Prestar hoppar over bibelvers om fortapinga

1 week ago 10


Biskopane i den norske kyrkja opnar for å utelate Den vesle bibelen i gravferder.

Bibelverset er ein obligatorisk del av liturgien, men mange prestar oppgir at dei allereie i dag hoppar over orda om fortaping fordi det «kommuniserer dårleg».

Biskopane har derfor gitt Nemnd for gudstenesteliv (NFG) i oppdrag å vurdere om Den vesle bibelen i staden bør vere «eit valfritt ledd».

Sidan har debatten gått høgt i den kristne dagsavisa Vårt Land.

Det verkar som Bispemøtet ikkje lenger vil stå for klassisk kristen teologi, seier Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk til NRK.

Han viser til at Johannes 3:16 er «den mest sentrale skriftstaden i heile Bibelen».

Eg er skuffa over desse signala frå biskopane, seier han.

– Kyrkja verkar engsteleg og atterhalden

Andre har innvendt at forslaget frå biskopane er ettergivande og på grensa til sjølvutslettande.

Eg synest dette underbygger ein tendens over tid der kyrkja verkar engsteleg og atterhalden i måten han formidlar si eiga tru på, seier historikar og kyrkjemusikar Olav Rune Bastrup.

Han legg til:

Eg trur ikkje kyrkja vinn nokon ved å gi avkall på sin frimot på denne måten.

Kirke

Mange prestar hoppar allereie over orda om fortaping fordi det kommuniserer dårleg.

Foto: NTB

NRK har vore i kontakt med ei rekke stemmer innanfor Kyrkje-Noreg.

Fleirtalet peikar på at gravferdsseremonien bør vere «meir fleksibel» og at det både er dramaturgiske og prinsipielle grunnar til å utelate bibelverset.

Det er mange grunnar til ikkje å bruke denne bibelstaden. Det sender ut eit signal som kommuniserer dårleg og lukkar meir enn det opnar, seier Merete Thomassen, som er førsteamanuensis i liturgikk ved Det teologiske fakultetet.

Tidlegare biskop Tor Berger Jørgensen meiner Den norske kyrkja bør sjå til nabofolket og styre unna det som kan gi assosiasjonar til «fortapingslære slik dette blei forkynt i Hallesby sin radiotale på 50-talet».

Der innleiinga til den norske liturgien nemner «dommen», seier svenskane kort og godt: «Låt oss høra Bibelens ord om tryggheten hos Gud i liv og død.»

Det er ein mindre dogmatisk og ei meir pastoral innleiing. Her bør vi lære av svenskane, seier Jørgensen.

Sjå fleire reaksjonar under.

  • Guri Riksaasen

    Guri Riksaasen, sokneprest i Eidsberg

    Versa kjem uansett framleis til å stå i evangeliet, så det er viktig at vi ikkje unngår samtalen om kva det er å tru, og kva som ligg i å gå tapt eller fortapt. Versa kan tolkast både ekskluderande og inkluderande, og til sjuande og sist er det den debatten vi må ta.

  • Tor Berger Jørgensen

    Foto

    Tor Berger Jørgensen, biskop emeritus

    Eg støttar dei som nå ønsker å ta «Den vesle bibel» ut av dei obligatoriske lesingane. Liturgien må samla sett ha ein meir trøystande tone. Uttrykksmåten «gå fortapt» blir ein altfor tydeleg referanse til «fortapinga» og ber med seg kjensler rundt «klassisk» fortapingslære slik dette blei forkynt på 50-talet. Skal ein bruke skriftstaden, må det lyde i den nye bibelomsettinga form: «går tapt».

  • William Grosås

    William Grosås, lektor teologi, religion og filosofi ved NLA Høgskolen

    Plasseringa av verset ber preg av å vere ein rest av liturgi forstått som pedagogikk og trusopplæring i ei luthersk folkekyrkje. Den er der fordi ho blir oppfatta som eit pedagogisk kjernevers, ikkje fordi liturgien eigentleg innbyr til det. Andre bibelvers som i dag er valfrie, for eksempel ved jordpåkastinga, burde kanskje bli obligatoriske i staden.

  • Gard Sandaker-Nielsen

    Siv Sandvik

    Gard Sandaker-Nielsen, leiar i Open folkekyrkje

    I ei gravferd tar vi avskjed med eit medmenneske. Vi som er igjen skal få hjelp til å leve vidare, og tru og håpe at døden ikkje har siste ordet, men at livet og kjærleiken sigrar. Det kan vere gode grunnar for å gjere liturgien meir fleksibel. Når det som blir opplevd som utfordrande tekstar blir lesne, må det vere rom for å forklare korleis dei kan og bør forståast.

  • Merete Thomassen

    UiO Det teologiske fakultet

    Merete Thomassen, førsteamanuensis i liturgikk ved Det teologiske fakultetet, UiO

    Den vesle bibelen har fått ein spesiell posisjon i Noreg av ulike grunnar. Dette har ført til at mange trur at han er nødvendig å bruke i fleire av liturgiane til kyrkja, blant anna ved gravferd og dåp. Joh. 3, 16 har likevel ikkje denne posisjonen historisk, og heller ikkje i andre kyrkjesamfunn.

  • Vebjørn Selbekk, redaktør i avisa Dagen

    Vebjørn Selbekk, dagen-redaktør

    Eg er skuffa over desse signala frå biskopane. Johannes 3:16 blir rekna av den verdsvide kyrkja som mest sentrale skriftstaden i heile Bibelen som beskriv den kristne frelsesbodskapen i eitt einaste vers. Det verkar som Bispemøtet ikkje lenger vil stå for klassisk kristen teologi.

  • Oddgeir Sølvfæstersen

    Oddgeir Sølvfæstersen, leiar i Frimodig kyrkje

    Det er viktig at kyrkja held fast i læregrunnlaget sitt, det forpliktar å vere ei kristen kyrkje. Dette må også komme til uttrykk i praksis, både gjennom preike og i liturgiar. Samtidig er liturgiar og bruk ulike bibelvers kyrkjelege ordningar som det i seg sjølv ikkje er gale å endre på.

  • Anders Runesson

    Anders Runesson, Dekan ved Det teologiske fakultetet

    Kyrkja har alltid endra språk for å kunne formidle bodskapen sin på ein slik måte at Guds Ord blir synleg i samtida. Det som derimot er viktig er at slike endringar må vere kjenslevare for samtida dei skal snakke med. Dette krev igjen ein brei samtale mellom dei ramma og dei som er ansvarlege for å ta avgjerder. Kristen teologi og ritual er ikkje eit «einmannsshow».

  • Olav Rune Ekeland Bastrup

    Olav Rune Bastrup, kyrkjemusikar

    Eg trur ikkje kyrkja vinn nokon ved å gi avkall på sin frimot på denne måten. Min generasjon lærte å kalle Johannes 3.16 for «den vesle bibelen», altså essensen av evangeliet. Har ein problem med ordlyden til verset, er det ei oppfordring til å preike enda sterkare og meir utan atterhald om Guds kjærleik.

  • Stephanie Dietrich

    Stephanie Dietrich, professor i teologi og diakoni ved VID vitskapelege høgskole

    Det er ingen lang tradisjon for at Joh. 3,16 er ein del av gravferdsliturgien, og eg meiner at Kyrkjemøtet bør vedta at det må gjerast valfritt om ein ønsker å bruke verset i seremonien. Når det er sagt, så forstår eg at verset blir forstått ulikt i ulike samanhengar.

  • Jorunn Økland

    Jorunn Økland, professor ved Universitetet i Oslo

    Det er ikkje noko gale med Joh. 3,16 i og for seg. Og i ein norsk individfokusert post-pietistisk kontekst trur eg det fungerer bra. Men det er ikkje like viktig i Johannesvangeliet som Prologen, og sjølv er eg ikkje i tvil om kva Johannes-kapittel eg vil skal lesast når eg sjølv ein gong skal uttømmast og vende tilbake til livsens kjelde.

  • Harald Hegstad

    Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet

    Dette er ei sak som er til utgreiing og behandling. Eg vil vente på Bispemøtets endelege konklusjon før eg som kyrkjerådsleiar tar stilling til om Joh 3,16 bør vere eit obligatorisk ledd i ei kyrkjeleg gravferd eller ikkje.

I kyrkja truar vi ikkje folk

Debatten om gravferdsliturgi kjem på toppen av den siste bibelomsettinga der ordet «fortapt» er bytt ut med «tapt», som ifølge kritikarar «svekker det bibelske alvoret i fortapinga».

Oddgeir Sølvfæstersen er leiar i Frimodig kyrkje.

Læregrunnlaget til kyrkja er tydeleg på at menneske blir fødde med arvesynd som medfører ei evig fortaping for alle som ikkje blir gjenfødde ved trua på Jesus, seier han.

Han legg til at Den vesle bibelen formidlar begge delar, «både alvoret ved å vere eit menneske og håpet om frelse».

Det er ein bodskap som Den norske kyrkja må kunne forkynne med stor frimot.

Teologiprofessor og i kommisjonsleiar i Kyrkjeverdsrådet, Stephanie Dietrich, meiner det er gode grunnar til å gjere verset valfritt.

Der nokon høyrer det som eit trøysterikt tilsegn om evig liv, oppfattar andre verset som ein trussel om evig fortaping. Det må vi ta på alvor, seier ho.

I kyrkja skremmer vi ikkje folk inn i Guds rike. Vi inviterer dei inn.

Voss kyrkje

Biskopane i den norske kyrkja vurderer å utelate Den vesle bibelen i gravferder. På bilete: Voss kyrkje.

Foto: NTB

Publisert 10.11.2024, kl. 22.31

Read Entire Article