Den einaste sjansen til å gå vidaregåande forsvann for Reodor (11) onsdag. Familien trur ikkje på at politikarane klarar erstatte vgs. i Lom.
Skjåk og Lomonsdag 23. oktober kl. 20:04– Eg vil gjerne gå på vidaregåande i Lom. Den skulen bør ikkje leggast ned, sa Reodor Bruland Langøygard til VG i eit intervju tidleg i oktober.
– For meg med min kropp betyr ei nedlegging null vidaregåande. Kroppen min toler ikkje skuleskyss i timevis. Eg kan nok heller ikkje bu på hybel med eit korps assistentar rundt meg, sa 11-åringen frå Bråtå i Skjåk.
I dag møtte han VG att. Humøret var ikkje heilt som det pleier. Han hadde fått med seg at fylkestinget hadde øydelagt draumen hans om å gå vidaregåande i Lom.
– Mamma og pappa fortalde meg det. Eg lika det ikkje, fastslår Reodor.
Han har blitt hjelpetrenar i turngruppa der søstera Live (7) er med.
– Når dei legg ned Lom vgs. så mistar vi dei andre trenarane. For unge som går vidaregåande i Lom - mistar fritidsaktivitetane sine. Dei får ikkje tid, fastslår han.
Guten har operert inn ei jarnstong i ryggen og plate i eine hofta. Reodor er avhengig av rullestolane sine. Men dei meistrar han til gagns.
Både 20 mil med skuleskyss dagleg og hybeltilvære på Otta eller Vinstra er utelukka.
– Det er nesten umogeleg for meg å kome meg til Otta på vidaregående, seier Reodor til VG.
– Det er nok heilt umogeleg, presiserar mamma Ragnhild Langøygard (43) og pappa Geir Bruland (50).
Dei klarer ikkje å forstå kvifor fylkestinget valde å legge ned Nord-Gudbrandsdal vgs. si velfungerande avdeling i Lom. Det er nabokommunen til Skjåk - lengst nordvest i Gudbrandsdalen opp mot Strynefjellet og Vestlandet.
Ragnhild er oppvaksen i ein Arbeidarparti-familie i Lom.
Ho tykkjer det er spesielt skuffande at dét var partiet som gjekk i front for å legge ned to vidaregåande skular og seks skulestader onsdag.
– Det var vel eigentleg venta. Men eg hadde større von til eit parti som ein skulle tru tok omsyn til utkantar og funksjonshemma elevar. No blir det verre enn nokon gong å få oppslutnad for Ap her i bygdene, seier Ragnhild. Ho er tannlege og driv klinikk i Lom.
Stusseleg
– Det er jo kjempetrist. Berre sjå på Sverige. Det er ikkje triveleg å køyre i utkantane der med tomme hus og daude bygder.
– Her i Skjåk og Lom vil jo folk bu. Men no tek politikarane frå oss limet i bygdene. Det er so stusseleg, klagar ho.
Mannen Geir er forbanna. Han hadde venta at i det minste Ap sin Tom Tvedt i fylkestinget hadde reist seg opp og tala for nokre av dei mest sårbare elevane.
– Han er jo leiar i Forbundet for utviklingshemma (NFU). Burde han ikkje argumentere for funksjonshemma sine kår då? spør han.
Tom Tvedt bur i Nord-Fron i Innlandet, og er gift med Ap sin mektige partisekretær Kjersti Stenseng.
Han var ein del av ei samla Ap-gruppe i fylkestinget som la ned to skular og fire skulestader, mellom andre vgs i Lom onsdag.
VG spør Tvedt om Reodor si skuleframtid:
– Du er jo leiar i NFU og har sikkert lese om Reodor, 11-åringen frå Skjåk som er funksjonshemma og mistar sitt einaste vgs-tilbod. Kva vil du seie til han?
– At vi i fylkestinget har eit ansvar for at alle elevar får eit tilbod om vidaregåande opplæring anten dei er funksjonsfriske eller funksjonshemma. Det ansvaret må vi sørge for at vi tek. Det er mange som får ein annan skulegong enn dei tidlegare har rekna med. Men alle har rett til eit vidaregåande opplæringstilbod, svarar Tvedt.
Eit oppfølgingsspørsmål om korleis Innlandet fylke skal ta det ansvaret, har ikkje Tvedt svara på.
Ragnhild og Geir på kjøkenet heime i Skjåk forstår at eit svar på det er vanskeleg. For svaret finst førebels ikkje.
Det einaste alternativet Reodor sjølv og foreldra ser til Lom vidaregåande, er permanent heimeskule.
Det reknar dei som eit særs dårleg alternativ for ein sosial kar som 11-åringen.
Grått
– Det har vore ein gråversdag med regn og vind i Skjåk og Lom i dag. Og skulenedlegginga har prega humøret til folk. Men i det minste har eit godt samhald i bygdene vorte enno sterkare, seier Geir og Ragnhild på kjøkenet.
Ute demonstrerer Reodor sitt lyspunkt i tilværet den siste tida. Han har fått super-rullestolen han venta på sist VG var på besøk.
– Ein Extreme X8 med alt du kan tenke deg av fart og ekstrautstyr, skildrar Reodor og spinn rundt på våt plen så pappa Geir må skjenne litt.