No går Moldova til stemmeurnene

1 month ago 10


Inneklemt mellom Ukraina og Romania ligg vesle Moldova, med sine 2,4 millionar folk, forgylte kyrkjespir og vingardar.

Og narkotika-, våpen- og menneskesmugling.

Dette er landet som har hamna midt i ein dragkamp mellom EU og Vesten på ei side, og Russland og Austen på den andre.

I dag avlegg folket i Moldova to stemmer.

Den eine på kven som skal vere landets president dei neste fire åra. Den andre på om Moldova skal ta eit stort steg vidare mot EU-medlemskap.

Valet blir kalla et vegskilje mellom aust og vest.

Skal folket i Moldova velje sittande statsminister Maia Sandu og hennar utstaka veg mot EU-medlemskap og vestlege alliansar, eller la den prorussiske delen av befolkninga vinne fram og gi makta til ein som vil ta landet i motsett retning?

Moldavas president, Maia Sandu, avlegger sin stemme i valget i Moldova.

Moldovas president Maia Sandu avlegg si stemme i valet. Vil ho framleis vere president etter at resultatet er tald opp?

Foto: Daniel MIHAILESCU / AFP

Helsingforskomiteen: – Kjøper stemmer

– Ein ting som gjer Moldova til eit farleg land, er nettopp at det er så korrupt og fattig. Det gjer det veldig mykje enklare å kjøpe valstemmer, for dei som vil det, seier Arve Hansen ved Den norske Helsingforskomiteen, og legg til:

– Og så lite som landet er, er det er ikkje mange stemmene du treng å kjøpe før du faktisk påverkar utfallet.

I vår ferska tollarane på Chisinau lufthamn meir enn 100 passasjerar som kom frå Russland via Armenia, som alle hadde med seg rett under 10.000 euro i kontantar. Beløp på meir enn 10.000 euro må ein deklarere til tollvesenet.

Pengane skulle bli brukte til å kjøpe valstemmer imot Sandu og EU.

Dette blir skildra som starten på det moldovske styresmakter har kalla ei «destabiliseringskampanje utan sidestykke» frå russisk side.

Russland nektar for å blande seg inn i politikken i Moldova, skriv BBC.

Presidentkandidat Alexandr Stoianoglo ved et valglokale i Moldova 20. oktober 2024.

Presidentkandidat Alexandr Stoianoglo ved eit vallokale i Moldova i dag.

Foto: Vladislav Culiomza / Reuters

Propagandakamp

Regjeringa annonserte tidlegare år at dei gir 350 millionar kroner i bistand til Moldova gjennom det såkalla Nansen-programmet.

Utanriksminister Espen Barth Eide har vore i Moldova heile to gongar i år, seinast denne veka.

– Russland driv no ei veldig kampanje for å prøve å påverke land i det austlege Europa til å bli meir russiskvenlege igjen. Det er masse bevis på kjøp av stemmer, manipulering av informasjon og svertekampanjar mot sittande styresmakter, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Særleg kampen mot «LHBT-ideologi» blir brukt flittig av Russland, som veit at både skepsis og aversjon mot homofili er utbreitt i Moldova.

– Det er mykje propaganda som skal prøve å appellere til ein meir tradisjonell kultur på landsbygda, ved å seie at i EU må ein feire pride heile tida og ha masse homovenlege lover, seier Eide.

Helsingforskomiteen har jobba med LHBT-miljøet og hatkriminalitet i Moldova i mange år, fortel Hansen. Han meinar det ikkje er tilfeldig at LHBT-rørsla har blitt syndebukken:

– Det er deira måte å knytte EU-spørsmålet til ein større ideologisk kam. Dei vil framstille det som at Russland representerer det tradisjonelle, kristne og korrekte, medan EU er degenerert og homofilt.

Valmedarbeidarar bærar med seg ein «mobil» stemmeboks i mens dei besøker velgarar Moldova.

Valmedarbeidarar bærar med seg ein «mobil» stemmeboks i mens dei besøker velgarar Moldova.

Foto: Vladislav Culiomza / Reuters

– Ein kvitvaskingshub

Men kvifor skal to av verdas stormakter bry seg slik om det som trass alt er eitt av Europas aller fattigaste land?

Det er det fleire grunnar til. Eit kjapt søk på Google Maps, avslører den første og kanskje største.

Landet har nemleg 1200 km med grense til Ukraina.

– Dei er veldig opptatt av korleis det går i Ukraina no. Går det dårleg med dei, fryktar dei at dei er neste. På same måte er Ukraina, og Europa for så vidt, opptatte av at Ukraina ikkje skal få eit russisk protektorat vest for seg, seier Eide.

Sidan Moldova ikkje er med i EU, slepp landet mange økonomiske reguleringar.

– I kombinasjon med fattigdomen og korrupsjonen, har det gjort landet til ein kvitvaskingshub for delar av Europa. Pengar straumar frå Russland via Moldova til Storbritannia og Baltikum. Dette er eit favorittland for fleire av dei russiske oligarkane, seier Hansen.

I tillegg går store deler av narkotika-, våpen- og menneskesmuglinga som skjer i Europa, gjennom Moldova.

– Alt dette spreier seg lett til andre europeiske land. Dette er nok ein grunn til at EU er veldig opptatte av å få innlemma Moldova i sine reguleringar, seier Hansen.

Også mange moldovere i Russland avlegger sin stemme i valget. Disse hadde møtt opp ved ambassaden i Moskva.

Også mange frå Moldova som bur i Russland avlegg si stemme i valget. Disse hadde møtt opp ved ambassaden i Moskva.

Foto: Evgenia Novozhenina / Reuters

Publisert 20.10.2024, kl. 19.27 Oppdatert 20.10.2024, kl. 19.30

Read Entire Article