– Å få ein heilt rettferdig geografisk representasjon i ei regjering, er bortimot umogleg.
Det seier Yngve Flo, valekspert og professor i politisk historie ved UiB.
Då Senterpartiet tysdag gjekk ut av Støre-regjeringa, var det store spørsmålet kor dei nye Ap-statsrådane skulle komme frå rundt om i landet.
Dette er fasiten:
- Vestland mista tre statsrådar og fekk ingen nye.
- Fleire austlandsfylke får nye statsrådar. Totalt blir no fire av statsrådane frå Oslo vest, inkludert Jens Stoltenberg.
- Agder jublar over å få to statsrådar, for første gong i ei Ap-regjering på 60 år. Også Rogaland har no to statsrådar.
- I Møre og Romsdal kravde Ap på førehand å få ein statsråd etter mange år utan, ifølgje VG. Men no må fylket nok ein gong svelgje eit nederlag på den fronten.
– Nokre valdistrikt skal ut frå kjøtvekta normalt ha meir enn andre distrikt, men nokon vil alltid føle seg forbigått, nærast same kva regjering ein snakkar om, seier valekspert Flo.
Oslo har dei tyngste postane
Austlandet styrkar stillinga si i den reine Ap-regjeringa, påpeikar professoren.
– Austlendingane utgjer over halvparten av regjeringa. Landsdelen har også halvparten av innbyggarane i Noreg, seier Flo.
Han viser til at Oslo no har både statsministeren, finansministeren og utanriksministeren.
– Oslo er ofte overrepresentert når det gjeld dei tyngste statsrådspostane.
Vestlandet har mista tre postar i regjeringa til Austlandet og ein til Sørlandet. Ingen av statsrådane i den nye Støre regjeringa er frå Nord-Vestlandet.
– Vi hadde ønska oss ein statsråd, det er det ingen tvil om. Men eg er veldig glad for at vi no har tre statssekretærar, seier Brekken.
Ho er fylkesleiar i Møre og Romsdal og ordførar i Aure, men går no inn i Landbruksdepartementet.
NHO Møre og Romsdal er blant dei som no er skuffa.
– Det er uheldig på mange vis. Vi har eit ekstremt viktig eksportretta næringsliv. Vi er avhengig av dei politiske premissane som blir lagde, seier regiondirektør Lene Trude Solheim.
– Ikkje mykje å klage over
Til samanlikning får Vestland ingen statssekretærar, men to politiske rådgjevarar.
– Eg skulle gjerne hatt fleire vestlendingar i regjering, men resultatet er veldig godt. Stoltenberg er bra for oss, seier fylkesvaraordførar Stian Davies (Ap) til NRK.
– Vår fremste prioritet har vore at Lubna Jaffery skal fortsette som kulturminister, seier Marte Mjøs Persen, fylkesleiar i Vestland Ap.
Fylket har liten grunn til å sutre, meiner valekspert Yngve Flo.
– Det er opplagt eit tap for Vestland, men det i store bildet har dei ikkje så mykje å klage over. Over tid har Hordaland og særleg Sogn og Fjordane vore godt representert i regjeringar.
Han peikar på at Vestlands to valdistrikt som regel har vore betydeleg overrepresentert dei siste 25–30 åra.
Det viser statistikk han har samla over regjeringane sidan andre verdskrig, der han tek høgde for folketal over tid.
Oslo-dominans på Austlandet
Sjølv om det ofte er snakk om ein austlandsdominans i regjering, visar statistikken hans at Oslo har vore sterkast representert i regjeringane sidan 1945.
På andreplass kjem Finnmark, deretter Trøndelagsfylka og Hedmark.
Dårlegast representert er Østfold, Oppland, Vestfold og Buskerud.
Det meiner Flo er overraskande. Men han har ei forklaring:
– Forklaringa kan vere at statsministrar ofte er opptekne av at distriktsfylke i andre landsdelar ikkje skal få svi for at Oslo er overrepresentert, seier Flo.
I den nye regjeringa blir fleire austlandsfylke styrka i representasjonen. Men Buskerud blir på ny forbigått.
– Buskerud har knapt vore representert i regjeringar sidan 2001, seier Flo.
Trøndelag blir derimot styrka no.
– Trøndelag har over tid vore sterkt til stades i regjeringar, seier Flo.
Publisert 04.02.2025, kl. 18.38