LSK-juvel om Fagermo-nyheita: – Kom som eit sjokk

2 hours ago 3


– Det var ei utruleg kjensle å skåre i ein så stor kamp, da fekk eg ein reaksjon og sprang til den første personen eg så. Eg var heilt ute og mista det litt.

Det seier Røssing-Lelesiit til NRK etter å ha skåra LSKs mål i 1-2-tapet mot Molde i cupkvartfinalen søndag kveld.

På Åråsen har dei lenge meint at dei sit på ein juvel, og søndag viste han heile fotball-Noreg kva som bur i han da han eigenhendig finta bort Molde-spelar Kristian Eriksen og sette inn LSKs utlikningsmål på vakkert vis.

Fagermo: – Har X-faktor

Den ferske Lillestrøm-trenaren Dag-Eilev Fagermo har rokke å bli imponert av stortalentet på dei få treningane dei har hatt saman.

– Det er ein grunn til at eg heiv han inn mot Molde. Eg har allereie sett at han har X-faktor. Skal vi skåre mål og bryte ned sånne lag, og du ikkje greier det spelemessig, må du ha folk som klarer det aleine. Han kjem til å spele og vere viktig ut sesongen, seier Fagermo til NRK.

– Korleis samanliknar du potensialet hans opp mot andre du har jobba med tidlegare?

– Det er litt tidleg å seie, og litt få treningar, men eg trur det er veldig, veldig bra, seier LSK-sjefen.

 Lillestrøm - Molde

SKÅRA: Alexander Røssing-Lelesiit noterte seg for sitt førstr A-lagsmål mot Molde.

Foto: Annika Byrde / NTB

Ungguten Røssing-Lelesiit fekk sine første aldersbestemte landskampar så seint som i september da han blei kalla opp på U17-landslaget.

I debuten mot Danmark takka han for tilliten ved å skåre to mål med flagget på brystet.

– Kom som eit sjokk

Røssing-Lelesiit fortel til NRK at han ikkje hadde venta seg å få Fagermo som trenar denne hausten.

– Det kom som eit sjokk. Først forsvinn David (Nielsen), så kjem ein tidlegare Vålerenga-trenar inn. Det var eit sjokk, men nå er det berre bra. Han fokuserer på å gjere dei rette tinga her, så eg bryr meg ikkje noko om det, seier 17-åringen.

Han innrømmer likevel at han ikkje hadde stålkontroll på Fagermo som person og trenar før han overraskande blei annonsert som den nye sjefen i Åråsen-klubben.

– Eg visste ikkje så mykje. Eg har ikkje følgt så mykje med på norsk fotball. Men eg visste at han hadde vore i Vålerenga.

– Du følger ikkje så mykje med på norsk fotball?

– Eg følger med, men har ikkje så god peiling på namn, svarer han, og legg til at han ser mest på Premier League.

Blei benka: – Var tøft

Etter å ha fått seks kampar for LSK tidleg i sesongen, sa det plutseleg stopp for ungguten.

Før han blei bytt inn mot Molde søndag kveld, hadde han ikkje vore på banen i ein A-lagskamp sidan 28. juli.

Han innrømmer at det har vore krevjande for han å sjå speletida forsvinne.

– Det er tøft, sjølvsagt, men du må berre stå i det og fortsette å trene hardt, så får du moglegheita igjen. Det er berre å gripe sjansen, seier han.

– Nå har utviklinga gått rette vegen, og det er eg veldig fornøgd med. Eg blir «pusha» av dei eldre til å fortsette å ta steg. Så eg er fornøgd og skal utvikle meg vidare, seier han.

 Lillestrøm - Molde

UTE AV CUPEN: Alexander Røssing-Lelesiit og dei andre LSK-spelarane klarte ikkje å tukte Molde på Åråsen søndag.

Foto: Annika Byrde / NTB

Når seks kampar står att av sesongen, ligg Lillestrøm heilt sist på tabellen med dei 21 poenga sine. Det er to poeng opp til Haugesund på trygg plass.

Med andre ord: Det er duka for ein nedrykksthriller av dei sjeldne utover hausten.

– Du er berre 17 år, korleis er det å oppleve at de står midt i ei LSK-krise nå?

– Det er jo tøft, men det er jo berre å stå i det og jobbe hardt kvar dag, så kjem resultata. Spesielt nå. Det er eg sikker på, seier han.

Han meiner nemleg at Fagermos innsteg gir grunnlag for optimisme.

– Eg er veldig positiv. Han kjem inn med ei offensiv haldning. Det treng vi.

– Fagermo sa jo at han skulle gi all si merksemd til dei 14-15 beste. Er du blant dei, kjenner du?

– Eg får håpe det. Eg har fått mykje tillit på treningar, i alle fall. Nå fekk eg tillit til denne matchen nå, så får håpe eg er ein av dei.

Publisert 07.10.2024, kl. 16.50

Read Entire Article