Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.
Øl er på Mattilsynet si liste over basisstoff som kan brukast som alternative plantevernmiddel. (Foto: Erling Fløistad)
– Det er mykje vi ikkje veit om korleis plantevernmiddel påverkar miljøet.
Kva er eigentleg plantevernmiddel? Her får du ein oversikt.
Kjemiske plantevernmiddel blir brukt på 91 prosent av arealet i Noreg som blir brukt til å dyrke korn, grønsaker og potet (Statistisk sentralbyrå, 2022).
I landbruket blir plantevernmiddel brukt for å sikre gode og friske avlingar.
Ugras kan gjere stor skade
Kulturplantene våre har mange fiendar, som anten kan konkurrere med plantene om ressursar, ete plantene eller gjere dei sjuke.
I Nord-Europa kan ugras og planteskadegjerarar kan gi eit potensielt avlingstap på opp mot 60 prosent.
Med plantevernmiddel kan norske bønder hindre eit så stort avlingstap.
Det blir brukt klart flest middel mot ugras, heile 64 prosent av alle kjemiske plantevernmiddel. 20 prosent blir brukt mot sopp og 2 prosent mot skadedyr.
Insektmiddel er mest skadeleg
Om plantevernmiddel er farlege eller ikkje, avheng av kva type middel det er snakk om, fortel Birgitte Henriksen, avdelingsleiar i NIBIOs avdeling for soppsjukdommar i skog, - jord, - og hagebruk.
Som oftast handler det om kjemiske plantevernmiddel.
– Den negative effekten kjemiske plantevernmiddel kan ha på menneske, avheng mellom anna av kva type organismar middelet er meint mot.
Ho fortel at det ofte er slik at desto likare oss menneske desse organismane er, desto meir skadeleg er middelet for oss.
– Difor er ugrasmiddel generelt minst skadeleg for menneske, etterfølgd av soppmiddel og til sist insektmiddel, som generelt sett er mest skadeleg for menneske, utdjupar Henriksen.
Definisjon på plantevernmiddel
Plantevernmidler brukes til å verne planter og såvare (frø) mot skadedyr, soppsykdommer og ugress.
Kilde: Mattilsynet
Tore Bonge-Hansen leiar for NIBIOs avdeling for pesticidar og naturstoffkjemi. Han seier at plantevernmiddel kan være skadeleg for det biologiske mangfaldet
– Plantevernmiddel kan ikkje berre utgjere ein risiko for menneske, men vil påverke livet i lokale miljø i jord og vatn. Dessverre er det mykje vi ikkje veit om korleis slike plantevernmiddel påverkar miljøet. Derfor arbeider vi med overvaking av både jord og vatn knytt til landbruksareal, seier han.
Overvakinga hjelper forskarene å forstå korleis plantevernmiddel blir transportert i miljøet og korleis dei påverkar livet i vatn, i jorda og på land.
Jakt på alternative metodar
For å redusere risikoen for helse og miljø blir dei midla som blir brukt i Noreg nøye testa og vurdert. Bruken er strengt regulert av Mattilsynet.
Mange kjemiske plantevernmiddel er utvikla for spesifikt å virke mot visse skadeorganismar, nettopp for å gjere dei mindre risikofylte. Det blir arbeida hardt for å halde bruken så låg som mogleg.
Alle som bruker yrkespreparat av plantevernmiddel, er plikta å følgje prinsippa for integrert plantevern. Integrert plantevern handlar om å vurdera alle tiltak som finst for å hindre utviklinga av skadegjerarproblem.
Førebyggande tiltak, som å bruke friskt plantemateriale og ha eit godt vekstskifte, er viktig. Det finst også fleire alternativ til tradisjonelle plantevernmiddel.
Marianne Stenrød er direktør for NIBIOs divisjon for bioteknologi og plantehelse. Ho summerer opp noko av forskinga NIBIO gjer på alternative metodar:
Vatn i ulike former kan redusere presset frå skadeorganismar. Vassdamp ved ulike temperaturar på jord eller plantemateriale viser seg å vere eit effektivt tiltak mot mellom anna skadedyret potetål, en rundorm i røtter av potet og tomat.
Vassdamp har også effekt mot fleire sjukdommar og skadedyr i jordbær.
– Me har også eit prosjekt som undersøker om det er mogleg å behandle unge granplanter med eit luktstoff som skal stimulere planta sitt eige immunforsvar, og dermed gjere den meir motstandsdyktig mot sjukdommar, seier Stenrød.
Les meir om det i artikkelen Forskarar vil verne granskogen med ei duft av sjasmin.
Bra med redusert bruk
Trass i førebyggjande tiltak og alternative metodar er det ofte naudsynt å bruke tradisjonelle plantevernmiddel.
Forskarar ved NIBIO arbeider med nye teknologiske løysingar som i slike tilfelle skal gjere bruken av midla meir presis.
Maskinlæring og bildegjenkjenning gjer det mogleg å utvikle åkersprøyter som kjenner att ugras, og berre sprøyter sjølve ugraset.
Forskarane utviklar sensorar som skal kunne oppdage planteskadegjerarar i felt, mellom anna ved bruk av lukt. Dette skal sikre ein meir presis bruk av plantevernmiddel.
Mindre bruk av plantevernmiddel er gunstig for alle parter, trekk Birgitte Henriksen frem.
– Det er mindre belastande både for menneske og miljø. I tillegg kostar bruk av plantevernmiddel både tid og pengar. Enno viktigare er det at ved redusert bruk kan vi oppretthalde effekten av midla betre. Det er nemleg med plantevernmiddel som med antibiotika. Bruker du det for mykje blir skadeorganismane motstandsdyktige. Ved å unngå unødvendig bruk bevarer vi effekten av midla inntil når vi verkeleg treng å bruke dei for å sikre trygg matproduksjon, seier ho.
Øl og eddik er plantevern fra kjøkkenskapet
- Kategorien «alternative plantevernmiddel» har låg helse- og miljørisiko, men har ofte ein lågare effekt enn tradisjonelle middel.
- Det er godt mogleg at du allereie har ting i kjøkkenskapet som kan fungera som eit alternativt plantevernmiddel. Det finst ei rekke slike basistoff, som primært blir brukt til anna enn plantevern.
- På Mattilsynets liste over basisstoff finn vi kjende produkt som eddik, natron, solsikkeolje og øl.