Iuel blei overraska etter amming: – Hadde jo droppa heilt ned i botn

2 hours ago 4


Då friidrettsprofilen Amalie Iuel blei mor for første gong i september 2023, var ho raskt tilbake i trening. Under eitt år seinare stod ho til start på 400 meter hekk under OL i Paris 2024.

Men det oppstod eit problem for Iuel då ho begynte å amme.

– I perioden då eg amma Storm, så opplevde eg at det kravde ekstremt mykje energi frå kroppen, og at ein var i underskot, forklarer ho.

aksel-amalie-07-270524

FORELDRE: Amalie Iuel har sonen Storm (2) saman med tidlegare alpinist Aksel Lund Svindal.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Etter ei stund med amming, kombinert med hard trening, så gjennomførte ho ei DXA-måling

Då fekk ho seg eit sjokk.

– Eg gjorde det for å sjå litt på alt dette med muskulatur og beintettleik, og det hadde jo droppa heilt ned i botn.

– Ein slags overlevingsmodus

Iuel klarte likevel å fylle på med rett næring, og unngjekk skadar som følge av for låg beintettleik.

Men ho vil likevel rope varsku og understreke kor viktig det er med nok mat.

– For ein er mykje meir utsett for skadar når ein ikkje gir kroppen det han treng. Og det trur eg dessverre ikkje at folk er så klar over.

Då Henriette Jæger opplevde for låg energitilgjengelegheit over tid gjekk det gale:

Iuel påpeikar at dette er ei kjent problemstilling for idrettsutøvarar. Og at det er høgst relevant også når ein ikkje ammar.

– Eg trur det er eit større problem enn ein tenker. Fordi realiteten er jo at i idretten vår så er jo vekt ein faktor. Ein kan også bli påverka av korleis andre som presterer på høgt nivå ser ut. Og det sender jo vidare eit signal til yngre jenter. Kanskje eit feil signal, seier Iuel og legg til:

– Så eg synest det er viktig å gjere tydeleg kor viktig del av treninga og prestasjonen næring er. Fordi trening bryt ned, medan mat og kvile bygger opp.

Ho understrekar at dette ikkje berre gjeld idrettsutøvarar, men også for folk flest.

– Det er viktig for helsa di. Det er jo mange kroppslege funksjonar som kroppen sluttar heilt med, fordi han går inn i ein slags overlevingsmodus.

– Vanlegare enn mange trur

Fagsjef for idrettsernæring på Olympiatoppen, Ina Garthe, fortel til NRK at det er normalt at beintettleiken fell litt under amming.

– Det er truleg vanlegare enn mange trur. Amming krev mykje energi, samtidig som mange ønsker å komme raskt tilbake til tidlegare form eller treningsnivå. For aktive kvinner og idrettsutøvarar kan kombinasjonen av amming, trening og bevisst eller ubevisst kalorirestriksjon føre til låg energitilgjengelegheit. Då får kroppen rett og slett mindre energi enn han treng til både restitusjon, trening og mjølkeproduksjon.

Personen står med en nøytral bakgrunn iført en rød jakke med teksten "Norge" og olympiske ringer. Det er en utydelig ansiktspresentasjon. Personen har lengre, lyst hår. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TENK PÅ HELSA: Fagsjef for idrettsernæring på Olympiatoppen, Ina Garthe, råder folk å byggje opp helsa før ein tenkjer på kroppsvekta etter fødsel.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ho forklarer at kroppen overfører store mengder kalsium til morsmjølka, samtidig som østrogennivåa er låge i ammeperioden.

– Dette aukar mellombels nedbrytinga av beinvev. Hos dei fleste blir beinmassen bygd opp igjen etter at amming blir avslutta. Utfordringa oppstår dersom amming blir kombinert med hard trening og for lågt energiinntak, seier Garthe og fortset:

– Då kan kroppen få redusert evne til å halde ved like både beinmasse og muskelmasse, noko som aukar risikoen for belastningsskadar og trøyttleiksbrot betrakteleg.

Les Garthes tre råd for mødrer som ammar og som vil trene trygt:

  • Et og drikk nok

    Sørg for å dekke det totale energibehovet frå både amming, kvardagsaktivitet og trening. Prioriter protein, karbohydrat og gode umetta feittkjelder gjennom dagen. Protein bidreg til å bevare muskelmasse og støtte restitusjon, medan karbohydrat er kroppen sine viktigaste drivstoff for både trening og mjølkeproduksjon. Mange aktive kvinner treng meir energi enn dei trur i denne perioden.

  • Ta vare på skjelettet

    Amming medfører naturlege og forbigåande endringar i beinmassen. Sørg derfor for tilstrekkeleg inntak av kalsium og vitamin D, og bygg opp treninga gradvis. Styrketrening og anna vektberande aktivitet er viktig stimuli for å oppretthalde og bygge opp att beinmasse.

  • Ta vare på deg sjølv – ikkje berre treninga

    Amming, trening og restitusjon etter fødsel er alle energikrevjande prosessar. Kroppen treng tilstrekkeleg energi, næring og kvile for å ivareta både helse, prestasjon og skjeletthelse. For utøvarar er dette spesielt viktig fordi konsekvensane av låg energitilgjengelegheit ofte først blir synleg når skaden allereie har oppstått. Får du lite søvn eller kjenner deg sliten over tid, be om hjelp og avlasting få familie og venner. Eg vil ikkje anbefale å stresse kroppen tilbake til eit tidlegare nivå. Dette er ein unik periode i livet som også fortener å bli opplevd og verdsett medan den føregår.

Kroppen er framleis i ein oppbyggingsfase etter fødsel, fortel Garthe. Derfor åtvarar ho for å fokusere einsidig på vektnedgang og samanlikne seg med andre i denne perioden.

– For aktive kvinner og idrettsutøvarar kan dette auke risikoen for hormonforstyrringar, redusert beintettleik, tap av muskelmasse, trøyttleik og skadar. Derfor bør målet i første omgang vere å bygge opp helse og funksjon, ikkje å komme raskast mogleg tilbake til ei bestemt kroppsvekt.

Sjå Amalie Iuel konkurrere under Diamond League-stemnet i Roma i NRK TV frå torsdag klokka 21.00:

Publisert 03.06.2026, kl. 14.49

Read Entire Article