Det opplyser Molde Fotballklubb søndag kveld. Klubben skriv at dei går ut med nyheita etter ønske frå, og i samråd med, Petter Rudi og familien hans.
Rudi er for tida speidar i MFK.
– Dette er ein svært vond beskjed som berører oss sterkt. Petter har jobba i klubben i mange år. Han er tett på oss i kvardagen, og jobbar engasjert med fotballstrategien vi no bygger i MFK, seier Vegard Storvik, administrerande direktør.
Rudi, som er født i Kristiansund, fekk starten sin i Sportsklubben Træff. Han gjekk så vidare til Molde FK, der han spelte i fleire år. Han blei også cupmeister med Molde to gonger.
Midtbanespelaren spelte 46 landskampar for Noreg. Han var òg fleire år i Sheffield Wednesday, i tillegg til opphald i Belgia og Italia.
Rudi blei cupmeister med MFK to gonger.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX,NTB– Sterkt inntrykk
ALS er ein alvorleg nervesjukdom som fører til muskelsvinn og lammingar.
Klubben fortel at dei har hatt ein nær og god dialog med den tidlegare midtbanespelaren.
– Eg har hatt mange fine samtalar med Petter. Det gjer sterkt inntrykk å oppleve både opna hans og styrken han viser i møte med noko så alvorleg, seier Storvik.
Administrerande direktør i Molde FK, Vegard Storvik.
Foto: Molde FKTrass i sjukdommen ønskjer Rudi å halde fram i jobben sin i Molde FK, opplyser direktøren.
– Samtidig kjenner eg på ei stor audmjukskap og takksemd over at han, trass i ein krevjande situasjon, opplever det meiningsfylt og framleis ønskjer å bidra og vere ein viktig del av kvardagen i MFK.
– Tida for å stå saman
Storvik seier vidare at dei i MFK ofte snakkar om «vi» og det fellesskapet dei har i klubben.
– No er tida for å stå tett saman rundt Petter med omtanke, styrke og varme. Den dedikasjonen, lojaliteten og stoltheita han har gitt gjennom eit heilt liv for fotballen og for klubben, er noko vi alle har fått ta del i.
– Og no er det vår tur til å gje noko tilbake, i form av støtte, omsorg, samhald og tilhøyrsle.
Vidare seier direktøren at Molde Fotballklubb ønsker å uttrykke si støtte og medkjensle med Petter og hans næraste i ei svært krevjande tid.
Vidare opplyser klubben at Rudi og familien hans ber om ro.
Petter Rudi og Steffen Iversen på veg inn i Molde domkyrkje då Åge Hareide blei bisett i januar.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBPublisert 29.03.2026, kl. 22.20 Oppdatert 29.03.2026, kl. 22.25












English (US)