– Eg følte ikkje at appane fungerte for meg. Det blei for mykje sveiping og for lite ekte kontakt, seier Emil Andre Kazinci (28).
Han sletta appane for fleire år sidan, etter å ha kjent at han ikkje fekk vist fram dei gode sidene ved seg sjølv.
Datingapp sa opp tilsette
– Eg blei lei av det overflatiske, eg ville heller møte folk ansikt til ansikt.
Emil fortel at han opplevde at appane likna ein marknad, der ein sel seg inn med nokre bilete, og meiner det er ein dårleg måte å bli kjent med folk på.
Han har prøvd å møte folk på andre måtar, gjennom kurs, arrangement og ved å utfordre seg sjølv sosialt.
– Eg vil møte folk i levande situasjonar. Det er meir krevjande, men også meir ekte.
DATING: Nokre blir lei av overflatiske datingappar og søker heller meir ekte møte enn sveiping.
Foto: NRKI fyrste kvartal av 2024 var Tinder, Hinge og Happn er dei mest brukte datingappane i Noreg, ifølgje analyseselskapet Sensor Tower.
Tala på betalande abonnentar på Tinder auka fram til 2022, men har sidan gått ned, ifølgje DemandeSage.
I juni varsla datingappen Bumble at dei kutta 30 prosent av dei tilsette, som følgje av søkkande brukartal og manglande utvikling, ifølgje Reuters.
I juni sa datingappen Bumble opp 30 prosent av sine tilsette.
Foto: Sue Ogrocki / AP / NTBSletta – og lasta ned igjen
Emilie (24) har sletta Tinder fleire gonger. Ho ønskte ikkje å stille med etternamn og bilete i saka.
– Eg endar med å laste den ned igjen når eg kjedar meg, seier ho.
Ho har møtt mange, men det blir sjeldan noko seriøst.
Emilie fortel at ho slettar datingappar, men lastar dei ned igjen når ho kjedar seg.
Foto: AAMIR QURESHI / AFP / NTB– Dei fleste eg møter vil ha noko uforpliktande, og det passar ikkje for meg no. Det er lite nærleik og mykje fokus på det fysiske. Eg vil ha noko meir.
– Folk er ikkje så opne. Det blir litt flat stemning, eigentleg.
Dating fatigue
Tina Kruse (42) sletta nyleg både Hinge og Tinder etter fleire månader med forsøk på å finne ein relasjon.
– Eg kalla det dating fatigue. Eg opplevde at det fungerte betre då eg var ute etter noko uforpliktande. Men då eg blei klar for noko meir, blei det mykje tyngre.
Tina Kruse.
Foto: PrivatHo trur noko av problemet ligg i ulik bruk av appane.
– Eg siler før eg sveiper, medan mange menn sveiper på alt og siler etterpå. Det gir altfor mange matchar som eigentleg ikkje passar.
Professor meiner det blir eit valparadoks
– Folk blir slitne og nedstemte av å bli avvist eller spelt av algoritmen, seier professor i psykologi Leif Edward Ottesen Kennair.
Han peikar også på valparadokset: Det er vanskeleg å velje når ein har for mange alternativ.
Kennair seier vi ikkje har sikre tal på om fleire slettar appane, men at det er forståeleg at mange gir opp.
Han trur det handlar om ei kjensle av framandgjering.
Professor i psykologi ved NTNU, Leif Edward Ottesen Kennair.
Foto: Aurora NordnesHan anbefaler meir organiske måtar å møtast på, der det er enklare å vise kven ein er.
– Eg høyrde nyleg om ein trend der vener introduserer kvarandre på utestader. Det gir ein sosial garanti og kjennest tryggare, spesielt for kvinner.
NRK har tidlegare skrive om «Smingle» eit konsept som arrangement sosiale treff for single.
At nokre oppsøker datingcoachar tolkar han som eit teikn på at dei ønskjer hjelp.
– Vi har individualisert partnarvalet, men utan å gi folk verktøya. Det har blitt kaotisk. Folk vil jo få det til, men veit ikkje heilt korleis.
Publisert 23.07.2025, kl. 10.49