– Det viktigaste funnet, er at ein kan ha hjartestans og vere klinisk død mykje lenger når ein er alvorleg nedkjølt, samanlikna med når ein har normal kroppstemperatur.
Det seier Torstein Lindahl Schanche. Han er lege, og har i år fullført doktorgrad om behandling og gjenoppliving etter nedkjølingsulukker ved UiT Norges arktiske universitet.
– Vi ser òg at effekten av behandling i akuttfasen, kan vere endra ved låg kroppstemperatur, fortel han.
– Kan overleve lenger med låg blodtilførsel
Når ein er kald, treng kroppen nemleg mindre blodtilførsel og mindre oksygen.
Schanche presiserer at det uansett er heilt avgjerande å komme raskt i gang med hjarte- og lungeredning.
Normal kroppstemperatur er 37 grader celsius. Når kroppstemperaturen fell under 35 grader, blir det kalla hypotermi.
Om kroppen blir nedkjølt til ein temperatur under 28 grader, blir du rekna som alvorleg nedkjølt, og hjartet vil ofte slutte å slå.
– Det som skjer når ein får hjartestans, er at ein får eit opphøyr av blodsirkulasjonen. Spesielt hjernen er veldig sensitiv for det. Blodet fører oksygen til hjernen, og utan oksygen døyr cellene i hjernen veldig raskt, forklarar han.
– Kor lenge kan ein alvorleg nedkjølt person overleve?
– Eg trur rekorden er hjarte- og lungeredning i opp mot 7-8 timar før ein har gjenoppliva personen, eller før ein har fått sirkulasjon tilbake. Og det har gått bra.
Torstein Lindahl Schanche er lege, og har fullført doktorgrad om behandling og gjenoppliving etter nedkjølingsulukker ved UiT Norges arktiske universitet.
Foto: Privat– Vanskeleg å forske på nedkjølingsulukker
Dessverre er hypotermi og nedkjølingsulukker vanskeleg å forske på.
– Forsking på nedkjølte pasientar kan ein ikkje gjere eksperimentelt. Nedkjølingsulukker skjer ganske sjeldan, og etiske og praktiske avgrensingar gjer at forsking på pasientar i stor grad ikkje lar seg gjennomføre, seier Torkjel Tveita.
Han er professor emeritus ved Institutt for klinisk medisin ved UiT Norges arktiske universitet, og har leia hypotermiprosjektet. Eit prosjekt som har resultert i fleire doktorgradar.
Dei har brukt forsøksdyr. Vaksne grisar har fått narkose og blitt nedkjølte.
– Er det forsvarleg å bruke denne forskingsmetoden?
– Det finst jo veldig klare retningslinjer og føringar for kva ein har lov til å gjere på forsøksdyr. Det er veldig strenge forordningar, som vi må søke på i prosjektbeskrivinga vår, og få godkjent av myndigheitene, opplyser Tveita.
– Informasjon ein ikkje kan hente frå menneske
Forskarane fann ut at det fungerer å varme opp eit forsøksdyr og få hjartet i gang, sjølv etter tre timar med hjarte-lungeredning.
For ein person med normal kroppstemperatur, er dette tidsvindauget berre 20 minutt.
Forskingsresultata kan til ein viss grad overførast til livreddande behandling på menneske. Slik forsking blir kalla translasjonsforsking.
Schanche seier at ein skal vere forsiktig med å dra data frå forsøksdyr direkte over til pasientbehandling.
Tveita trekkjer fram noko nyttig:
– Det vi kan gjere i laboratorium – som vi ikkje i like stor grad kan gjere i klinisk medisin, er å måle effektar. Til dømes kor stor blodgjennomstrøyming ein kan forsyne ulike organ med. Slik informasjon kan ein ikkje hente frå menneske.
Torkjel Tveita er professor emeritus ved Institutt for klinisk medisin ved UiT Norges arktiske universitet, og har leia hypotermiprosjektet ved universitetet.
Foto: Jakob Bjørvig Henriksen / UiT«Kjøper» seg tid til å frakte pasienten til sjukehus
I eksperimenta har dei brukt eit tidsvindauge på tre timar, fordi det kan vere den tida det tek å evakuere og transportere ein nedkjølt pasient i Nord-Norge.
– Essensen er at når temperaturen blir redusert, treng kroppen mykje mindre oksygen enn ved normal temperatur. Dermed «kjøper» ein seg tid til å kunne frakte pasienten til sjukehus, fortel Tveita.
Fleire tenkjer kanskje raskt på skredulukker, når forskinga føregår i Nord-Norge, men Tveita fortel at det ofte er andre typar ulukker som fører til nedkjøling.
– Skredulukker fører ikkje alltid til nedkjøling. Eg vil seie at det sjeldnare fører til nedkjøling. Dei som blir tekne i skred er ofte atletiske personar, som er veldig godt kledde.
Schanche fortel at dei har sett på alle typar ulukker der ein blir så kald at ein kan få hjartestans.
– Alt frå folk som er ute i fjella og blir nedkjølte og skadar seg, eller folk som hamnar i sjøen. I større byar er det også mange som ved å bli liggande ute, kan bli alvorleg nedkjølte.
UNN: – Ei handfull slike pasientar årleg
Tveita seier at den beste måten å varme opp alvorleg nedkjølte pasientar på, er å bruke ei hjarte-lunge-maskin – noko som berre finst på dei store sjukehusa.
Det er heldigvis ikkje mange pasientar som treng slik behandling.
– Du kan telje på ei hand kor mange som er så alvorleg nedkjølte at dei treng oppvarming på hjarte-lunge-maskin hos oss årleg, fortel Ole Magnus Filseth.
Han er klinikkoverlege på prehospital klinikk ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN).
– Og så er det nokon som ikkje er så alvorleg nedkjølte, som har ein stabil eigen sirkulasjon. Dei kan varmast opp med varmluftsteppe, som finst på alle sjukehus.
– Kva slags type ulukker er det?
– Det kan vere unge, friske folk som er på ein lang skitur og blir overraska av uvêr. Dei blir utmatta og nedkjølte. Det kan også vere eldre folk som er ute og går, fell og ikkje klarer å komme seg opp – og blir funne etter nokre timar. Det kan vere folk som har vore på fest, er rusa og legg seg til å sove i ei grøft, fortel han.
Ole Magnus Filseth, klinikkoverlege ved prehospital klinikk ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN), seier at det er ei handfull pasientar årleg som er så nedkjølte at dei treng oppvarming med hjarte-lunge-maskin.
Foto: Maria Philippa RossiPublisert 21.07.2025, kl. 05.21