Johan Målen fekk seg ei overrasking då han skulle ut på fisketur med kompisen sin søndag føremiddag.
Han var på veg ut av båten for å hente noko han hadde gløymd i bilen, då han oppdaga ein kvalross på kaia.
– Eg skvatt no litt, og måtte hoppe tilbake i båten. Den låg berre tre, fire meter frå båten, seier Målen.
Det var Tidens Krav som omtala saka først.
Denne kvalrossen låg å sola seg i på kaia i Kristiansund søndag.
Foto: Johan Målen / privatHan torde ikkje å gå på land der kvalrossen låg. Så dei måtte gå ut med båten, og legge til kai ein anna plass for å få henta det han hadde gløymd i bilen.
Johan Målen har aldri sett ein kvalross i levande live før.
– Det er ikkje daglegdags. Ei stor oppleving å sjå at den låg der. Det er ikkje kvar dag du går på noko slikt.
Johan fekk knipsa eit par bilde av kvalrossen som låg å sola seg.
Foto: Johan Målen / privatUvanleg syn langs kysten
I september i fjor vart det observert to kvalrossar på tur i Bodø. Då Rune Aae, som ofte har blitt titulert som «kvalross-ekspert» at det kunne vere eit godt teikn for den utryddingstruga arten.
Det kan nemleg bety at populasjonen er i ferd med å bli meir talrik.
Aae, som no jobbar som seniorrådgjevar ved Birdlife, har god greie på kvalrossar. Han seier det er sjeldan at ein kvalross tar turen så langt sør som på Nordmøre, fordi dei eigentleg bur på Svalbard.
– Hald 30 meter avstand. Kvalrossen har middagskvil og må få slappe av. Jo meir vi går inntil, jo meir stressa blir ho.
Ikkje første kvalrossen på land
I 2013 vart det også observert ein kvalross i Kristiansund. Den enda med å bli avliva, som igjen førte til ein stor diskusjon om det var rett.
Og mange huskar kanskje den kjente kvalrossen Freya, som dukka opp i Oslo i 2023. Den vart også til slutt avliva, og fekk til og med sin eigen statue.
Kvalrossen Freya levde eit liv i sus og dus før den enda med å bli avliva.
Foto: NRK / NRKKvalrossen er rekna som eit farleg dyr, og ein bør halde god avstand.
Måtte ut på fisketur i sola
Etter det uvanlege synet reiste dei to karane ut på sjøen i finvêret som Kristiansund byr på denne søndagen.
– Eg har ikkje fått napp, men kompisen min har fått eit par småsei, seier Målen.
Geir Olsen og Johan Målen reiste på fisketur etter eit spektakulært møte med ein kvalross søndag.
Foto: Johan Målen / privatHan klarer ikkje å seie sikkert kor stor kvalrossen var, men større enn han i alle fall.
– Eg veit den var liten. Dei kan jo bli eit par tonn tunge, seier han.
Publisert 01.03.2026, kl. 15.35














English (US)