Krev at politiet betalar for psykologtimar etter å ha grave opp lik

5 hours ago 4


Ein ung gravemaskinførar måtte ha psykologhjelp etter å ha grove opp eit lik på oppdrag frå politiet. No har sjefen hans tatt advokat og sendt rekning på over 100.000 kroner.

Han vil ha dekt utgiftene sine til psykolog og tapt arbeidsforteneste for gravemaskinføraren, og er ikkje glad for at politiet seier nei.

– Det er ikkje daglegdags at vi skal drive med kriminaletterforsking der vi skal avdekke avdøde folk, det synest eg berre er småleg, seier han.

– Men har du tatt litt hardt i då du skreiv rekninga?

– Nei, vi har brukt mykje tid på debriefing og samtalar, det var eit ganske sterkt inntrykk, seier han.

Bedriftseigaren i Møre og Romsdal seier at han aldri ville bedt ein av dei yngste i staben om å ta oppdraget, dersom han hadde visst at det var snakk om å grave etter eit dødt menneske. Han hevdar dette ikkje blei presisert då politiet bestilte gravearbeidet.

Faktura som er sladda og viser at eit firma krev dekt utgifter til m.a. psykolog

Eit gravemaskinfirma krev rundt 65.000 kroner pluss moms etter at ein tilsett grov opp eit lik for politiet.

Grafikk: NRK

Seier saka kan hamne i retten

På fakturaen er det sett opp 25.000 kroner pluss moms i utgifter til debrief. Det er også ført opp utgifter til fire psykologtimar: til saman 40.000 kroner pluss moms for reise og tapt arbeidsforteneste.

Dette kjem i tillegg til sjølve gravearbeidet på rundt 30.000 kroner.

Men politiet vil ikkje betale ut erstatning, og viser til at dei har følgt vanlege rutinar med å informere om kva oppdraget innebar. Visepolitimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt er ordknapp. Han seier saka kan hamne i retten dersom firmaet ikkje trekkjer kravet sitt.

visepolitimeister, Ingmar Farstad

Visepolitimeister Ingmar Farstad står på sitt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– HMS-arbeid i bedrifter må vere bedriftene sitt eige ansvar, det kan ikkje vi ta på oss.

– Men har ikkje politiet eit særleg ansvar når de ber vanlege folk om hjelp?

– Jau, det kan du seie, men denne saka kan gå heilt til retten, og begynne å prosedere på den saka no, er ikkje aktuelt for oss.

Brevark frå politiet til eit advokatfirma, fleire ord er sladda

Brev frå politiet til gravemaskineigaren sin advokat. Her går det klart fram at dei ikkje ønskjer å betale.

Illustrasjon: NRK

Glad han fekk psykologhjelp

Den unge gravemaskinføraren sjølv seier han ikkje fekk vite noko om kva han skulle grave etter, før han sto i branntomta og hadde rigga seg klar.

Då blei han tatt til sides og informert om at han skulle grave etter eit dødt menneske. Han meiner det var vanskeleg å trekkje seg då.

– Sjølvsagt kunne eg gjort det, men det er mykje økonomi og planlegging som kjem inn i bildet når eg har flytta fram gravemaskin og står klar. Då trekkjer ein seg ikkje, seier den unge mannen.

Han seier det ikkje var mogleg å unngå å sjå kva som var grave opp. I ettertid er han glad for at han takka ja til psykologhjelp og fekk snakka gjennom det synet som møtte han.

Han har no skifta jobb.

Politistasjonen i Ålesund på ein gråvêrsdag.

Politiet i Møre og Romsdal har ikkje tenkt å betale for det dei kallar HMS-arbeidet i gravemaskinfirmaet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Møte førte ikkje fram

Rett etter jul hadde gravemaskineigaren og politileiinga møte. Dei blei ikkje samde.

Advokaten til gravemaskinføraren, Krister Øie Braute, sende denne veka eit nytt brev til politimeisteren i Møre og Romsdal der han held fast på kravet. Han meiner politiet har eit særleg ansvar etter å ha involvert vanlege folk i eit uvanleg oppdrag:

«Det gjelder en streng aktsomhetsnorm til politiets opptreden. Dette må særlig gjelde når politiet engasjerer sivile til å bistå i politiarbeid. Faren for at disse medhjelperne kan havne i situasjoner som krever politifaglig bakgrunn er nærliggende».

Braute vil ikkje kommentere saka ytterlegare overfor NRK og viser til at saka kan hamne i rettsapparatet.

Krister Øie Braute i blå dressjakke, kvit skjorte. Solbrun og brune briller.

Advokat Krister Øie Braute krev at politiet betalar hans klient.

Foto: Torgeir Tofte Jørgensen

NRK kjenner identiteten til bedriftseigaren og gravemaskinføraren og kass brann det er snakk om. Vi har utelate detaljar om tid, stad og namn på intervjuobjekt av omsyn til dei pårørande.

Publisert 08.05.2025, kl. 16.48

Read Entire Article