Statsministeren i Bangladesh går av etter store protestar

3 months ago 19


Hasina rømde palasset sitt i eit militærhelikopter på måndag, seier ei kjelde til AFP.

Hordar av protestantar har marsjert gjennom hovudstaden Dhaka og brote seg inn i palasset. Der er det no tusenvis av menneske, skriv den bangladeshiske avisa Prothom Alo Daily.

Dødelege demonstrasjonar

Protestane i Bangladesh dei siste vekene har vore blant dei mest valdelege sidan landet blei ein sjølvstendig stat for over 50 år sidan.

Dei starta som ein studentprotest mot eit omstridt kvotesystem for arbeidsplassar i den bangladeshiske administrasjonen, men utvikla seg raskt til å bli større og meir polariserte.

Publisert 05.08.2024, kl. 11.20 Oppdatert 05.08.2024, kl. 11.24

Read Entire Article