Malene (26) sletta «dårlege» økter på treningsappen

2 hours ago 1


Då Malene Rob Kolnes (26) lasta ned den populære treningsappen Strava ville ho ikkje at andre skulle sjå treningsturane, som ho synest vart for dårlege.

– Eg hugsar at eg sletta økter og skjulte dei.

Men no brukar ho det som treningsdagbok og treningsinspirasjon.

– Ein kan sjå tilbake på det uansett om det er gode eller dårlege økter, seier Kolnes.

Hennar eigen entusiasme for springing og Strava gjorde at ho valde å skrive masteroppgåva si om den populære treningsappen.

Og nyleg vart oppgåva publisert som ein forskingsartikkel om folks treningsmotivasjon når ein brukar Strava. 225 personar i løpeklubbar i Rogaland har delteke i undersøkinga.

Masteroppgåve om Strava

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Funna i masteroppgåva viser det Kolnes kunne kjenne seg igjen i. At fleire sletter økter ein ikkje er nøgd med.

– Det var ofte dei same som scora høgt på frykt for å prestere dårlegare enn andre. Og at ein gjerne ikkje vil at andre kan sjå det.

Strava
Strava

Det er enkelt å ha god oversikt på øktene i appen.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik/NRK

Men Kolnes peikar også på funn der Strava har ført til mykje sunn treningsmotivasjon.

– Viss det er slik at «OK, no skal eg komme meg ut på denne økta for å oppretthalde grafen», eller du ser at andre har trent og vil komme deg ut, så er det berre bra. Det er også mykje positivt å hente frå appen.

Professor: – Kan bikke over

Professor i idrettsvitskap, Sindre M. Dyrdal, peikar også på at Strava kan gje god systematikk på treninga og motivasjon for mange.

Men at ein må passe seg for at det kan bli for stort press.

  • Sindre Mikal Dyrstad, Professor idrettsvitenskap
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora

    Sindre Mikal Dyrstad

    • Professor idrettsvitenskap ved Universitetet i Stavanger.
    • Ved Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk.

– Om det bikkar over, så kan det føre til meir stress i forhold til at ein blir meir oppteken av resultatet ein legg ut og korleis andre responderer på det, seier Dyrdal.

Dyrdal peikar på tre konkrete teikn, som kan vere usunne.

  1. Når ein lar vere å loggføre ei treningsøkt fordi ein ikkje er nøgd med resultatet.
  2. Når ein lar vere å legge ut ei økt fordi ein spring saman med andre som er treigare enn deg sjølv.
  3. Om ein må heim for å hente treningsklokka for å loggføre økta riktig.

Professoren anbefaler å ta ei pause frå treningsappar om ein kjenner på at ein vert stressa av bruken.

– Strava og andre treningsappar er ikkje eit problem i seg sjølv, men det er måten vi brukar dei på.

Kjipt å gløyme klokka

Mosvatnet i Stavanger er ei populær løype for å få inn kilometerane.

Roy Løvland har hatt Strava i 15 år og loggar alle øktene sine med treningsklokka. Men det er ikkje alt som vert lagt ut.

Sjekke klokka på joggeturSjekker klokka på joggeturen

Roy Løvland har kontroll på klokka undervegs.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik/NRK

– Eg konkurrerer først og fremst mot meg sjølv, der eg kan samanlikne og prøve å få inn fleire kilometer enn tidlegare for å oppnå måla mine, seier Løvland.

Erlend Bremnes brukar pappaperm til å få trent samtidig som dottera søv i vogna.

– Det er kjekt å følge med på treningsdataen ein bygger opp gjennom veka og følge med på belastninga kroppen får over tid.

Erlend Bremnes på joggetur rundt Mosvannet i Stavanger, som sjekker på datteren i barnevogna han springer med.Erlend Bremnes på joggetur rundt Mosvannet i Stavanger

Eit lite stopp før Erlend Bremnes tek turen vidare.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik/NRK

– Men om du gløymde klokka og ikkje fekk logga turen, kva hadde du følt?

– Det hadde sjølvsagt vore kjipt, men ei økt utan klokka skal ein klare, seier Bremnes.

Finn treningsinspirasjon

Tilbake til leilegheita på Sola viser Malene fram alle joggeskoa ho og sambuaren eig. Treningsgleda visast godt i det ein kjem inn i gangen.

I dag fleire år sidan Malene sletta øktene ho ikkje var nøgd med. I dag hentar ho mykje treningsinspirasjon gjennom appen.

– Du kan til dømes sjå kva turar andre spring og få nye idear til turar ein kan ta, seier Kolnes.

Malene Rob Kolnes

Malene Rob Kolnes drar ofte på turar med sambuaren. Saman eig dei fleire par med joggesko.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Publisert 01.04.2026, kl. 06.35

Read Entire Article