På ferie? Dette er skadedyra du ikkje vil ha med deg heim i kofferten
2 days ago
1
Veggedyr er skadedyret som oftast blir med oss heim i bagasjen.
Men kvart år dukkar det også opp tilfelle av andre skadedyr. Fellestrekket for dei alle er at seinsommaren og hausten er tida flest oppdagar skadedyra i heimane sine.
Ifølge BjørnArne Rukke,seniorforskar ved Folkehelseinstituttet (FHI), er dette skadedyra som er viktigast å vite om når du er på ferie.
I perioden 2022–2024 er det registrert 7169 skadedyrsaker med veggedyr, ifølge tal frå FHI.
Foto: Hallvard Elven / FHI
Veggedyr er blodsugande parasittar som bur i eller nær senga di og kjem fram mens du søv.
– Dei syg blod i 5–10 minutt, før dei går tilbake til gøymestaden sin. Så kjem dei ut igjen ei veke seinare og syg meir, seier Rukke.
Han seier veggedyra trivst i både reine og skitne miljø.
– Desse møter du overalt. Dei bryr seg ikkje om du bur på eit 1- eller 5-stjernes hotell, seier han.
Veggedyr i ulike størrelsar går rundt på eit papir i eit laboratorium på Folkehelseinstituttet. På arket er det mange svarte ekskrement frå veggedyra. Ser det slik heime ut hos deg, så har det gått veldig langt.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRK
Veggedyra kan gi deg stikkmerke og kløande utslett.
Men det er ofte dei psykiske reaksjonane som er dei verste, ifølge Rukke.
– Ein kan få søvnvanskar, angst og depresjon. I tillegg kan ein kamp koste deg ein del tusen kroner dersom du ikkje får dette dekt gjennom forsikringa di, seier han.
Tysk kakerlakk
I perioden 2022–2024 har det blitt registrert 975 skadedyrsaker i Noreg med tysk kakerlakk, ifølge FHI.
Foto: FHI
Det er ikkje berre på ferien du kan risikere å menge deg med kakerlakkar. Dei kan også bli ein uønskt blindpassasjer på vegen heim.
Den tyske kakerlakken har spreidd seg over store delar av verda. Typen er den som skaper mest problem i Noreg, ifølge Rukke.
Den kan produsere mange avkom som raskt blir vaksne. Derfor kan skadedyret bli eit stort problem utan grep. Kvart år blir det brukt ein god del ressursar for også å få bukt med dette skadedyret, ifølge FHI.
Den tyske kakerlakken kan skjule seg i bagasjen din på veg heim frå ferie.
Foto: Kyrre Lien / NTB
Den tyske kakerlakken kan fint overleve innandørs i Noreg. Dei kan gi allergiske reaksjonar for folk som har store mengder av den tyske kakerlakken i bustaden sin, ifølge Rukke.
– Som med mange andre kakerlakkar, kan desse bevege seg frå skitne miljø som sluk og toalettskåler og over til reine miljø. Dette gjer at han kanskje kan bli ein smittespreiar av bakteriar, seier Rukke.
Den tyske kakerlakken blir kjenneteikna ved at han har to svarte langsgåande striper på halsskjoldet.
Heldigvis er desse relativt enkle å få bukt med.
– Skadedyrbekjemparar bruker forgifta åte som kakerlakkane et og døyr av, seier Rukke.
Faraomaur
I perioden 2022–2024 har det blitt registrert 85 skadedyrsaker i Noreg med faraomaur, ifølge FHI.
Foto: Hallvard Elven / FHI
Det er langt færre tilfelle av faraomauren i Noreg samanlikna med både veggedyr og den tyske kakerlakken.
Likevel er faraomauren eit skadedyr som er greitt å vite om at eksisterer, meiner Rukke.
Mauren kjem opphavleg frå tropiske strøk og er berre 2 millimeter. Likevel kan han etablere store koloniar innandørs i Noreg og bli ei stor plage der dette skjer.
Den kan lage mange små reir som står i kontakt med kvarandre ved å stadig sende ut dronningar og arbeidarar med egg, larvar og pupper.
– Det som er kjipt med faraomauren, er at han kan spreie seg raskt om han klarer å etablere seg i ein bygning, seier han.
Faraomauren er liten, men effektiv i måten han spreier seg på.
Foto: April Nobile, Antweb.org
Menneske kan reagere med allergi dersom bustaden er innvandra av mauren. Den kan også spreie smitte fordi han ofte oppheld seg i skitne område som rundt toalettet.
Det er derfor, til liks med veggedyr, viktig å kartlegge om den kan ha spreidd seg til naboleilegheiter i blokker.
Som for den tyske kakerlakken, er det gode moglegheiter for å få bukt med mauren med forgifta åte, men arbeidet krev innsats over lengre tid dersom mauren har spreidd seg langt.
– Det må ofte til eit samarbeid mellom fleire bueiningar for å lykkast med kamp mot desse tre artane i bygningar, seier han.
Slik unngår du skadedyra
På ferie er det ein fin tommelfingerregel å undersøke rommet eller overnattingsstaden før du fell til ro og pakkar ut: