Politimelder Raud Ungdom etter Tesla-stunt

4 months ago 19


Akershus fylkeskommune politimelder Raud Ungdom etter at ungdomspartiet plasserte «bøter» i ruta på Teslaar utanfor Ski storsenter.

– Eg synest at det er veldig lite morosamt. Her er det nokon som gir seg ut for å vere oss, og legg fram informasjon som vi ikkje kan stå for, seier fylkesrådsleiar Anette Solli til NRK.

Innrømma å stå bak

I torsdagens «Debatten» innrømde Syver Kleve Kolstad i Raud Ungdom at han var ein av dei som stod bak stuntet.

– Vi ynskja å ha ein aksjon som kunne skape litt blest, provosere og få merksemd rundt saka. Vi ynskjer at nordmenn skal stoppe sine investeringar, slik at det får konsekvensar for Musk, seier Kolstad til NRK.

Syver Kleve Kolstad i Rød Ungdom ser skrått inn i kamera, iført rød genser mot en rød vegg

Syver Kleve Kolstad sa på "Debatten" at Raud Ungdom stod bak Tesla-stuntet.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Bileigarar blei skulda for «brot på etisk forbrukarplikt», og lappane omtalte blant anna Elon Musk, som eig Tesla, som nazist.

Akershus fylkeskommune stod som avsendar på lappane.

Bøter blei plassert i ruta på teslaer

Bota blei plassert i ruta på Teslaar som stod parkert utanfor Ski storsenter.

Foto: NRK

Solli seier fylkeskommunen har jobba med politimeldinga i eit par dagar – også før dei visste at det var Raud Ungdom som stod bak.

NRK har førebels ikkje lukkast med å få tak i Raud Ungdom.

Publisert 14.02.2025, kl. 17.06

Read Entire Article