Dokument nr. 15:1050 (2024-2025)
Innlevert: 02.02.2025
Sendt: 03.02.2025
Besvart: 17.02.2025 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl
Spørsmål
Birgit Oline Kjerstad (SV): I svar til meg 7. oktober 2024 opplyser dåvernade justis- og beredskapsministeren at KDI/PODs tilleggsutgreiing til utgreiinga om flytting av driftsansvaret for Trandum skal offentleggjerast. I årsmeldingen fra Tilsynsrådet for utlendingsinternatet og tvangsreturer for 2024 kjem det imidlertid fram at at rådet i haust fekk avslag på si innsynsbegjæring, og at avslaget er påklaga til Regjeringa.
Når kan det ventast at denne klagen vert handsama i regjeringa?
Begrunnelse
Det har lenge vore planlagt at drifta ved Trandum Interneringsleir skal overførast frå Politiet til kriminalomsorga. I samband med dette vart det først laga ein rapport om korleis dette skulle skje, og deretter bestilt ei tilleggsutgreiing som skulle vere ferdig 1 juli 2024. Eg viser til svar på spørmål nr. 15:2959 (2023 2024) om saka, der dåverande Justis og Beredskapsminister Emilie Mehl opplyste at fristen for å levere tilleggsrapporten var utvida til 20 august 2024, at tilleggsrapporten var levert, og at denne låg til vurdering i departementet. Ho svara at ei avklaring om driftsansvaret ved utlendingsinternatet skulle gjerast så snart som mogleg, og at tilleggsrapporten skulle gjerast offentleg.
Svar
Emilie Mehl: Klaga er til behandling i Justis- og beredskapsdepartementet, og vil bli ferdigbehandla innen mars 2025.