Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
Havforskingsinstituttet har vore på fleire kartleggingstokter i Jan Mayen-området. Her frå 2020. (Foto: Havforskingsinstituttet)
Nok larvar kan slå seg ned i heimtraktene til at det er mogeleg med ein eigen torskebestand kring Jan Mayen, syner nye resultat. Det vil kunne få konsekvensar for den tilrådde forvaltninga i området.
Heilt sidan torsk vart fiska i farvatnet kring Jan Mayen tilbake i 2018, har forskarane prøvd å nøste opp i kvar han stammar frå.
Er han innfødd eller ein tilflyttar til vulkanøya?
Genetikkanalysar og dei såkalla otolittane fortel at torsken har blanda opphav – han stammar både frå Island og frå Barentshavet. Men, han er genetisk ulik begge bestandane.
Otolittar er øyresteinar som forskarar kan ta ut av fisken og blant anna lese alder og skilje mellom kysttorsk og skrei.
No har havforskarane undersøkt om det er mogeleg at Jan Mayen-torsken kan vere ein eigen bestand.
Må syte for seg sjølv
Sokkelen ved Jan Mayen har nyleg vorte identifisert som eit gytefelt for torsk.
– Om denne torsken skal vere ein sjølvrekrutterande bestand, krevst det at nokre av individa som vert gytte nært øya, også vert verande i området – at dei ikkje vert spreidde for alle vindar, seier havforskar Bjarte Bogstad.
Dette går det faktisk an å rekne ut. Og det er her havforskar Håvard G. Frøysa kjem inn.
Frøysa har simulert skjebnen til desse torskeegga og -larvane – frå den spede starten ved vulkanøya i Norskehavet til yngelen botnslår.
183 dagar seinare
Ved hjelp av ein avansert oseanografisk modell har Frøysa undersøkt drivbanene til torskeegg og -larvar i åra 2001 til 2020. Det er årsklassar som samsvarar med fiskeridata frå kartleggingstokt ved øya.
– Vi har etterlikna gyteåtferda til torsken i modellen. Individa vert sleppte til ulike tider og på ulike plassar. Vi har estimert dei ut frå fangstdataa vi har frå kartleggingstokta våre, forklarar Frøysa.
Ved Jan Mayen gyt torsken litt seinare på året. Kvart individ utviklar seg i tillegg nokre knepp saktare fordi vatnet er kaldare enn i Barentshavet.
Egga flyt rundt ein dryg månad før dei klekker. Larvane held seg så i opent vatn i nokre månadar. Men når yngelen nærmar seg eit halvt år gamle, då er det på tide å slå seg ned.
– Om larvane framleis er i heimtraktene og i område kor det er grunt nok til at dei kan botnslå, i oktober til november, reknar vi dei som behaldne, seier havforskaren.
Brorparten har utflyttar-trong
Resultata viser at det er store variasjonar frå år til år. Nokre år er det knapt eit einaste individ som er att kring Jan Mayen innan dei botnslår.
– Men andre år kan meir enn 20 prosent av larvane verte verande, slik at Jan Mayen-området beheld dei, seier Frøysa.
Torsken er fruktbar, og dødelegheita varierer veldig for egg og larvar. Ein bestand kan dermed bevare seg sjølv endå eit fåtal av larvane vert att kring øya frå eitt år til det neste.
– Funna våre tyder på at det er potensial for ein eigen bestand, seier Frøysa.
Men det krevst fleire og andre typar undersøkingar for å få endeleg fasit, presiserer havforskaren.
Om Jan Mayen-torsken er ein eigen bestand, vil det kunne få konsekvensar for den tilrådde forvaltninga i området.
Vidare syner resultata at torskeegga og -larvane som forlet heimtraktene, vert førte mykje på same kurs: sørvestover mot Aust-Grønland.
Referanse:
Håvard G. Frøysa mfl.: On the Retention of Cod Early Life Stages Spawned at Jan Mayen. Fisheries Oceanography, 2024. Doi.org/10.1111/fog.12719