Krona er historisk svak om dagen.
Ein må gå nestan heilt tilbake til pandemien i mars 2020 for å finne ei svakere krone målt mot dei store valutaene som euro og dollar.
Den paniske finansuroa dei siste dagane har svekka krona ytterlegare. Nå kostar euroen over 12 kroner og dollaren over 11 kroner.
– Det vi veit er at når det er uro så svekker krona seg, seier Sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1.
Holvik fryktar at dersom kronesvekkinga og finansuroa fortset, så vil det kunne føre til at Noregs Bank blir nøydd til å heve styringsrenta.
– Kan bli nødvendig med renteheving
Per i dag er mandatet til Noregs Bank å sikre at inflasjonen ligg nær 2 prosent. For å oppnå dette har banken berre eitt verktøy, og det er styringsrenta.
Kronekursen påverkar inflasjonen her i landet da mykje av dei varene vi bruker kjem frå utlandet.
Når kronekursen er svak, blir det dyrare å kjøpe inn varer, noko som igjen fører til høgare prisar for kundane.
– Noregs Bank har ikkje noko val dersom dei skal sikre inflasjonsmålet. Det er nøydde til å reagere om krona fortset å svekke seg.
Holvik viser også til at lønnsdanninga er påverka av kronekursen på grunn av frontfagsmodellen.
Dette er fordi kronekursen påverkar konkurranseevna og kostnadene for eksportindustrien, noko som igjen påverkar kor mykje lønn dei kan tilby.
– Om kronesvekkinga blir for stor, så kan dei måtte heve renta.
Neste rentemøte vil vere 15. august på Arendalsveka. Det er i forkant venta at Noregs Bank vil halde renta uendra.
– Kan vi få ei renteheving allereie om ti dagar?
– Nei, slik det ser ut i dag vil det halde med å varsle at ein vil heve renta, seier Holsvik.
– Trur Noregs Bank har is i magen
Leiar for allokering og globale renter i Storebrand Olav Chen er open for at Noregs Bank kan heve renta.
– Du får ikkje kontroll over inflasjonen i Noreg viss du ikkje har kontroll over kronekursen. Og da er einaste verkemiddelet faktisk å heve renta. Så det er ikkje usannsynleg, seier han.
Men likevel trur han Wolden Bache heller vil utsette å senke renta framfor å heve henne.
– Eg trur Noregs Bank kjem til å ha is i magen.
Chen meiner at finansuroa vi ser nå kan vere ei litt overdriven frykt etter ein lang periode med optimisme.
– Dette er akkurat den situasjonen eg har frykta i lang tid. Ein får ei liten korreksjon eller uro i verdsbørsane, så set det kraftig press på den norske krona.
– Krona er ein liten perifer valuta. Når vi ser ein slik korreksjon som dette her blir krona slungen vegg imellom.
Publisert 05.08.2024, kl. 15.38