Støre gjorde mediestunt som fiskehandlar – kan bety millionar for Noreg

5 hours ago 7


I starten av september dukka det opp ein ny yndling på nett i Kina.

Ein kvithåra norsk mann som serverte norsk laks og anna sjømat til kinesarar på handletur: Jonas Gahr Støre.

Plutseleg vart Noregs statsminister kalla «Shoppinginfluenser» av internasjonale nettaviser.

Stuntet kan bety millionar av kronar i kassa for Noreg, ifølge Norges Sjømatråd.

Men fiskarane som fiskar fisken vil ikkje sjå mykje til pengane, meiner Noregs fiskarlag.

Ein jordnær statsleiar

Det er ikkje uvanleg at statsministrar besøker Kina.

Veka før Støre kom var ein delegasjon frå over 10 afrikanske land på besøk i Beijing. Same dag som Kinas president Xi tok imot støre var også Spanias statsminister der.

Men besøket frå den norske statsministeren var mykje meir uforgløymeleg enn dei andre, ifølge Noregs Sjømatråd.

To veker etter besøket er det nemleg registrert over 280 oppslag i kinesiske medium om norsk sjømat, ifølge Noregs Sjømatråd. Det heidrar dei Støre for.

Statsminister Jonas Gahr Støre får omvidning i ferskvaredisken på kinesisk butikk.

Foto: Norges Sjømatråd

– Dette visste vi at ville fungere, men effekten blei endå betre enn kva vi hadde drøymt om, seier Sigmund Bjørgo, Norges sjømatråd sin utsending til Kina.

Noregs Sjømatråd hevdar Støre sitt besøk har hatt ein medieverdi på 19 millionar kronar.

Så kva var det dei likte så godt med nettopp Støre?

Bjørgo i Norges Sjømatråd meiner det kinesarane beundrar Støre for er at han er jordnær, folkeleg og gir av seg sjølv.

Helgas hovudoppslag i avisa «Yicai» var til dømes: «Noregs statsminister forvandla seg til ein fiskehandlar»

Støre: – Viktig del av jobben min

Og statsministeren skjemmes ikkje for å vere kjent som fiskehandlar i Kina.

– Det var hyggeleg å sjå at dei kinesiske kundane eg møtte i Kina sat pris på den norske sjømaten, seier Støre til NRK.

Fiskehandler Støre ble viral hit i Kina. Jonas Gahr Støre har på seg forkle over dressen og deler ut smaksprøver med norsk fisk midt i et stort mediekorps at kinesisk og internasjonal presse.

Foto: Norges Sjømatråd

Han seier sjømat er ein svært viktig eksportnæring for Noreg, og at stuntet var viktig fordi Kina er ein av dei aller viktigaste marknadane for norsk sjømateksport.

– Det er ein næring som skaper arbeidsplassar langs hele kysten vår. Som statsminister er det ein viktig del av jobben min å fremje norsk næringsliv i utlandet, seier han.

Kan gjere sjømat dyrare i Noreg

Men kva var poenget med det heile?

I Noreg er det fastsette kvotar for kor mykje ein kan fiske opp eller opptredde av ulike fiskesortar. Det blir ikkje justert om fleire kinesarar får augo opp for norsk sjømat.

Statsminister Jonas Gahr Støre får omvidning i ferskvaredisken på kinesisk butikk.

Foto: Norges Sjømatråd

– Men det er veldig viktig å marknadsføre likevel, seier Bjørgo i Norges sjømatråd.

– Når etterspurnaden aukar, aukar prisen og då også verdiskapinga i Noreg.

Om etterspurnaden av norsk sjømat er større enn frå andre land, vil kjøpmenn og forbrukarar vere villig til å betale meir, forklarar utsendingen.

Makrell

Til no er laks den største eksportvara til Kina. Men dei jobbar òg med å eksportere makrell og fryste reker frå Noreg. No antar Bjørgo at 10.000 tonn norsk makrell bli ete i Kina.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal NRK

– Gjer dette at det kan bli dyrare for oss å ete eigen fisk?

– Det kan det bli. Sjømat er et global vare. Men under 5 prosent av den norske fiskeproduksjonen blir spist i Noreg, 95 prosent blir eksport. Då tenkjer eg at verdien av eksportmarknaden er det klart viktigaste, seier Bjørgo i Noregs Sjømatråd.

NHO: – Kan opne dører

Havbruk og sjømat er ein berebjelke i mange av lokalsamfunna langs kysten, ifølge Hans Christian Kaurin Hansson, Regiondirektør i NHO Nordland.

– Det blir eksportert for milliardverdiar berre frå Nordland til Kina. At disse marknadane blir styrka er viktig, seier han og peiker på at Nordland er i noregstoppen på sjømateksport.

 Hans Christian Kaurin Hansson, regiondirektør i NHO Nordland, står på en stor veranda med grønne vekster. I bakgrunnen synes deler av Bodø. Hansson har brunt hår, kort skjegg, hvit dressjakke og stripete skjorte.

Hans Christian Kaurin Hansson, regiondirektør i NHO Nordland, seier at Støres besøk i Kina kan bli ein viktig døropnar og stabilisator for sjømatbedriftene langs kysten.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

– Når Støre set norsk laks på menyen i Kina på denne måten kan det vere med å opne dører i eit veldig viktig marknad.

Samstundes seier han at det hjelper lite om bedriftene ikkje har gode nok forhold. Det viktigaste, ifølgeNHO-direktøren er føreseielegheit og ein berekraftig skattebyrde for sjømatbedriftene.

Et av Cermaqs oppdrettsanlegg i Nordland.

NHO nordland organiserer nær 200 verksemder med meir enn 4400 årsverk i sjømatnæringa. Regiondirektøren seier at ringverknadene næringa skaper er betydelege.

Foto: Cermaq

– Vil oppdrettarane i nordland få meir romsleg økonomi etter at Støre har vore fiskehandlar i Kina?

– Norsk sjømat er allereie veldig populært. Om dette initiativet vil bidra til enno meir klingande mynt i næringa veit vi ikkje, men å sikre stabilitet i eksporten gjennom at norsk sjømat blir fremme i utlandet er flott.

Vil ikkje påverke fiskarane

Hanne Fagertun er leiar for Nord Fiskarlag under Noregs Fiskarlag som organiserer både einefiskarar, lottakarar og fiskebåtreiarar.

Ho trur òg at Støres stunt kan ha noko å seie for eksportleddet og landindustrien i norsk fiskeri.

Hanne Fagertun Daglig leder i Nordland fylkes fiskarlag.

Hanne Fagertun, leiar for Nord Fiskarlag, seier fiskarane ikkje vil merke Støre sitt stunt på lommeboka.

Foto: Norges Fiskarlag

– Men vil det drype noko på den som faktisk fiskar fisken?

– Nei, eg kan ikkje sjå korleis det kan ha nokon påverknad på til dømes ein nordnorsk fiskar.

Det er nemleg allereie dårlege tider i norsk fiskeri. Kvoten er låg, og fleire stader slit med å få fatt i fisken.

– Alle balanserer på ein liten knivsegg nett no.

Fersk torsk i et kar på kaia på Røst.

Mellom anna på dei ytste øyane i Lofoten, Værøy og Røst, slit dei som lagar tørrfisk med å få tak i fisk. Ofte må dei kjøpe frå fiskeri lenger nord. Då blir sluttprisen på tørrfisken dyrare.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Fagertun fortel at dei som eksporterer tørrfisk til dømes i Lofoten ofte må få frakta fisken frå lenger nord i landet på trailer. Tidlegare fiska dei han i havet utanfor.

– Slik prisane er no går det ned i det store dragsuget med å halde nesa over vatnet.

Fagertun og legg til:

– Fordi det er dårlege tider i fiskerinæringa, er dette ein positiv sak, men eg tviler på at det eigentleg vil ha så mykje å seie.

Publisert 05.10.2024, kl. 19.36 Oppdatert 05.10.2024, kl. 19.37

Read Entire Article