I hundre år har draum, galskap og begjær fengsla norsk og internasjonalt publikum.
På Casiokids sine comeback-konsertar sist haust, var ei skjelpadde, ein glad ulv, to skrømt, to dansarar med kjempehovud og to fire meter høge dokker med bandet på scena.
I videoen til «Finn bikkjen» – hitlåten deira frå 2010 – sprang ein ung mann i pyjamas rundt i skogen på leit etter hunden sin, mellom dansande mus og menneskemonster.
Det heile kan minne om ein draum.
I humoren har komikar Vidar Magnussen utforska det absurde. Hugsar du TV-serien «Magnus»? Her tok han galskapen heilt ut.
– Det var nok der eg strekte det lengst. «Side om side»-fansen vart litt sett ut.
Sist haust laga han også ein gripande og mørk komedie om galskap på Den Norske Opera. Magnussen har hatt ei personleg reise i surrealismen. Den draumeliknande kunstretninga.
I dag er surrealisme synleg overalt. Frå film og TV – der mange vil hugse David Lynch sine absurde vendingar – til musikk, kor artistar som Lady Gaga og FKA Twigs ofte tyr til det surrealistiske.
Surrealismen dukka først opp då Europa låg i ruinar etter første verdskrigen. På 1920-talet hadde kunstnarane i Paris mista trua på fornuft og moral.
Dei ville finne ein ny veg.
– Den optimismen som vi såg før krigen, var som blåst bort. Kunstnarane ville gi stemme til dei mørke understraumane i menneskesinnet, seier NRK-kritikar Mona Pahle Bjerke.
Diktaren André Breton skreiv i det surrealistiske manifestet frå 1924 at «samfunnet bør rette seg etter menneska. Moralen bør rette seg etter driftene. Kunsten bør innrette seg etter den uhemma inspirasjonen».
– Pessimismen og den desillusjonerte kjensla som prega 1930-talet, er kanskje ikkje heilt ulik den endetidskjensla som mange kjenner på i dag, seier Pahle Bjerke.
Grums, galskap og begjær
André Breton hadde studert medisin og møtte pasientar med granatsjokk og psykiske skader då han blei sendt ut i første verdskrigen som sanitetssoldat.
Sigmund Freud hadde utvikla psykoanalysen på denne tida, og Breton fatta interesse for teoriane hans om draumen og det ubevisste.
Draumar kan avsløre, skape metaforar, vise samanhengar og gi innsikter. Derfor var draumen så interessant for surrealistane. Breton og surrealistane hadde likevel ein annan agenda enn det Freud hadde.
Der Freud var ute etter å tyde draumen, var surrealistane ute etter å etterlikne han i kunst. Dei ville uttrykke det ubevisste – med alt sitt fortrengde grums, galskap og begjær.
– Surrealistane prøvde å få det umedvitne i tale. Gjennom å kople ut medvitet både når dei måla og skreiv, ville dei skape noko utan innverknad frå bevisst refleksjon, seier Pahle Bjerke.
I dag vil dei færraste påstå at noko slikt er mogleg – medvitet vil verke inn på alt vi gjer og alt vi formar.
Surrealismen skulle få prege tusenvis av bøker, filmar, måleri, installasjonar, illustrasjonar, performance teater og musikkvideoar, reels og internett-meme i ettertid. Artistar som Beatles, Pink Floyd, David Bowie, Peter Gabriel og David Byrne, og i nyare tid, Tyler, the Creator og St. Vincent.
Til og med norsk synthpop.
Det er definitivt element av surrealisme i Casiokids, fortel vokalist Vogsborg.
Tekstane deira er kanskje det aller mest underlege. Der finn vi tannbørsten, brunsnigelen, ein linjal, ein hatt og ein mann som heiter Mannen. Vi finn kvantefysikk, oppussing og offside-regelen.
– Eg likar å sette det trivielle opp mot det magiske, seier Vogsborg.
I dette møtet mellom trivielle og det magiske oppstår det nye poetiske metaforar.
– Den typiske tilbakemeldinga vi får er: «Tekstane forstår eg ingenting av, men musikken er fin!», seier Vogsborg.
Musikalsk skjer det rare ting, om enn på ein litt meir subtil måte. Dei lagar trass alt pop.
– Vi har alltid prøvd å pushe grensene for kva som er popmusikk, seier keyboardist Omar Emanuel Johnsen.
Monty Python og magien i kvardagen
Med surrealismens nye, rare konstellasjonane blei absurd humor ein del av kunsten.
Derfor har surrealisme framfor alt slått an blant komikarar. Britisk humor nådde sitt surrealistiske høgdepunkt med humorgruppa Monty Python.
Med skodespelarutdanning frå England, er den britiske surrealismen ein viktig referanse for Vidar Magnussen.
– Mykje av det eg har gjort innan humor, har vore i det surrealistiske landskapet.
Men det ulogiske og uventa kan også skremme.
– Ja. Ein viktig inspirasjon for «Magnus» var serien «Twin Peaks» som gjekk på fjernsyn tidleg på nittitalet. Verken før eller sidan har eg hatt så mange traume av å ha sett ein serie.
– Universet til David Lynch i «Twin Peaks» er realistisk nok til at du følgjer historia, men med sprang fram og tilbake i tid, og karakterar som knapt gir meining.
Det Magnussen snakkar om her, gjeld for scena under, der agent Cooper trur han har møtt drapsofferet Laura Palmer. Ho flørtar med han og leverer ein malapropos replikk, medan den kortvaksne mannen gir seg over i dans.
– Når du tillèt det ulogiske, det draumeaktige, det som ikkje treffer bevisstheita, men underbevisstheita ... når du blir usikker ... Då er du i eit landskap kor det kan bli skremmande, seier Magnussen.
David Lynch og Twin Peaks er også ein viktig referanse for Fredrik Vogsborg i Casiokids.
– Ein kan ikkje sette fingeren på akkurat kva det er, men det er noko skummelt.
– Det vi eigentleg vil, er jo at folk skal oppleve eufori, seier Omar Johnsen.
– Og kanskje også bli litt redde? – tilføyer Aabø.
Bandmedlemmene kjenner seg igjen i «automatismen» til surrealistane både i musikk- og tekstarbeid:
– Vi pluggar inn i det underbevisste og lar det strøyme.
Publisert 04.01.2025, kl. 11.09