Familien fekk bu gratis i Geiranger: – Sjølvsagt vil vi bli!

2 hours ago 2


– Det er mykje å gjere her, vi kan for eksempel gå tur i fjella!

Det seier åtte år gamle Robyn. Ho er den yngste i familien Mergan-Vergote, som kom til Sunnmøre ein kald vinterdag i år.

No er familien, beståande av mor Twyla, far Wouter og storesøster Mona, klare for å bli verande.

Mona og Robyn Vergote leiker med hunden på badeplassen i Norddal

Hunden Azru tek seg godt til rette i Norddal.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Dei kom til Norddal gjennom prosjektet Arctic Digital Nomads Stipend, som Geiranger i Noreg, þingeyri på Island og Vágur på Færøyane er saman om.

Det går ut på at folk kan søke om å bu gratis i ein til tre månadar, og dei kan ta med seg jobben dit.

Prosjektet starta i fjor, og til saman 15 personar fekk flytte til Sunnmøre.

Familien på fire var av dei utvalde, og har no vald å bli att.

– Eg synest dette burde bli ei årleg greie. Vi bygger eit samfunn med fleire digitale nomadar rundt Geiranger, Eidsdal og Norddal, seier familiefar Wouter Vergote.

Dei har ingen planar om å vende tilbake til heimlandet Belgia med det første.

– Sjølvsagt vil vi bli! Vi kom jo nettopp. Familien vår har det bra her.

Vil få fleire til bygda

Fleire aktørar står bak prosjektet, mellom anna Geirangerfjorden verdsarv.

Elsa Ragny Yttredal er kunnskaps- og forskingskoordinator der, og forklarer at dei var med på dette for å få fleire til bygda.

– Det er mange ledige hus, vi manglar folk, og vi vil jo gjerne treffe nye og tilby det fine som bygda kan gi.

No har dei lyst ut endå eit stipend, og for Yttredal har responsen har vore over all forventing.

Digitale nomader i Norddal blir boande. Else Ragni Ytterdal er kunnskaps- og forskingskoordinator, Geirangerfjorden verdsarv

Elsa Ragny Yttredal har tru på at dette prosjektet vil halde fram.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

– Vi var jo heilt overraska og ikkje førebudd på suksess. Der har ramla inn e-postar frå nord og sør og aust og vest, ler ho.

Berre ei veke inn i den opne søknaden, har dei fått inn over 1300 søknadar, fordelt på Noreg, Island og Færøyane.

– Vi treng ikkje tusenvis av folk hit, men for å oppretthalde det sosiale tilbodet for oss som er her, så er det kjekt å få nokre fleire hit.

Dei sju systrene i Geirangerfjorden i haustfarger
Geiranger sentrum i haustfarger

Mektige fjell og vakker natur får fleire til å ville søkje seg hit.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK.

Familien Mergan-Vergote ønsker at fleire skal gjere som dei. Derfor har dei engasjert seg i årets søknadsprosess.

– Sosiale medium gjer at søkarane kjem frå heile verda, seier Twyla Mergan.

Vidare forklarer ho at dei kjem frå land som Russland, Ukraina, Tyskland, England, Belgia, Spania, Portugal og Canada.

Ein ny kvardag

Det tok ikkje lang tid før søstrene Robyn og Mona starta å føle seg som heime i Norddal.

– Eg likar det veldig godt, og eg er veldig glad for å vere her, seier Mona.

Dei to jentene går på skulen og får private norsktimar. Og leksene består av å lære seg norske ord.

– Pink er rosa, yellow er gul, blue er blå. Eg likar å lære norsk og eg har ein flink lærar, seier eldstemann Mona.

Ho seier at ho har fått betre vennar i Norddal enn ho har hatt nokosinne, og fekk til og med synge i den lokale skulemusikalen.

Mona Vergote leiker med hunden på badeplassen i Norddal

Mona Vergote har fått det fint i Norddal.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Nokre av sitata er omsett frå nederlandsk og engelsk, men innhaldet er det same.

Publisert 11.10.2025, kl. 07.45

Read Entire Article