Regn høgt til fjells og snøsmelting aukar sannsynet for flaum og skred fleire stader.
Varslingstenestene i NVE følger situasjonen tett.
– Kraftig regn på eit tørt snødekke vil føre til naturleg utløyste snøskred, det vil si snøskred som losnar av seg sjølv, seier Heidi Bache Stranden, som er vaktleiar for snøskredvarslinga i NVE.
Mykje nedbør
– På Vestlandet kan det lokalt komme 60–80 millimeter på måndagsdøgnet. I Nordland og Nord-Trøndelag kan det komme rundt 20–40 millimeter på 24 timar. Dette vil kome som regn. Andre stader vil det også vere mildt, og det vil vêre ein del snøsmelting generelt.
Det seier statsmeteorolog Emily Carin Rønning ved Meteorologisk institutt. Ho seier det vil bli ei «ganske fin og kjølig helg».
I store deler av landet vil ein få minusgrader, før det på sundag kveld og over på måndagen vil kome eit nytt lågtrykk inn frå sørvest. Dette har med seg både regn og milde temperaturar.
– Det vil føre til ein god del snøsmelting spesielt i store delar av Sør-Noreg og i Nordland. Det vil også vere område det ikkje kjem så mykje regn, som på Austlandet og deler av Sør-Austlandet, men dei vil framleis få milde temperaturar.
– Det vil vere alt frå rundt fem til ti plussgrader i Nordland og Midt-Noreg og Sør-Noreg. I Nord-Noreg kan det komme ei auke til rundt kanskje 2–3 grader. I Finnmark vil halde seg relativt kaldt.
Sjekk meldingar for ras og overvatn
Vêret framover vil halde seg mildt ei ganske god stund utover veka, og kan føre til overvatn og ras. Rønning oppmodar om å sjekke varsom.no.
– I dette tilfellet er det større sjanse for snøskred. Mykje regn og mykje smelting vil påverke det.
Rønning oppmodar også om å følge med på vegtrafikkmeldingar. Ho seier det kan bli utfordrande køyreforhold dersom det blir liggande vatn i vegbanen. Nokre stader i Nord-Noreg kan det også vere fare for at det frys til.
– Det er noko å vere obs på i til dømes Troms og nord i Nordland, som ligg i grenseland mellom desse milde og kalde temperaturane. Der kan det bli glatt.
Førebu deg
– Folk bør bruke dei dagane me har igjen no, før mildvêret kjem, til å førebu seg på væromslaget, seier pressesjef Ole Irgens i Tryg Forsikring.
– Dette er ei varsla katastrofe. Me har tid no til å førebu oss, og bruke dei dagane fornuftig, seier han.
Han seier alle har ei plikt til å sørge for at det ikkje oppstår skadar.
Publisert 10.01.2025, kl. 12.30 Oppdatert 10.01.2025, kl. 12.38