«Marianne» skal ha blitt valdtatt av fastlegen: – Klarer ikkje heilt tru på det sjølv

1 month ago 11


– Eg stolte veldig på han. Eg anbefalte han til venner og familiemedlemmar, fortel «Marianne».

I over 20 år gjekk ho til tidlegare kommuneoverlege i Frosta, Arne Bye.

– Han tok seg alltid tida og følgde opp. På mange måtar var han ein fantastisk lege.

No er Bye tiltalt for å ha valdtatt «Marianne» og 87 andre kvinner. Valdtektene skal ha funne stad mellom 2004 og 2022.

«Marianne» er ikkje hennar eigentlege namn. NRK kjenner kvinna sin identitet, men på grunn av belastinga av saka ønsker ho å vere anonym.

Ei av kvinna i Frosta-saka i svart frakk.

Det har vore vanskeleg å ta innover seg kva som har skjedd, fortel Marianne.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Eg syntest synd på han

NRK treffer Marianne heime hos henne på Frosta.

Ho serverer kaffi og nybakt eplekake med krem. Ute ligg skyene lågt over den vesle bygda ein time nord for Trondheim.

Det er oktober og nokre veker har gått sidan tiltalen mot den tidlegare kommuneoverlegen blei klar.

Du blir heilt «ko-ko» av all informasjonen frå advokatar og media, seier Marianne.

For to år sidan sprakk saka som har rysta det vesle samfunnet.

18. juli 2022 blei det klart at kommuneoverlegen hadde fått autorisasjonen sin suspendert av Statens helsetilsyn. Meldingar om krenkande og ubehageleg åtferd mot pasientar var grunnen til suspensjonen.

Kor omfattande saka skulle bli var det enno ingen som visste.

– Eg syntest synd på han.

Marianne ville at Bye skulle vite kor stor pris ho sette på å ha han som lege.

torsdag 4.aug 2022 13:12

M

Marianne:Hei Arne. Har skjønt at du er kommet i en tøff situasjon og er for tiden sykmeldt. Vil bare at du skal vite at du er en fenomenal lege som vi setter veldig stor pris på,og din arbeidsinnsats for pasientene til alle døgnets timer er unik.krysser fingrene for deg, og håper du kommer deg gjennom denne baugen uten altfor stor belastning. Bruk tiden til å ta vare på deg selv og kos deg med familien. Ønsker deg alt godt🥰 stor styrkeklæm te dæ og dine ❤️ fra Marianne m/fam

AB

Arne Bye:Takk, takk. Blitt noe ferietur på dere, da?

I slutten av august blei Bye sikta for å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang.

Utover seinsommaren og hausten kom det fleire varsel mot legen. Nokon så langt tilbake som til 90-talet.

Marianne ante framleis ikkje at ho var ein del av saka.

Skuldingane mot Bye var vanskeleg å forstå, fortel Marianne. Mange var glad i legen og han naut stor respekt i det vesle lokalsamfunnet.

Eitt år tidlegare hadde han blitt kåra til «årets nordtrønderske lege» for sin innsats under koronapandemien.

«Kommunelegen som tråkka opp løypa for resten av Kommune-Noreg» hadde Helsedirektoratet kalla han i 2020.

Frostas helter - Kommuneoverlege Arne Bye og ordfører Frode Revhaug.

Kommuneoverlege Arne Bye og ordførar i Frosta kommune, Arne Revhaug, blei heidra i lokalsamfunnet etter deira innsats under koronapandemien.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Blei ringd av politiet

I september ringde politiet. Marianne hadde dukka opp i dei 6000 timane med videomateriale politiet hadde beslaglagt.

Dei ville at ho skulle komme inn til avhøyr.

Ho tenkte først at Bye ikkje hadde gjort henne noko skadeleg.

– Men da eg høyrde spørsmåla dei stilte, og høyrde kva eg sjølv svarte begynte det å gå opp for meg... Herregud, og så har eg ikkje skjønt det?

Politiet meinte ho fleire år tidlegare var blitt valdtatt av Arne Bye.

For Marianne var det vanskeleg å ta inn over seg.

Først i januar fekk ho sjå rapporten dei sakkunnige som hadde sett videoen skreiv.

– Eg fekk jo sjokk da eg fekk lese papira. Eg blei både kvalm og uvel.

Sjølv har ho ikkje sett videoen.

To år med grubling

Bye er tiltalt for å ha valdtatt kvinnene under gynekologiske undersøkingar på legekontoret.

I to år har politiet etterforska saka.

Like lenge har Marianne grubla. I hovudet går ho gjennom over 20 år med legebesøk.

– Eg hadde alltid vondt etter gynekologiske undersøkingar, fortel ho.

– Samstundes hadde eg jo ikkje noko å samanlikne med. Eg trudde berre det var sånn det var.

Ho fortel at ho har vore prega i tida etter ho fekk vite at ho var ei dei fornærma.

Å kome seg ut i naturen og til sjøen har vore til hjelp for å handtere tida etter saka sprakk.

– Eg grublar mykje. Eg kjenner på skyld og tenker på om eg burde ha skjønt at noko ikkje var som det skulle vere.

Marianne fortel at ho har anbefalt Bye som lege til venner og familie.

– Det er heilt jævlig at eg som mor ha oppfordra dottera mi til å gå til han.

Frosta kommune

Bye er tiltalt for å ha valdtatt 88 kvinner under gynekologiske undersøkingar.

Foto: Vegard T. Blakstad / NRK

Tillitsbrot

– Det er det første eg tenker på når eg står opp og det siste eg tenker på når eg legg meg, seier Marianne.

Korleis kunne legen ho hadde stolt på i årevis ha gjort noko slikt?

– Eg kunne ringe han når som helst, også på kveldstid. Han tok seg alltid tid.

Marianne fortel at ho følte seg sett. Ho følte ho kunne fortelje legen alt.

Ho fortalde legen om helsa, psyken og om familielivet.

– No har eg ikkje berre mista legen min, men også han som kanskje visste mest om meg.

Tillitsbrotet har vore vanskeleg å forhalde seg til, fortel Marianne.

Ho kjenner seg misbrukt både fysisk og psykisk.

– Eg har blitt trampa på av nokon eg har stolt 110 prosent på. Ein eg kunne fortelje alt til.

Marianne fortel at tillitsbrotet har prega både ho og familien. No kvir ho seg for å oppsøke lege.

– Det skal vere ille før eg drar til nokon lege no.

Ei av kvinna i Frosta-saka i svart frakk. Ho ser utover sjøen og nokre naust.

Tida etter ho blei ringd av politiet har vore tung. Naturen og sjøen har vore til hjelp, fortel Marianne.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Ei prega bygd

Frosta kommune har omtrent 2600 innbyggarar.

Dei fleste kjenner nokon som er påverka av saka mot den tidlegare kommuneoverlegen.

Da saka blei kjent i 2022, hadde bygda akkurat lagt to år med koronapandemi og isolasjon bak seg.

Dei siste åra har bygda vore sterkt prega. Mange held seg meir for seg sjølv, seier Marianne.

– Det var som om bygda gjekk rett tilbake i korona-modus.

Både dei fornærma kvinnene og andre i bygda reagerer ulikt på situasjonen det vesle samfunnet står i.

Nokon vil snakke mykje om det, medan andre synest temaet er ubehageleg.

– Ofte må ein føle seg litt fram. Eg føler eg må trå varsamt.

Erkjenner tre valdtekter

NRK har vore i kontakt med Arne Bye sin forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen, i forbindelse med denne saka.Han har ikkje ønskt å gi nokon kommentar til innhaldet i artikkelen.

Sist veke erkjente Arne Bye å ha valdtatt tre av dei fornærma kvinnene.

Han erkjente også å ha nytta si stilling som lege til å ha oppnådd seksuell omgang med 40 av dei 96 fornærma.

Marianne er ei av dei 40. Bye har ikkje erkjent å ha valdtatt henne.

– Eg gruer meg til rettssaka, seier ho.

Rettssaka mot Arne Bye startar i Trøndelag tingrett 5. november. Der vil Marianne og dei andre kvinnene fortelje sine historier.

– Eg skal stille i rettssalen, same korleis det blir. Det er viktig at han må stå til ansvar for sine handlingar.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?

Da vil eg veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt. 

Publisert 12.10.2024, kl. 18.49

Read Entire Article