Opposisjonsleiaren i Belarus er sett fri

3 hours ago 1


Den belarusiske opposisjonspolitikaren Sergej Tikhanovskij er blant dei som er sette fri.

Det stadfestar kona hans Svetlana Tsikhanowskaja, som leiar opposisjonen i Belarus, på X.

– Mannen min Sergej er sett fri. Det er vanskeleg å beskrive gleda eg har i hjartet mitt, skriv ho.

Utanriksministeren i Litauen stadfestar at den tidlegare opposisjonsleiaren er ein av dei 14 som er sette fri.

Tikhanovskij blei fengsla 29. mai 2020, og seinare dømd til fengsel i 18 år for å brukt bloggen sin til å oppmode til valdeleg motstand mot regimet.

I 2023 fekk han ei tilleggsstraff på eitt og eit halvt år for å ha vore ulydig mot fengselsadministrasjonen.

Svensk kvinne blant dei som er sette fri

Dei politiske fangane er sette fri etter at in avtale mellom Belarus og USAs spesialutsending Keith Kellogg, ifølge ein talsperson for statsministeren i Litauen.

Sveriges statsminister Ulf Kristersson stadfestar også dette på X.

Ein av dei som no er sett fri, er svensk statsborgar.

I tillegg er det snakk om fem belarusiske statsborgarar, tre polske, to japanske og ein estisk statsborgar.

Alle dei 14 er komne til Litauen, opplyser styresmaktene der.

Publisert 21.06.2025, kl. 17.02 Oppdatert 21.06.2025, kl. 17.10

Read Entire Article