDBYRÅN

Han set spørsmålsteikn ved reglane og stiller seg uforståande til at ho ikkje skal sleppe til i heimlandet.

– Eg synest det er veldig, veldig trist at vi eldre juniorar ikkje skal få teste oss mot seniorane på Beitostølen. Eg er veldig takksam for at eg får konkurrere her i staden, seier Milla Grosberghaugen Andreassen til svenskane.

Pappa Andreassen fortel at juniorane også må gå føre seg sjølv i Gålå neste helg. Han hevdar det var oppe på kretstinget om dei skulle få konkurrere saman der, men at det ikkje blei slik.

– Det er utruleg at dei ikkje får den moglegheita. Sjølv om Milla akkurat nå ikkje er på det nivået der ho kan kjempe om ein plass i verdscupen eller i VM, så handlar det om å teste nivået og sjå kva som skal til. Å verkeleg få matcha seg.

Johaug reagerer – igjen

Therese Johaug slo sjølv gjennom som juniorløpar på Beitostølen, og har tidlegare vore tydeleg på betydninga av å matche seg mot dei beste. Allereie for to år sidan meinte ho Skiforbundet burde sjå på regelboka.

Therese Johaug med NRKs Martin Johnsrud Sundby og Ida Nysæter Rasch etter seieren på Beitostølen

REAGERER: Therese Johaug. Her i intervju med NRK etter sigeren på Beitostølen, der ho gjerne skulle sett Andreassen i aksjon.

Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

Nå er veteranen – som vann rennet laurdag – enda ein gong oppgitt.

– Eg meiner skiforbundet må sjå på ei løysing for at juniorane skal få gå her, seier Johaug til NRK.

– Eg var så heldig å få gå her da eg var junior, og gjekk inn til ein 4. plass som gav meg vanvitig mykje motivasjon og inspirasjon. Vi har plass til juniorar på start.

  • Johaug og resten av den norske senioreliten går 10 kilometer fri teknikk på Beitostølen søndag. Du kan følge rennet på NRK1 frå klokka 11.05.

Her blir han dytta av bommen: – Skandale 00:48

Publisert 23.11.2024, kl. 22.25

Read Entire Article