Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_ff6ceee8f3c6475dec67d65ca86ea5d8, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Kystvakta blir meir militær: – Det er bekymringsfullt - NorwayToday

Kystvakta blir meir militær: – Det er bekymringsfullt

2 hours ago 1


Det er ikkje berre USA, Donald Trump og resten av den vestlege verda som er oppteken av forsvar og Arktis i desse dagar.

Kystvakta her heime har hatt ei kraftig auke i talet på forsvarsoppdrag i norsk farvatn.

Det seier sjefen i Kystvakta, Øyvind Dunsæd.

Dei utførte nemleg over 200 fleire forsvarsoppdrag i fjor samanlikna med tidlegare.

– Vi må i større grad følge med på kva som skjer, gitt den situasjonen vi har i dag, seier Dunsæd.

Det er Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) som gir Kystvakta desse oppdraga.

Dei går blant anna ut på å følgje allierte inn og ut frå territorialfarvatnet. Til dømes ubåtar som treng ekstra vern.

– Vi følgjer også fartøy frå nasjonar vi treng å følge med på, når dei passerer gjennom den økonomiske sona vår. For å passe på at dei seglar vidare sørover eller nordover, seier kystvaktsjefen.

  • Flaggkommandør Øyvind Dunsæd, ny sjef for Kystvakten

    Øyvind Dunsæd

Men denne auka går utover dei andre oppgåvene, blant anna fiskerioppsyn.

– Det blir då mindre tid til å gjennomføre ressurskontroll eller støtte til Statens naturoppsyn, til Kystverket, til andre av primæretatane våre, som vi då støtter til vanleg.

Det er fiskeridirektøren kritisk til.

– Vi kan få trøbbel

– Eg skulle gjerne sett at dei kunne prioritere annleis, slik at vi hadde meir kontroll ute i havet.

Det seier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.

Bakke-Jensen seier det ikkje er unaturleg at Kystvakta har hatt ein auke i forsvarsoppdrag i den sikkerheitspolitiske situasjonen verda er i no. Men reagerer på at det blir mindre kontroll av fiskeri særleg langt til havs.

– Det er bekymringsfullt, seier han.

Det gir mindre informasjon om fiskeriaktiviteten, ifølge Bakke-Jensen.

– Då kan vi få trøbbel med å setje presise kvotar til neste år. Om vi har lite kunnskap, må vi setje konservative kvotar. Det gjer det meir komplisert for fiskarane, som allereie er i ein veldig vanskeleg situasjon no med låge kvotar og vanskelegare driftsforhold.

  •  Jon Olav Nesvold / NTB scanpix Oslo  20150608.
Frank Bakke-Jensen (H) under en pressekonferanse om enighet rundt hovedpunktene i havbruksmeldingen i Stortinget mandag.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

    Frank Bakke-Jensen

Fiskeridirektøren meiner FOH difor bør prioritere annleis.

– Då meiner eg at dei kanskje kan vurdere kva for oppdrag dei følgjer, og med kva for type skip. Finst det alternativ til å ha kontroll med seglas langs kysten?, seier fiskeridirektøren, og legg til:

– FOH må vere tydelege på at dei prioriterer det som er kjerneoppgåva til Kystvakta, og det er fiskerikontroll.

– Nødvendig å spele på Kystvakta

Viseadmiral Rune Andersen er sjef for Forsvarets operative hovudkvarter.

Han peikar på at Noreg har ei militær kystvakt med viktige sivile oppdrag. Det er ei svært god løysing for Noreg som gir fleksibilitet.

– Sivile oppdrag som kontroll med fiskeria utgjer hovudvekta av arbeidet til Kystvakta. Men militære oppdrag med stor betyding for norsk tryggleik blir prioriterte når det er heilt nødvendig. Dette er konkrete vurderingar som blir gjort kvar einaste dag basert på situasjonsbiletet i nordområda, seier han.

Samtidig meiner han at det er helt nødvendig å spele på Kystvakta også når det kjem til militære oppdrag.

  • Rune Andersen sjef FOH.

    Rune Andersen

     Sjef for Forsvarets operative hovedkvarter.

Den tryggleikspolitiske situasjonen har endra seg. Det har påverka oppdragsløysinga til Kystvakta med fleire militære oppdrag, men òg fleire oppdrag til støtte for politiet, seier Andersen.

– Vi er svært medvitne om utviklinga og kor viktig det er å oppretthalde forsvarleg kontroll med ressursuttaket. Kystvakta blir berre brukt til militære oppdrag når det er heilt nødvendig og den beste løysinga.

Fleire slike oppdrag i framtida

Viseadmiralen seier dei har bygd seg eit betre situasjonsbilete av havområda som gjer det mogleg å posisjonere Kystvakta på ein effektiv måte.

– Eg trur det er viktig at alle ser dei unike fordelane i den norske kystvaktmodellen. Noreg har store oppgåver med myndigheitsutøving og suverenitetshevding i norske havområde og langs kysten, seier han.

Samspelet mellom Marinen og Kystvakta gir fleksibilitet. Det same gjer samspelet mellom Kystvakta og alle sivile myndigheiter med ansvar på havet, legg han til.

Svaret på den endra situasjonen med auka oppdragsmengd er å styrkje Sjøforsvaret. Både Marinen og Kystvakta blir difor styrkte i langtidsplanen for Forsvaret.

Russisk yacht til kai i Narvik. Kystvaktskipet KV Heimdal ved siden av.

I 2022 gjekk blant andre Kystvakta om bord i ein russisk luksusyacht.

Foto: Frida Brembo

Kystvaktsjefen har eit avklart forhold til dei oppgåvene dei får.

– Det er sånn realiteten er, og då må vi forhold oss til det. Kystvakta er eigentleg statens multiverktøy på havet, og vi løyser dei oppdraga vi blir gitt ut frå dei ståande prioriteringane, seier Dunsæd.

Men når nokon oppdrag blir prioritert, er det andre som blir nedprioritert,

– Vi ser jo at både innanfor det sikkerheitspolitiske, men også innanfor Schengen-samarbeidet, Frontex med EU og grensekontroll, så er det ein auke på oppdrag relatert til det for å trygge grenseovergangane. Vi ser at det blir meir fokus på dei områda, og då må vi hjelpe til med å løyse det.

Han trur at det i framtida kjem til å bli fleire sikkerheitsoppdrag.

– Eg ser ikkje nokon indikasjonar på at dette vil endre seg.

Publisert 21.01.2026, kl. 05.40

Read Entire Article