Det var tysdag ettermiddag mannen i sluttten av 60-åra gjekk på tur, og han blei såleis sett av familien rundt klokka 13.30. Politiet blei varsla då han ikkje kom tilbake.
– Tysdag kveld, omlag klokka 21.30, blei ein leiteaksjon sett i gang, sa operasjonsleiar Eivind Klokkersund i Møre og Romsdal politidistrikt i natt.
Litt før klokka 01.30 meldte politiet at mannen var funnen død i terrenget, men funnen blei gjort rundt midnatt. Det var frivillige leitemannskap frå Norske Redningshundar og Røde Kors som fann mannen.
Operasjonsleiar Eivind Klokkersund seier leitemannskap frå Norske Redningshundar og Røde Kors fann mannen
Foto: Remi Sagen / NRKDei pårørande er varsla.
– Dødsallet ser ut til å vere helserelatert, seier Klokkersund onsdag morgon.
Publisert 30.10.2024, kl. 05.23 Oppdatert 30.10.2024, kl. 05.26