På reise dit kor nyheitsradaren sjeldan når

1 month ago 17


Endeleg sat eg der, inni ei svær panservogn og haldt meg så godt som mogleg fast i tauet som hang frå taket. Me køyrde raskt på dei humpete vegane som gjekk innover i Kameruns jungel.

Dei siste dagane hadde vore frustrerande. «African time» er noko kamerunske styresmakter er ekspertar på. «À demain, à demain», «i morgon, i morgon», sa dei fire dagar på rad.

Men kvar dag gjorde dei ikkje det slag, og i takt med at ingenting skjedde så slo mi indre, veldig norske, klokke hardare og hardare.

Men så ein morgon kom plutseleg ein pickup frå militæret, og plukka opp meg og fotograf Luke. Me vart frakta direkte til det engelskspråklege Kamerun. Og frå då av gjekk det fort.

Men eg var litt ekstra nervøs, fordi ventetida hadde ført til at me reiste inn på den dagen me hadde blitt åtvara om.

Nemleg den berykta måndagen.

Separatistanes behov for å vise makt

Greia med måndagar er berre ein av mange merkverdige ting ved denne konflikten som verda knapt har høyrt om.

Separatistgrupper, ofte styrt frå utlandet, har erklært måndagar som spøkelsesbydag. All handel og daglegliv må stanse opp, og alle skal halde seg heime. Separatistane vil vise at dei har makt ved å innføre reglar som viser igjen i samfunnet.

Eit tomt klasserom i det konfliktherja området, sørvest i Kamerun.

Eit tomt klasserom er berre eit av mange utfall av konflikten i Det engelskspråklege Kamerun.

Foto: Luke Dray / NRK

Innføring av skatt er eit anna grep dei bruker for å vise makt, og dei siste vekene har dei til og med prøvd å stenge ned heile den svære regionen i to veker i strekk.

Men langt frå alle støttar separatistane, og for å få folk til å følgje reglane, så vert frykt brukt som verktøy. Det blir sendt ut trugslar om straff for dei som ikkje følger den og den regelen.

Så difor gjer mange som dei blir fortalt, og gatene rundt oss var ganske så tomme medan me køyrde innover i det som separatistane kallar Ambazonia.

Kamerun med regionene Sud-Ouest og Nord-Ouest - mørk versjon

Kamerun, med den engelskspråklege delen markert i mørkeraudt.

Foto: Ole-Morten Ødegaard

Ukjent krise med norsk link

Eg har lenge ønska å kome meg til det engelskspråklege Kamerun, som altså nokon kallar Ambazonia, fordi eg synest det gjev meining å løfte fram kriser me høyrer lite om.

Men også fordi eg veit at mykje av det som skjer her – slik som dette med portforbod på måndagar – vert beordra frå folk i utlandet. Og ein som er mistenkt for å vere ein sentral person oppi dette bur i Noreg.

Denne norske linken var hovudhistoria på det tidspunktet eg humpa meg av garde i panservogna innover i jungelen. Men saka har endra seg mykje sidan då.

Onsdag denne veka, i innspurten av arbeidet med saka frå Kamerun, så vart mannen i Noreg arrestert og sikta for å oppmode til drap på sivile i det engelskspråklege Kamerun.

Verken NRK eller andre norske medium har så langt identifisert mannen.

Lever mellom barken og veden

Eg og fotograf Luke vart køyrd frå skule etter skule som stod tomme, me vart vist fram utbrente sjukehus, og nabolag. Då me ville sjå endå ferskare bevis på konflikt, så viste det seg at eit helikopter berre var ein telefonsamtale unna. Så me fauk vidare nordover til fleire byar ramma av angrep.

Ein kamerunsk landsby, sett frå helikopter.

Ein av mange landsbyar prega av valden som herjar det engelskspråklege Kamerun.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Me snakka med sivile, og såg frustrasjonen i augo deira. Dei bur i eit område der Kameruns hær krigar mot separatistane. I fleire år har begge partane kommunisert at «anten er du med oss, eller så er du mot oss».

Vanlege folk blir sett i ein nær umogleg situasjon. Begge partar har vist at dei er villige til å straffe deg hardt om du ikkje viser lojalitet.

Afrika-korrespondent Vegard Tjørhom, kledd i beskyttelsesutstyr, lyttar til ein person fortelje.

Alle NRK intervjua må forbli anonyme av omsyn til deira tryggleik.

Foto: Luke Dray / NRK

Det er i alle fall det ei lang rekke rapportar fortel oss, sjølv om begge partane som oftast nektar straffeskuld, og er flinkare til å legge skulda på andre enn til å ta ansvar for kva dei sjølv gjer.

Ein slik situasjon gjer det nesten umogleg for ein journalist, fordi veldig få tør å snakke offentleg, og det å forsøke å vere nøytral kan gjere at du blir mistenkt av begge partar.

Dermed endar ein med at dei to som gjerne pratar med journalistar er partane i krigen. Og dei fortel deg sine versjonar. Men du skjønner fort at ikkje begge versjonane kan vere sanne. Historiane kræsjar med kvarandre, og er i beste fall berre delvis sanne. Dermed blir det vanskeleg å vite kva ein skal tru på.

Det er rett og slett så mykje snørr, at du knapt ser barten, og å skilje det frå kvarandre er i alle fall heilt håplaust.

Gjekk ikkje heilt som planlagd

Me fekk på ein måte gjort jobben vår likevel der inne i konfliktsona, forfølgde av kamerunske soldatar.

Me visste godt at me ikkje var på rundtur med lokale heltar, for kamerunske soldatar er skulda for ei lang rekke angrep på sivile av organisasjonar som Amnesty og Human Rights Watch.

Ein kamerunsk soldat ikkar ut av eit vindauge i ei panservogn.

Ein av soldatane som var med på tur. Mannen på biletet er ein tilfeldig soldat, og på ingen måte knytt direkte opp til skuldingane om overtramp frå den kamerunske hær.

Foto: Luke Dray / NRK

Men å reise rundt med dei var vår einaste veg inn. For å ikkje sette intervjuobjekta våre i ein vanskeleg situasjon, så unngjekk me dei mest sensitive tema og haldt oss til det me eigentleg var der for. Å få høyre historiene deira, og korleis dagleglivet er.

På blokka stod også fleire kritiske spørsmåla til Kameruns hær, men dei hadde me allereie planlagd å ta etter at me var tilbake igjen i hovudstaden. Og det fekk me gjort.

Sakene vart ikkje som planlagd fordi arrestasjonen av mannen i Noreg førte til at den norske linken ikkje kunne forteljast om slik som planlagd.

Men også fordi arrestasjonen førte til at sakene måtte publiserast raskt, midt oppi eit nyheitsbilete der verdas auge var retta mot ei raskt eskalerande krise i Midtausten.

Og det er ikkje i slike stunder det fungerer best å publisere saker om ganske ukjente kriser. For verdas kriser konkurrerer faktisk om merksemda vår. Og i slike konkurransar vinn sjeldan dei afrikanske konfliktane fram, av mange grunnar.

Dei mørke skyene

Reisa til det engelskspråklege Kamerun vart avslutta med ein helikoptertur eg aldri kjem til å gløyme. Eg kikka ned på eit skogkledd landskap, med nokre landsbyar her og der, og nokre små husklynger midt i ingenmannsland.

Ein foss som bruste i kveldssola, og nokre små skyar som spreidde seg utover blant tretoppane. Men på himmelen bak det vakre landskapet låg det tunge mørke skyar. Det er slike kontrastar som får meg til å tenke at naturen sender meg ei melding.

Eg håpar dei har rast frå seg snart, skyene som heng over folka som lever i krisa som eg aldri skal gløyme.

Delar av det engelskspråklege Kamerun, sett frå lufta i helikopter

Mørke skyer bakerst på himmelen, over vakker kamerunsk landskap.

Foto: Luke Dray / NRK

Publisert 05.10.2024, kl. 16.53

Read Entire Article