Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Betennelsar fører ofte med seg smerte. (Foto: Pixabay)
Forskarane testa den smertestillande effekten av eit nyutvikla mogleg legemiddelmolekyl. Men det verka berre på hannmus.
Superfeittsyrer har potensial til å bli nye legemiddel mot betennelsar som ikkje vil gå over.
I artikkelen Superfeittsyrene er ekstremt gode til å løysa opp betennelsar kan du lese om korleis Karina Ervik har bygd ein syntetisk versjon av molekylet til superfeittsyra RvD5n-3 DPA, som finst naturleg i kroppen.
Ho er forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.
Kan ein byggja eit molekyl med dei betennelsesdempande eigenskapane til superfeittsyrer, men som ikkje vert brote like raskt ned i kroppen?
– Vi veit kva del av molekylet som er utsett i nedbrytingsprosessen, så den delen har vi endra. Resten har vi behalde i håp om at vi då òg beheld dei eigenskapane vi ynskjer. Tanken er at det nye molekylet vil ha lengre tid på seg til å verka i kroppen før det vert brote ned.
Studerte den smertestillande effekten
Det tok Ervik eit halvt år med målretta arbeid på laben å byggje det nye molekylet. Deretter vart det send til testing av samarbeidspartnerar ved Duke University i USA. Dei forskar på nevropatisk smerte, smerte som skriv seg frå skade eller sjukdom i nervesystemet.
– Poenget er at betennelsar ofte fører med seg smerte, så vi ville testa den smertelindrande effekten av det nye betennelsesdempande molekylet. Verda har eit stort behov for nye smertestillande medikament utan biverknadar og fare for avhengigheit, forklarar Ervik.
– Vi testa det gamle molekylet mitt, RvD5n-3 DPA, og det nye molekylet saman med eit kommersielt innkjøpt molekyl som strukturelt er veldig likt våre to. Forsøksmus vart påførde smerte, slik at vi kunne studera den smertestillande effekten av kvart av dei tre molekyla.
Spennande resultat
Med små variasjonar verka molekyla omtrent likt: Dei gav ein del smertelindring etter ein time og etter tre timar, men etter fem timar var effekten for det meste borte.
Men det mest slåande var at dei berre såg denne effekten hjå hannmusene. Hoene hadde ingen effekt av nokon av molekyla.
– Heilt uventa var det ikkje, for den same kjønnsforskjellen har vore observert tidlegare i det kommersielt innkjøpte molekylet som var med i studien. Det er eit veldig spennande resultat, og vi veit ikkje kvifor det er slik., seier Ervik.
Ikkje oppdaga andre kjønnsdiskriminerande molekyl
– Desse molekyla verkar ved å festa seg til ein såkalla reseptor på cellemembranen. Det er det forska mykje på, men ikkje så mykje på sjølve reseptoren. Både hannar og hoer har han, men kanskje får dei ulike responsar når reseptoren blir aktivert?
– Eller festar molekylet seg kanskje i tillegg til ein annan reseptor hjå hannane som vi ikkje har oppdaga enno? Eller er årsaka noko heilt anna?
Ervik fortel at innan hennar felt er det ikkje oppdaga andre kjønnsdiskriminerande molekyl, men at det ikkje nødvendigvis betyr at dei ikkje finst.
– Hannmus vert oftare brukte i denne typen forsøk, forklarar ho.
Berre testa i musemodellar
– Så det kan godt henda at molekyla finst, men dersom dei berre er testa på hannmus, vil ein sjølvsagt ikkje kunna observera kjønnsforskjellar heller.
Spørsmålet er om ho ser for seg eit framtidig legemiddel som berre verkar på menn og ikkje kvinner?
– Det måtte vera om vi endeleg fann ein kur mot «man-flu». Men vi må hugsa på at molekyla berre er testa i musemodellar. Om vi ville ha sett dei same forskjellane hjå menneske, veit vi ingenting om endå, seier ho.
Referanse:
Karina Ervik mfl.: Synthesis of the methyl ester of 17(R/S)-Me-RvD5n-3 DPA and relief of postoperative pain in male mice. Organic & Biomolecular Chemistry, 2024. DOI: 10.1039/D4OB01534G
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER