Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_8df9a9e595bbc5996e1c80fba675d1e0, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Sakna amerikanar funnen i live - NorwayToday

Sakna amerikanar funnen i live

7 hours ago 2


Redningshelikopter melde klokka 11.34 om funn av ein person like nord for Nedre Buarbreen i Folgefonna nasjonalpark.

Personen hadde vinka til helikopteret. Redningsmann og lege vart firt ned til personen, og fekk bekrefta at det var amerikanske Alec Luhn som har vore sakna sidan måndag.

Luhn vart beskrive som vaken og adekvat, men medtatt, av redningspersonellet.

Han skal ha ein skade i ein fot, og politiet har ikkje fått opplyst om andre skader.

Luhn er på veg til Haukeland universitetssjukehus med helikopter, melder operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

– Han er blitt funnen! Og han er i live og han har det så bra. Vi er veldig glad. Tusen takk for alle som har hjelpt til. Han er hos doktor no, og han har det fint. Eg må springe no. Dette er det beste augeblikket i livet mitt, seier kona Veronika Silchenko til NRK.

Politiet veit førebels ikkje kva som har skjedd med Luhn på turen.

Read Entire Article