Den norske skodespelarstjerna Renate Reinsve opplever stor suksess i USA med skrekkfilmen «Backrooms».
Filmen har i løpet av opningshelga spelt inn 81,5 millionar dollar (om lag 860 millionar kroner) i USA og Canada.
På verdsbasis har filmen allereie spelt inn over 118 millionar dollar.
Filmen gjekk rett inn på ein suveren fyrsteplass på dei amerikanske kinolistene.
Med det skubba den Disneys massive storsatsing «The Mandalorian and Grogu» ned til ein audmjukande tredjeplass, etter at Star Wars-filmen opplevde eit katastrofalt fall i billettsalet i si andre helg.
«Backrooms» handlar om ein butikkeigar som oppdagar ein mystisk og tilsynelatande endelaus labyrint under lageret sitt.
Heile 86 prosent av publikummet denne helga var under 35 år, og fleire medium melder om smekkfulle salar og utselde framsyningar over heile Nord-Amerika.















English (US)