For to veker sidan blei Rosenborg sin kamp mot Lillestrøm stansa av supporterprotestar mot VAR.
No har Rosenborg avgjort kva straff dei involverte supporterane skal få.
Dei må hjelpe til med arbeid når Rosenborgs klubblokale Brakka no skal bli pussa opp.
Oppdraget omfattar nedskraping, vasking og måling av Brakka. Ein jobb som er kostnadsberekna til om lag 400.000 kroner, skriv klubben sjølv på sin nettside måndag kveld.
– Dette er ein historisk hending i norsk fotball, og det påverkar klubbens val av sanksjonsform, seier Tore Berdal, dagleg leder i klubben.
– Protesten var ikkje retta mot klubben, men det er ingen tvil om at det er Rosenborg som sit igjen med konsekvensane.
Må bli gjort før oktober
Dei involverte supporterane har fått frist til 1.oktober med å gjennomføre arbeidet.
Dersom arbeidet ikkje er ferdigstilt innen fristen vil supportertribunen Øvre Øst bli stengt i fem
Kjernen støttar sanksjonane
Rosenborg sin organiserte supportergruppe, Kjernenm støtter også sanksjonane.
– Kjernen ønsker at Lerkendal skal vere ein arena for fotballglede for store og små, og ikkje sabotasje av fotballkampar. Vi støtter derfor opp om klubbens val av sanksjonar, seier leiar i Kjernen Bjørn Skar.
– Vi er enig med klubbens ledelse om at vi i tiden framover skal forebygge slike hendelser, slik at alle trygt kan reise både fra Leka og Oppdal, uten å måtte risikere at kamper avlyses.
Publisert 05.08.2024, kl. 17.40 Oppdatert 05.08.2024, kl. 17.47