Vi oppdaterer saka.
Klokka 18 norsk tid gjekk britanes versjon av Oscar-utdelinga av stabelen.
Sean Penn vann pris for beste mannlege birolle for filmen «One Battle After Another», og Wunmi Mosaku vann prisen for beste kvinnelege birolle for filmen «Sinners».
Dermed brast gullhåpet for Stellan Skarsgård og Inga Ibsdotter Lilleaas.
Men «Affeksjonsverdi» kan framleis vinne i fleire kategoriar.
– For meg er det alltid litt skremmande med sånne arrangement, men no har eg møtt menneska bak dei andre store filmane fleire gonger, og da er det lettare å slappe av, sa Renate Reinsve til Associated Press like før seremonien.
Det har vore knytt stor spenning til «Affeksjonsverdi» før Bafta-utdelinga i kveld. Ingen annan norsk film har kome nære åtte nominasjonar tidlegare.
– Det er framleis ganske vilt. Det har ikkje gått heilt opp for meg, sa Inga Ibsdotter Lilleaas til nyheitsbyrået Associated Press.
Inga Ibsdotter Lilleaas vann ikkje prisen for beste kvinnelege birolle.
Foto: ReutersNRKs filmmeldar, Birger Vestmo, spådde at fire Bafta-prisar kunne vere innan rekkjevidde for «Affeksjonsverdi».
– Bafta-juryen har ei anna samansetting enn til døme Oscar-akademiet. Det er ein større andel europeiske filmskaparar med her.
«Affeksjonsverdi» er også nominert til beste internasjonale film. Her trur Vestmo at vi har ein reell sjanse.
Prinsen og prinsessa av Wales er i publikum, trass i at det stormar rundt den britiske kongefamilien etter arrestasjonen av Andrew Mountbatten-Windsor.
Det var usikkerheit knytt til om dei ville dukke opp grunna den spente situasjonen. Men prins William er presidenten av Bafta, og kom saman med kona, prinsesse Kate.
Det er også politioppbod på utsida av Royal Festival Hall i London, der utdelinga går føre seg.
Oppvarming til Oscars
Bafta-utdelinga er ei god oppvarming til Oscar-utdelinga i mars, og kan kanskje gi ein peikepinn på korleis filmen kjem til å gjere det under der, ifølge Vestmo.
Seremonien er sjølve høgdepunktet i perioden som i filmverda blir kalla Award Season, der mange prisutdelingar kjem etter kvarandre.
I januar vann Stellan Skarsgård pris for beste mannlege birolle under Golden Globes i Los Angeles.
Under European Film Awards i Berlin vann filmen heile seks prisar.
Før Oscar-utdelinga om tre veker har dei ni nominasjonar.
British Academy of Film and Television Arts (BAFTA) blir ofte omtalt som britane si Oscar-utdeling.
Akademiet blei etablert i 1947, og har 75-årsjubileum i år.
Målet er å heidre og framme kreative aktørar som har bidratt til å utvikle britisk film.
BBC Film har støtta «Affeksjonsverdi» økonomisk, noko som vekte oppsikt i det britiske filmmiljøet, ifølge det britiske filmmagasinet Screen Daily.
Kritikarane reagerte på at offentlege middel blei brukt på ein film som korkje hadde britisk regissør, britiske produksjonsselskap eller britiske historier.
Om det kjem til å spele inn på resultatet i kveld er uvisst, ifølge Vestmo.
Reinsve har fått ros for kjolane ho dukkar opp i. Bileta er frå Golden Globes og European Film Festival.
Andre sterke konkurrentar er mellom andre «One Battle After Another» med fjorten nominasjonar. «Sinners» har tretten og «Hamnet» og «Marty Supreme» har elleve. Filmen «Frankenstein» har åtte nominasjonar, som er likt med «Affeksjonsverdi».
Publisert 22.02.2026, kl. 17.17 Oppdatert 22.02.2026, kl. 19.59













English (US)