Ordførar i Lom: – Erklært full krig

5 hours ago 7


I kommunestyremøtet i Lom måndag kveld erklærte ordførar Kristian Frisvold krig mot fylkestingspolitikarar.

– Vi treng ikkje å vere saklege lengre, vi kan gå etter person. Det betyr at alt er lov, det er konklusjonen min på sånn åtferd, seier Frisvold mens ordet er hans under møtet.

Frå talarstolen seier han at han har kontakta journalistar og bede dei grave i fylkestingspolitikarar frå Arbeidarpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, og hans eige parti Høgre.

– Vi skal ha opp all mogleg drite. Får eg dokumentasjon så bruker eg det. Sånn er stoda. Det er krig, slår ordføraren fast.

Han oppfordrar også andre enn journalistar til å komme med informasjon som kan brukast mot politikarane, fordi «det er tydeleg at sakleg argumentasjon ikkje når fram».

– Antidemokratisk

Thomas Breen, fylkesordførar frå Innlandet Arbeidarparti, tek avstand frå utsegnene til ordførar Kristian Frisvold.

– Det er jo voldsomme utsegn og eg tek avstand frå slike utsegn. Det er trist at man ender der og det er veldig antidemokratiske ord, seier Breen.

Også fylkesvaraordførar frå Høgre, Hanne Alstrup Velure, seier det er heilt uakseptabelt.

– Det er opphausande.

– Som ordførar står man ikkje og seier at det er krig og snakkar om andre politikarar på den måten. Det er ikkje slik vi gjer det i Noreg.

Tryggleikseininga varsla

Som følge av utsegna har tryggleikseininga i fylkeskommunen blitt varsla.

– Nokon føler det som ganske truande, seier fylkesvaraordføraren.

Ordføraren er knytt til Høgre. Hanne Astrup Velure seier at det bryt med dei etiske retningslinene til Høgre.

– Uansett kven man gjør det mot, så skal det ikkje skje. Våre etiske retningslinjer i Høgre seier at vi er menneske som vil kvarandre vel. Det gjeld ikkje berre oss sjølv i Høgre, men også andre menneske og folk i andre parti. Dette er uakseptabelt.

Publisert 21.10.2024, kl. 20.35 Oppdatert 21.10.2024, kl. 20.54

Read Entire Article