Slik førebur laksenæringa seg på eit amerikansk «tollsjokk»

2 hours ago 3


USAs nye president Donald Trump varslar tøffare handelshindringar og «grunntoll» på stort sett alle importerte varer.

Det byr på store utfordringar – men også moglegheiter – for den norske lakseindustrien, som har USA som sin største enkeltmarknad (EU-landa er samla sett større).

«Sjølv om det er litt tidleg å rope ulv, må alarmen gå. Det siste norsk sjømatnæring treng er auka toll», skriv Fiskeribladet på leiarplass.

Tusenvis av norske jobbar kan ryke, åtvarar Frode Rønning, som er redaktør i LO-tidsskriftet Fri Fagbevegelse.

Andre har gjort eit poeng av at Trumps «transaksjonelle natur» gir den norske regjeringa høve til å inngå gunstige, bilaterale avtalar med USA.

Åtte moglege konsekvensar av eit amerikansk «tollsjokk»

NRK har vore i kontakt med ei rekke lakseeksportørar for å «ta tempen» etter at Donald Trump vann valet sist veke.

Her er åtte moglege utfall dersom amerikanske myndigheiter gjer alvor av tøffare tollbarrierar.

En brønnbåt ligger ved to merder ute i havet. I bakgrunnen kan fjellene på Træna skimtes i det fjerne.

Proteksjonistiske tiltak på amerikansk side kan inkludere logistikkhindringar og auka kostnader på tollklareringar. Dette vil i sin tur påverke fortenesta til norske eksportørar.

Foto: Steffen Kalås

Tapte marknadsdelar

Høgare eksportkostnader kan gjere norsk sjømat mindre konkurransedyktig i den amerikanske marknaden. Kundar kan velje rimelegare alternativ frå USA eller andre land med lågare tollsatsar, for eksempel Canada eller Chile.

Færre sysselsette

Mindre eksportvolum til USA kan føre til nedskjeringar og færre arbeidstakarar i den norske enden av næringskjeda.

Fleire samanslåingar og strategiske partnarskapar

Små og store selskap kan sjå seg tente med å slå seg saman for å få større «musklar» og konkurranseevne i ein meir utfordrande marknadssituasjon.

Nye marknadsføringsstrategiar

Norske sjømatbedrifter kan sette i verk aggressive kampanjar for å halde oppe sin posisjon på den amerikanske marknaden. At dei introduserer fleire nisje- og premium-produkt er eit anna mogleg utfall.

Midt-Norsk Havbruk

Barrierar, tollmurar og endra handelsstraumar kan føre til ubalansar i tilbod og etterspørsel på globalt nivå. I tillegg kan proteksjonistiske tiltak føre til at valutakursane svingar meir.

Foto: NRK

Flytting og utkontraktering

Norske selskap kan vurdere å etablere foredlingsanlegg i USA for å redusere verknaden av tollavgifter. Ved å gjennomføre delar av verdikjeda innanfor USA kan dei unngå toll.

Tilpassing og innovasjon

Auka kostnader kan «tvinge» norsk sjømatindustri til å utvikle nye produkt eller til å effektivisere drifta. Vidare kan norske produsentar intensivere arbeidet med berekraft for å tiltrekke seg og behalde kundar i andre marknader.

Jakt på nye marknader

Dersom USA blir mindre attraktivt for eksport av norsk sjømat, kan selskap sikte seg inn på andre marknader. Dette kan skjerpe konkurransen i Asia og Europa, som allereie er store marknader for norsk sjømat.

Dårlegare stemning

Harde handelstiltak kan skade dei diplomatiske relasjonane mellom Noreg og USA, og i verste fall utarte til handelskrig.

havbruk

Donald Trump har gjentatte gonger sagt at «tariff er det vakraste ordet i det amerikanske språket».

Foto: NTB

Urovekkande at verda blir meir proteksjonistisk

Kor høge dei amerikanske tollmurane faktisk blir, står att å sjå.

Trump har sagt at han vil legge 60 prosent toll på kinesisk import og 10–20 prosent toll på varer frå det han har kalla «Mini-Kina» (EU) for å verne det innanlandske næringslivet i USA.

I mellomtida diskuterer både Brussel og Beijing kor bokstaveleg dei skal tolke Trump.

Sikkert er det at høge tollmurar vil føre til mottiltak frå omverda, som i sin tur kan eskalere til ein handelskrig.

Noreg har ikkje rekna på eit slikt «auge-for-auge, tann-for-tann-scenario», men det har søsterforeininga til NHO, Dansk Industri.

Dei seier at ein handelskrig kan svekke dansk økonomi med 85 milliardar danske kroner, og eit tap av 30.000 arbeidsplassar. Føresetnaden er at EU svarer med same mynt.

Folk arbeider ved merdene på Kvarøy Fiskeoppdrett. Det er gjell i bakgrunn.

NHO og Sjømat Noreg har så langt uttalt seg avventande og med ei blanding av håp og bekymring om det potensielle tollsjokket.

Foto: Janita Zenteno

Vi håpar framleis på gode relasjonar over Atlanterhavet. Men det er urovekkande at verda blir meir proteksjonistisk, seier administrerande direktør i Sjømat Noreg, Geir Ove Ystmark.

Sjømatindustrien fekk sist ein importtoll i fleisen på 90-talet.

Den gongen fekk det kortsiktige negative konsekvensar, men det skapte også innovasjon og moglegheiter i andre marknader, seier Robert Holmøy Eriksson i Sjømatbedriftene.

Utfordringa nå er at vi ser nye formar for proteksjonisme på langt fleire frontar.

  • Cecilie Myrseth

    NRK

    Cecilie Myrseth, næringsminister

    Vi har eit godt samarbeid med USA, og eg ønsker å føre vidare dette gjennom bilaterale samtalar med den kommande administrasjonen. Derfor inviterer eg næringslivet til dialog om korleis vi best kan utnytte moglegheitene og handtere utfordringane knytt til handel med USA framover. Eg vil dele erfaringar frå dei nylege møta mine i USA og lytte til vurderingane og innspela til næringslivet.

  • Trond Davidsen

    Siv Dolmen

    Trond Davidsen, direktør for internasjonale relasjonar i Sjømat Noreg

    Det er neppe aktuelt å legge om handelen til andre marknader basert på spekulasjonar om auka toll til USA-marknaden. Men det næringa kan gjere, er å pleie tett kontakt med kundane sine. Amerikanske kundar kan sørge for å få fram synspunkt til den nye politiske leiinga om at dei kanskje største taparane ved auka toll på importerte matvarer, er amerikanske forbrukarar som får høgare matprisar.

  • Sverre Johansen, generalsekretær iNorges fiskarlag

    NRK

    Sverre Johansen, generalsekretær i Noregs fiskarlag

    Fisk og sjømat er ettertrakta produkt over heile verda, og god marknadstilgang er avgjerande for at vi kan skape store verdiar av dei norske marine ressursane. Det er god grunn til å bekymre seg over ei utvikling med auka proteksjonisme og bygging av tollbarrierar. Samtidig er det vår erfaring at sjømatnæringa er god til å utnytte moglegheitene som finst og kan omstille seg raskt.

  • Almlid

    William Jobling / NRK

    Ole Erik Almlid, NHO-sjef

    Med Trumps siger er det ingen tvil om at EØS-avtalen er enda viktigare for oss. Eg trur vi må bruke meir tid i Brussel nå fordi vi ikkje er medlem, og knytte oss tettare opp mot EU. Tollsatsar er i seg sjølve eit problem, men ein handelskrig mellom USA og Kina vil vere eit ekstra problem. Det er den viktigaste meldinga frå oss nå.

  • Frank Yri

    NRK

    Frank Yri, kommersiell direktør i Seaborn

    Her må politikarane «vakne» og sjå til at vi ikkje får nokon «straffetoll» på noko fisk til USA. Det er jo det første som må skje, og her har dei jo eit stort ansvar i å vareta norsk sjømatnæring.

  • Lene Trude Solheim er ny regiondirektør i NHO.

    NHO Møre og Romsdal

    Lene Trude Solheim, regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal

    På kort sikt trur eg vi er nøydde til å samle troppane og sjå kva konsekvensane blir i forhold til kva marknader og bransjar som blir hardast ramma, og så må ein gå i dialog og samarbeide for å finne gode løysingar.

  • Jan Olav Langeland

    NRK

    Jan Olav Langeland, administrerande direktør i Salmon Group

    Vi har tru på at ein gjennom forhandlingar med den nye administrasjonen kan få på plass handelsavtalar som gagnar begge land. USA har ein stor del av foredla produkt frå Noreg, og i ein marknad der pris er på andreplass blant kjøpsdrivarane hos konsumenten, så vil ein potensiell «universell grunntoll» påverke omsetning av norsk laks og aure generelt, og foredla produkt spesielt.

  • Robert Holmøy Eriksson

    Eva Ersfjord

    Robert Holmøy Eriksson, administrerande direktør i Sjømatbedriftene

    Vi må vere førebudde på auka importtoll. Dette kan fort få negative konsekvensar for norsk sjømateksport til USA. Vi opplevde også ein sterk importtoll mot norsk laks på 90-talet. Den gongen fekk det kortsiktige negative konsekvensar, men det skapte også innovasjon og moglegheiter i andre marknader. Utfordringa nå er at vi ser henne veksande og nye forma for proteksjonisme på langt fleire frontar.

  • martin-skaug

    NRK

    Martin Skaug, Noregs sjømatråd

    USA importerer mykje av sjømaten sin, og eventuelle endringar vil treffe mange eller alle av dei som leverer inn, men det er for tidleg å seie kva implikasjonar det vil få. Vi ser på USA som ein viktig marknad med eit framleis stort vekstpotensial – mykje tyder på at amerikanarane vil ha sjømaten sin, han er sunn, smakfull og passar godt til den livsstilen som mange vil ha.

  • Eirik Welde  konserndirektør

    Nordlaks

    Eirik Welde, konserndirektør i Nordlaks

    Det er ikkje ein ny situasjon for verken oss eller bransjen at det oppstår situasjonar som vanskeleggjer eksport enten det er tollsatsar, covid eller andre hendingar. Norsk sjømat blir heldigvis seld i mange marknader, så sjølv om USA er ein viktig handelspartnar så er vi i sum ikkje avhengig av enkeltmarknader. Vi er ikkje særskilt tungt vekta mot den amerikanske marknaden.

  • Frode Rønning

    NRK

    Frode Rønning, redaktør i FriFagbevegelse

    Trumps politiske program kan prege verda i tiår framover. All historisk erfaring viser at det er mykje lettare å sette opp tollsatsar enn å sette dei ned igjen etterpå.

  • Publisher for Fiskeribladet og IntraFish, Øystein Hage.

    Ukjent

    Øystein Hage, ansvarleg redaktør i Fiskeribladet

    Auka toll vil gjere dyre norske produkt enda dyrare, noko som vil vere krevjande for ein vare som sjømat. Det største problemet vil likevel kanskje bli dersom EU svarer på tollmuren med tilsvarande mynt. EU er vår viktigaste marknad, og ein ny tollmur vil ramme utanforlandet Noreg hardt. Dette kan fort aktualisere EU-spørsmålet.

  • Joachim Nielsen, administrerande direktør i Proximar Seafood

    NRK

    Joachim Nielsen, administrerande direktør i Proximar Seafood

    Vi produserer fersk sjømat, så for vår del vil dei potensielle effektane av Trumps moglege handelssanksjonar ikkje påverke Proximar negativt i det heile. Desse kan tvert imot bidra til meir fokus på lokalprodusert sjømat, noko som vil vere positivt.

  • Botholf Stolt-Nielsen

    Ocean Supreme

    Botholf Stolt-Nielsen, direktør i Ocean Supreme

    Vi har opplevd mange ting tidlegare. Russland var også ein viktig marknad for norsk sjømatnæring som blei stengd over natta i 2014, så det at ting endrar seg har vi vore borti tidlegare, og det skal vi klare å handtere.

  • Ståle Kyllingstad

    Ståle Kyllingstad, konsernsjef i IKM-gruppa

    Vi ser ofte eit apparat rundt politikarane som korrigerer dei etter at dei er valde. Eg er kanskje ikkje så negativ til Trump som mange andre. Vi levde greitt med han i fire år sist, og kan gjere det igjen.

Publisert 15.11.2024, kl. 05.27

Read Entire Article