Sportsklubben Brann og hovudtrenar Freyr Alexandersson har etter samtaler blitt einige om å avslutte samarbeidet med verknad frå i dag.
Det skriv Brann sjølv på sine nettsider. Klubben vil informere meir om situasjonen i ein pressekonferanse klokka 14.00.
– Klubben ønsker å rette ein stor takk til Alexandersson for hans innsats gjennom perioden i Brann, står det i pressemeldinga.
Klubben trekk fram ein fantastisk prestasjon i Europaligaen og ein lidenskapeleg cupfinale i Oslo som hendingar som vil bli ståande som sterke minner i klubben si historie.
Ferdig halvtanna år før kontraktslutt
Den islandske trenaren vart henta til Brann som Eirik Horneland sin etterfølgjar 13. januar i fjor, og skreiv kontrakt med klubben ut 2027-sesongen.
Alexandersson kom då frå trenarjobben i belgiske Kortrijk, og hadde tidlegare trena danske Lyngby. Han har også vore hovudtrenar for det islandske kvinnelandslaget og assistenttrenar for herrelandslaget.
– Brann er ein fantastisk fotballklubb med ei rik historie og fantastiske supportarar. Det er ein by som brenn for Brann. Det var noko av det viktigaste for meg, å koma til ein klubb der klubben og byen heng saman på denne måten, sa Alexandersson då han signerte for Brann.
Ein engasjert Alexandersson under kampen mellom SK Brann og FC Midtjylland i Europaligaen.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBI sin fyrste sesong klarte 43-åringen å kapre ein fjerdeplass i den heimlege serien, medan det blei gruppespel og playoff til åttandedelsfinale i Europaligaen.
– Freyr Alexandersson har i si tid som hovudtrenar vore ein hardtarbeidande, karismatisk og engasjert trenar som har forstått kor viktig Brann er for Bergen og alle som er glade i klubben, skriv klubben vidare.
Assistenttrenar Jonathan Hartmanns arbeidsforhold i klubben blir også avslutta.
– Brann takkar Hartmann for hans klokskap, leiing og engasjement i si tid i klubben, står det i pressemeldinga.
Publisert 01.06.2026, kl. 12.27 Oppdatert 01.06.2026, kl. 12.56














English (US)