Ny internasjonal kritikk av norske fengsel: – Flautt og uakseptabelt

14 hours ago 6


Norske fengsel er igjen i søkelyset etter at Den europeiske torturkomiteen (CPT) la fram sin siste rapport.

Kritikken er krass: Innsette blir stengt inne på cellene opptil 22 timar i døgnet, medan tilgangen til psykisk helsehjelp og eigna fasilitetar er svært mangelfull.

CPT sin rapport kjem kort tid etter at Sivilombodet gjennom NRK slo alarm om forverra og «uhaldbare» forhold i norske fengsel.

– Dette kan ikkje halde fram. Noreg må følgje opp denne kritikken. Me er eit føregangsland på menneskerettar, men denne typen rapportar viser at me må feia for eiga dør, seier Adele Matheson Mestad, direktør i Noregs institusjon for menneskerettar.

Helga Fastrup Ervik, sivilombudet, fengsel

UMELDT BESØK: Førebyggingseininga hos Sivilombodet har besøkt 10 norske fengsel i 2023 og 2024. Konklusjonen er nedslåande.

«Omfanget av sjølvskading er høgt»

I fjor haust blei Noreg dømt i Den europeiske menneskerettsdomstolen etter at ein innsett tok sitt eige liv i varetekt.

Det skjer etter at norske styresmakter i årevis har fått kritikk frå inn- og utland for korleis dårleg bemanning og lite tilrettelagde fengsel fører til at innsette blir stengt inne på cellene i lange periodar av gongen.

Det er også torturkomiteen opptekne av, som besøkte fleire norske fengsel i mai i fjor:

  • CPT rapporterer at innsette i isolasjon framleis sit opptil 22 timar åleine på cella og krev tiltak for å redusere det restriktive regimet.
  • Dei peikar også på høgt omfang av sjølvskading, mangelfull psykisk helsehjelp og mangel på stabilt helsepersonell, noko som svekker helsetilbodet i fengsla.
  • «Vidare er omfanget av sjølvskading framleis høgt i norske fengsel (...)»

– Funna samsvarar me våre

Nyleg skreiv NRK om innsette Johannes, som er ein av mange norske innsette som har opplevd lange periodar på isolasjon.

Sivilombodet har dei siste to åra besøkt ti fengsel og avdekt alvorlege funn.

NRK var med då førebyggingseininga besøkte Stavanger fengsel i fjor haust.Også her fann dei døme på maktbruk som Sivilombodet meiner er i strid med forbodet mot umenneskeleg og uverdig behandling i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

Helga Fastrup Ervik, Sivilombodet

– NEDSLÅANDE: Helga Fastrup Ervik har besøkt norske fengsel over hundre gongar sidan førebyggingseininga blei oppretta. Ho er sterkt bekymra for forholda i norske fengsel.

– Det har vore nedslåande å besøka norske fengsel i 2023 og 2024, uttalte avdelingsleiar Helga Fastrup Ervik til NRK.

Isolasjon skader innsette både fysisk og psykisk – noko torturførebyggingseininga har dokumentert gjentatte gonger. Forholda har ikkje blitt betre, trass i at dei slo dei full alarm i 2019.

– Det er svært alvorleg at innsette som skader seg sjølve blir møtt med tryggingstiltak som blir opplevd som straff, seier avdelingsleiar Fastrup Ervik om det CPT slår fast i sin rapport.

Ho understrekar at funna i rapporten samsvarar med Sivilombodet sine eigne vurderingar etter besøk i ti norske fengsel dei siste to åra.

– Me har særleg merka oss komiteen sine funn om oppfølging av isolerte innsette.

fengsel, isolasjon

HØGSIKKERHEIT: Slik ser ei forsterka celle ut i Bergen fengel. Cella har toalettrom, fastmontert seng, ei hylle og ein tv-skjerm bak knussikkert glas.

– Flautt

– Det er direkte flautt at Noreg igjen får kritikk for måten innsette sonar. Me kan betre enn dette, seier justispolitisk talsperson for SV, Andreas Sjalg Unneland.

Unneland rettar skarp kritikk mot regjeringa for manglande oppfølging av isolasjonsbruken i norske fengsel. Han viser til at Sivilombodet har dokumentert korleis isolasjon skader innsette, utan at lovforslaget som skulle sikra betre soningsvilkår har blitt følgt opp.

Han las med bekymring Sivilombodet si oppsummering hos NRK like etter nyttår.

Andreas Unneland under stortingets spørretime i januar. Han har på seg dressjakke, SV-pin og blå skjorte. Han har brunt hår gredd til siden og ser mot høyre, hvor man ser bakhodet til en blond kvinne.

BER OM TILTAK: Medlem av Stortingets justiskomite Andreas Sjalg Unneland.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Me skader menneske, og det må ryddast opp i. At me bryt menneskerettar og påfører innsette varige skadar, er heilt uakseptabelt, seier han.

Unneland har sendt spørsmål til justisministeren og etterlyst handling. Ministeren viser til ei offentleg utgreiing som kjem 1. mars, men Unneland meiner utviklinga går i feil retning.

– Lovfesting er heilt naudsynt for å sikre ei tydeleg rett. Det ville forplikta både regjeringa og Stortinget til å prioritera dette, seier han og legg til.

Eg håpar den internasjonale kritikken blir ein vekkar for regjeringa.

Statssekretær John-Erik Vika (Sp) trekk fram at CPT-rapporten gir Noreg ros for behandlinga av friheitsrøva, men at den også rettar skarp kritikk mot helsetilbodet i fengsla og bruken av isolasjon.

– Me tek kritikken frå CPT på alvor og vil adressere denne i vårt tilsvar, som vil koma før sommaren.

Publisert 27.01.2025, kl. 06.02

Read Entire Article