Ønsker Ropstad-comeback

1 month ago 30


– Vi hugsar alle saka om guterommet. Eg meiner han løyste det på ein førebiletleg måte og kom styrka ut av det, og eg er sikker på at Ropstad ville vore ein god leiar for KrF, seier Andreas Bjorland (KrF).

Han er ordførar i Hå i Rogaland, kommunen som er det reinaste utstillingsvindauge for KrFs politikk. Hå har hatt KrF-ordførar det siste tiåret, og er kjend for ei raus ordning med kontantstøtte.

Nå peiker Bjorland ikkje berre på Ropstad, men ein heil trio han meiner bør bli den nye leiinga i KrF, etter at Olaug Bollestad trakk seg som leiar torsdag kveld.

Andreas Bjorland

Hå-ordførar Andreas Bjorland (KrF) meiner Kjell Ingolf Ropstad bør bli ny leiar.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Eg trur Ropstad ville vore ein samlande og god leiar i lag med Hadle Rasmus Bjuland som nestleiar, seier han.

Ida Lindtveit Røse som i dag er nestleiar, omtalar han som ein dyktig politikar som er med og utfyller dei andre to.

  • Ida Lindtveit Røse

    Ida Lindtveit Røse

  • Hadle Rasmus Bjuland

    Hadle Rasmus Bjuland

    • Leiar i KrFU.
    • Vararepresentant for Rogaland 2021-2025.

Eit meir verdikonservativt KrF?

Hadle Rasmus Bjuland kjem frå same kommune som Bjorland. Han er leiar i KrFU og skapte overskrifter i sommar då han uttalte til Aftenposten at han støtta «tradwife»-trenden.

Begge desse er konservative kandidatar. Ønsker du eit meir verdikonservativt KrF?

– Eg trur ikkje vi skal dele kandidatar inn i konservative eller liberale. Eg trur dei vil vareta breidda i partiet, seier Bjorland.

Ingelin Noresjø var nestleiar då Ropstad leia KrF. I dag er ho leiar i NHO og peikar ikkje på gamle-sjefen.

Ingelin Noresjø

Ingelin Noresjø meiner dagens nestleiar bør bli KrF sin nye leiar.

Foto: Lisbeth Skei / NRK

– Han er ein flott leiar og særdeles dyktig politikar, men eg trur han når han seier at han er ferdig på Stortinget. Og gitt heile historia, trur eg det er lurt å gi stafettpinnen over til nokon heilt nye, seier ho som ønsker seg Ida Lindtveit Røse på topp.

– Ho har lenge vist seg som ein solid politikar. Ho er modig, skarp og eit stort politisk talent. Eg har sett på henne som ein framtidig leiarkandidat, seier Noresjø.

Leiartrioen meiner ho bør utfyllast med Jorunn Lossius frå Agder og Hans Olav Syversen frå Oslo.

  • Jorunn Elisabet Gleditsch Lossius

    Jorunn Lossius

    • Vararepresentant for Vest-Agder 2021-2025.

  • Hans Olav Syversen (Krf)

    Hans Olav Syversen

    • Sist innvalgt som representant for Oslo 2013-2017.

I morgon skal sentralstyret samlast for å staka ut vegen vidare etter Bollestad.

Leiar i nominasjonskomitéen, Reid Ivar B. Dahl, har tidlegare uttalt til NRK at den nye partileiinga skal reflektere at dei er eit landsdekkande parti.

– Den nye leiaren må har stor tillit i partiet og ha god evne til å formidle KrF sin politikk. Eg er sikker på at vi skal klare å finne den personen, seier han.

Vil ha ny leiing på plass raskt

Bjorland håpar nominasjonskomitéen arbeider raskt for å finne ein ny permanent leiartrio. Og at det bør vere på plass før det ordinære landsmøtet til våren.

– Vi kan meine mykje om det partiet har vore gjennom dei to siste vekene, men vi treng stabilitet til å bygge opp ei ny leiing fram mot valet. Når vi har desse på plass, meiner eg vi bør ha eit ekstraordinært landsmøte slik at vi får landa trioen, seier han.

Kjell Ingolf Ropstad skriv i ein sms til NRK at han har takka nei til renominasjon og ikkje er kandidat til leiarvervet.

Publisert 27.08.2024, kl. 19.00 Oppdatert 27.08.2024, kl. 19.15

Read Entire Article