Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Den erfarne alpintrenaren var overraska over korleis utøvarane hans tok imot den nye måten å lære på da han testa det på Kvitfjell. (Foto: NIH)
Utøvarar som vel eigne strategiar, gjennom prøving og feiling, i staden for tradisjonell instruksjon, presterer betre viser ny forsking. Landslagstrenar i alpint, Christian Mitter har alt begynt å bruke forskingsfunna på landslaget.
Å ta gode val og strategiar er nødvendig for å prestere godt i idrett.
Ein langrennsløpar må vurdere om han skal opne hardt eller halde igjen.
Ein alpinist må avgjere om ho skal ofre fart for å køyre ei kortare linje eller velje ein lengre veg med høgare fart.
Vanlegvis lærer idrettsutøvarar desse strategiane frå ein trenar.
Ny forsking frå Norges idrettsshøgskole (NIH) viser derimot at utøvarar som lærer strategiar gjennom evaluering, presterer betre.
Stort forskingsprosjekt i skihallen Snø
I landets einaste innandørs skianlegg er det tre boksar i botn av målområdet. På rekke og rad kjem nokre av det aller beste alpinistane i Noreg inn i mål og køyrer inn i dei tre forskjellige innhegningane.
Dei er alle i tre forskjellige læringsgrupper og har tre forskjellige måtar å løyse løypa. Alle dei 98 alpinistane er med på eit stort forskingsprosjekt i regi av NIH.
Etter kvar runde i slalåmløypa svinga løparane inn i kvar sin boks.
- Ei gruppe fekk ein løpsstrategi frå sin eigen trenar. Hen valde den strategien som hen meinte var best eller mest hensiktsmessig for utøvaren.
- Ei anna gruppe fekk løpsstrategien frå ein profesjonell trenar som i forkant hadde lært den beste teoretiske strategien for å oppnå best prestasjon og fart i løypa. (basert på mekanikk).
- Den siste gruppa fekk vite sine eigne tider i løypa og kunne evaluere seg sjølv fram til den beste strategien som tok dei raskast ned løypa. Dei fekk ikkje tilbakemeldingar frå trenar.
Kven trur du køyrer raskast?
Funna vil kanskje overraske deg.
Slik utførte dei studien
98 utøvarar var med på testinga over tre dagar i Snø-hallen i Lørenskog. Den fyrste dagen køyrde alle slalåmløypa så fort dei kunne.
Dag to og tre blei dei delt inn i læringsgrupper basert på tidene. Alle fekk testa dei tre forskjellige strategiane. Anten tilbakemeldingar frå eigen trenar, tilbakemelding frå profesjonell trenar eller ingen tilbakemelding (berre sin eigen tid).
Trenarar er viktigare enn ein trur
Gruppa som ikkje hadde trenar, men berre fekk vite sin eigen tid, køyrde faktisk raskast.
Betyr det at trenarar ikkje er nødvendige?
Langt ifrå, meiner forskar og alpintrenar Christian Magelssen. Han meiner at resultata viser at kunnskapen og eigenskapane til ein trenar, berre blir viktigare.
– Faglege sterke trenarar vil alltid vere viktig, men kanskje kan resultata frå denne studien stimulere trenarar til å tenkje annleis om læring, seier Magelssen.
– Interessant og nytt
Landslagstrenar Christian Mitter har diskutert mykje med NIH-forskaren. Han meiner funna er svært relevante for han i jobben.
– Dette er interessant og nytt. Det viser at vi som trenarar må vere på og lage gode strategiar som utøvarar kan velje mellom, seier Mitter.
Løpsstrategi i alpint handlar mellom anna om korleis ein går laus på portane, kva slags linjer ein vel og korleis ein brukar kroppen nedover løypa.
I andre idrettar handlar det kanskje om løpsopplegg og disponering. Det kan også vere korleis ein møter ulike utfordringar eller motstandarar i løpet av konkurransen.
Dei aller fleste utøvarar på alle nivå tar mange viktige val i løpet av ein konkurranse.
Viktige marginar
Hypotesen til forskarane før dei sette i gang, var at utøvarar blir flinkare til å lære og velje gode strategiar gjennom å prøve dei ut og oppleve effektane i staden for tradisjonell instruksjon.
Dermed vil utøvarar som blir stimulert til å lære på denne måten, også på sikt bli flinkare til å velje gode strategiar.
Denne typen læring blir kalla forsterkande læring.
Forskjellane er små i den korte slalåmløypa i skihallen på Lørenskog. Løparane brukte berre 15–16 sekundar på ho. Likevel viste resultata at dei som valde strategi sjølv, var 0,12 sekund raskare.
I ein idrett som blir avgjort på hundredelar, kan det vere viktige marginar å ta med seg.
– Det høyrest kanskje ut som små skilnadar, men det er absolutt nok til at trenarar bør bry seg. Han var også statistisk signifikant med så mange utøvarar som me har hatt med, seier Magelssen. Han siktar til dei 98 deltakarane på høgt internasjonalt nivå som var med i studien.
At noko er statistisk signifikant betyr at resultatet ikkje er tilfeldig.
Landslagsløparane følte seg frie
Christian Mitter fortel om ei trening på Kvitfjell i vår. Der prøvde han ut forskinga i praksis.
Han gav løparane fire forskjellige strategiar å løyse storslalåmløypa på.
Dei skulle sjølv velje strategi utan at trenaren skulle kome med direkte innspel undervegs.
– Dei var veldig søkande på innspel, men eg bedømte dei ikkje og kom berre med tilbakemelding på om dei klarte strategien eller ikkje. Undervegs fann dei faktisk ut ein femte strategi som var meir ekstrem, fortel Mitter og legg til:
– Dei fortalte at dei følte seg veldig frie på den treninga. Det funka betre enn me trudde, og dei diskusjonane løparane hadde den dagen var veldig interessante. Me hadde aldri gjort dette utan studien frå NIH. Veldig verdifull trening, skildrar landslagstrenaren.
Må trene opp evna til å ta eigne val
Magelssen har sjølv lang fartstid som alpintrenar, for barn- og ungdom i alderen 12-16 år, på skigymnas og i landslagssystemet i Norges Skiforbund.
Han meiner at den tradisjonelle trenaren ikkje alltid er like god til å stimulere utøvarar til å ta avgjerder om kva slags strategiar dei skal gå for sjølv.
– Den tradisjonelle trenaren står på kulen og seier kva utøvaren skal gjere og gjev tilbakemeldingar på det i etterkant, seier Magelssen.
Han meiner at resultata frå denne studien viser at ein trenar må bidra til å trene opp evna til utøvarane til å eigne val i løypa.
Der har han konkrete tips til deg som trenar både for yngre og eldre utøvarar.
– Lag strategiar for utøvaren og forsøk å få dei til å teste ut fleire forskjellige. Gje dei ei forståing på kva som verkar og kva som ikkje verkar gjennom at dei evaluerer seg sjølv gjennom feedbacken dei får.
Også i andre idrettar enn alpint
Sjølv om han har forska på alpint, meiner han at barne- og ungdomstrenarar i mange idrettar kan dra nytte av forskingsfunna. Dei kan også begynne tidleg med denne typen trening.
– Da må du kanskje ikkje velje så avanserte strategiar som det me gjorde i studien. Det kan vere enkle ting slik at utøvaren forstår, seier Magelssen og gjev eit eksempel frå alpint:
– Viss vi skulle ha laga ein strategi i utfor, så kunne det vore å stå høgt og oppreist, eller å stå lågt og ut med armane. Berre for at utøvaren skal få sjå at det er ein stor effekt av å krype saman og vere i god hockeyposisjon. Det må dei få kjenne på det og sjå resultatet sjølv.
Resultat frå denne typen testar kan vere opplagt for ein trenar, men ofte ikkje for ein ung utøvar.
– Andre studiar peikar på at det er nettopp denne nysgjerrigheita og kreativiteten det skapar som er viktig for å bli god, seir Magelssen.
Referanse:
Christian Magelssen: Å forbedre undervisnings- og bevegelsesstrategier for å lære og forbedre ferdigheter hos dyktige og elite alpinister (PDF). Doktoravhandling ved Norges idrettshøgskole, 19. desember 2024.