Stor auke hos fleire overgrepsmottak

1 week ago 10


– Vi har hatt ein svært stor oppgang, seier Lin Hjelmeland Finjord, sjukepleiar ved overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane.

Ho viser veg inn i mottaket i Førde, der det tidvis har vore svært hektisk det siste året.

I starten av november er dei oppe i 68 saker, medan dei i heile fjor telte 54 saker.

Overgrepsmottaket i Førde. Sjukepleiar Lin Hjelmeland Finjord

I dei brune papirposane blir det som kan verte bevis i ei rettssak, lagt oppi før dei blir nøye merka. Men mottaka kan hjelpe med alt av helsehjelp i tillegg til å sikre spor, fortel sjukepleiar Lin Hjelmeland Finjord, sjukepleiar ved overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane.

Foto: Astrid S. Korsvoll / nrk

I nær heile region Vest, som Førde ligg under, har det også vore ein auke.

Halvparten av pasientane er under 18 år og flest jenter.

Kva den store auken skuldast er samansatt og ervanskeleg å slå fast, seier Hjelmeland Finjord.

Men mykje rus og dårleg psykisk helse hos fleire unge, kan spele inn.

At barn bruker internett som seksualopplysning, er ein annan årsak, trur ho.

Ho fortel at fleire av pasientane har merke etter kvelartak og vald.

72 prosent oppgang dei siste ti åra

Også i Drammen og i Oslo har dei større pågang enn i fjor.

Eline Thorleifsson, seksjonsoverlege ved overgrepsmottaket i hovudstaden, trur ikkje nødvendigvis oppgangen skuldast fleire seksuelle overgrep.

Ho trur betre kjennskap til mottaket, samt meir openheit om seksuelle overgrep i samfunnet, også kan spele inn.

Men jamt over har tala over heile landet gått feil veg.

Sidan 2013 og fram til 2023, har mottaka i Noreg hatt ein auke på 72 prosent.

Det syner tal frå Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM).

Utvikling, tal pasientar ved overgrepsmottaka

Tal pasientar ved overgrepsmottaka viser ei jamt stigande kurve, med ein dropp under koronapandemien.

Foto: Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin

Også ei større, nasjonal undersøking som kom ut i fjor, syner oppgang, både i vald, partnarvald og valdtekt.

1 av 5 kvinner fortalde at dei hadde blitt utsette for valdtekt.

Sist det blei gjort ein liknande undersøking i Noreg, var i 2014. Den gong fortalde 1 av 10 kvinner at dei hadde blitt valdtekne.

Ei årsak til den fjorårets auke, er at fjorårets undersøking også tok for seg sovevaldtekt, forklarar forskar Maria Teresa Grønning Dale, som leda undersøkinga.

– Men det er vanskeleg å slå fast årsaka til auken. Men uansett om den skuldast meir vald, eller auka bevisstgjering, så er det ingen tvil om at vi har ei utfordring. Tala er altfor høge, seier Grønning Dale.

Ikkje nødvendigvis meir overgrep i samfunnet

Samstundes er det også store mørketal.

Berre 1 av 10 som var utsett for ei valdtekt i fjor, var innom til medisinsk undersøking eller behandling, syner NKVTS sin befolkningsundersøking.

– Sidan det er så store mørketal, er det også vanskeleg å vite årsaka til oppgangen hos mottaka, seier forskar Dina Midttun i Norce.

Også kompetansesenteret mot seksuelle overgrep, Nok Sogn og Fjordane, ser ein oppgang i folk som tek kontakt.

Dagleg leiar Chatrine Elholm trur ikkje nødvendigvis dette skuldast fleire overgrep i samfunnet.

– Kampanjar som Metoo kan ha skapt ein bevisstheit og gjort fleire trygge på å seie ifrå, seier Elholm, og seier det er utruleg viktig å jobbe førebyggande for å lære born og unge om kropp og grenser.

Mange hugsar lite eller ingenting

Medan mange overgrepsmottak melder om auke, ligg mottaket i Bergen ligg bak fjoråret så langt med 174 pasientar.

I fjor hamna dei på totalt 197.

Her som elles i landet, er det flest unge jenter og kvinner som er pasientar.

Mange kjem etter å ha opplevd overgrep i samband med fest og uteliv, der ofte rus er involvert. Dei fleste gjerningsmannen frå før.

Overlege Eivind Damsgaard i Bergen, seier ein tredjedel av pasientane hugsar lite eller ingenting av overgrepet.

– Dei vaknar kanskje på eit hotellrom utan kle. Kanskje er dei litt såre i underlivet, men veit ikkje kvifor dei har hamna der dei er.

Eivind Damsgaard

– Mange kjenner på skuld når dei kjem hit fordi dei kanskje drakk for mykje, men vi tek imot dei med opne armar og hjelper dei uansett, seier overlege Eivind Damsgaard ved valdtektsmottaket i Bergen. Han seier det er viktig å kome så raskt som råd til mottaket etter eit overgrep.

Foto: Henrik Hauken / NRK

Uansett om personen ønskjer å ta saka vidare til politiet eller ikkje, så får vedkommande hjelp, presisere Damsgaard.

– Det kan også kome opp ting seinare som gjer at ein ønskjer å politimelde. Kanskje det plutseleg florerer ein video på sosiale medium av at nokon har sex med deg. Om ein då ønskjer å ta saka vidare, har vi sikra bevis, seier Damsgaard.

Publisert 12.11.2024, kl. 05.30

Read Entire Article