Kor dyre var eigentleg bilane?

2 hours ago 3


Såg undervassrobotane slik ut?

Ja, hels på Cobra 33!

Denne blei bygd i 1979 av Subsea Offshore for bruk i Nordsjøen.

ROV (Remotely Operated Vehicle) fanst også før den tida, men akkurat denne typen har vore ein føregangsmodell for fleire undervassfarkostar. Han blei opphavleg utvikla for bruk i marinen i USA.

En stor gul maskin med påskriften Cobra heises ned over havet. Den har metallarmer som er bøyd inn mot maskinens kropp.

Ifølge Norsk Oljemuseum er denne undervassroboten truleg den som har jobba lengst i Nordsjøen, blant slike og liknande maskiner.

Foto: Shadé B. Martins / Norsk Oljemuseum

Som vi ser i episoden, blei roboten styrt frå eit operasjonsrom på riggen eller båten, og var nyttig for å sjekke røyrleidningar eller brønnventilar langt under vatn. Dei kunne også gjere enkle operasjonar som å opne og stenge ventilar eller plukke opp gjenstandar.

Ettersom teknologien har blitt betre, har ROV-ane bidratt til meir kostnadseffektiv drift. Dei har også vore med på å betre tryggleiken til dykkarane.

En gul undervannsrobot flyter under vann, fra toppen henger en ledning som forbinder den med overflaten. Det er to lys som skinner fra fronten og på siden av den kan man se påskriften av navnet Cobra.

ROV'en Cobra blir testkøyrt i episode fem av Lykkeland, sesong 3.

Foto: Maipo Film

Modellen som er brukt i opptaka til «Lykkeland» er faktisk utlånt frå Norsk Oljemuseum i Stavanger, og er mogleg å ta i nærare augesyn der.

Denne blei mykje brukt heilt fram til 2008, og ifølge museet har han truleg den lengste tenestetida i Nordsjøen blant slike undervassfarkostar.

Rein har fått ny bil! Kva kosta ein Saab 900 turbo?

Og kva er det i dagens pengar?

For eit par år sidan blei ein liknande bil, ein Saab 900 Aero, lagt ut på auksjon i Sverige.

Den hadde hatt éin einaste eigar sidan 1987 og hadde nesten ikkje blitt brukt. Ifølge TV 2, som skreiv om auksjonen – var nyprisen i 1987 på 143.000 svenske kroner.

Reins raude glis var likevel av ein annan modell, og attpåtil kabriolet.

En mann sitter i en stripete morgenkåpe i førersetet på en rød saab 900 turbo cabriolet. Han smiler bredt til en jente som står utenfor bilen.

Eit lukkeleg bursdagsbarn med ny bil til mange pengar.

Foto: Maipo Film

Vi måtte ta ein sjekk med Opplysningsrådet for Veitrafikken, som fann prislista for gjeldande år. Dei opplyser om at modellen kosta 537.300 kr. i 1987.

Noregs Banks priskalkulator viser oss at dette utgjer 1.353.479 i dagens kroner, så det er ingen tvil om at det var ei dyr gåve på den tida.

Auksjonen av Saaben i Sverige fekk stor merksemd, og høgaste bod vann fram på 536.000 svenske kroner, altså meir enn han ville vore verd i dagens valuta som nybil i 1987.

Kva har skjedd med skuldrene til Anna? Og Ingrid?

Skulderputer.

Dette er eit motefenomen som først og framst blir knytt til 80-åra. Nokon vil ha det til at det starta med TV-serien Dynastiet og karakteren Krystle.

To kvinner står foran i bildet, kledd i glitrende kjoler med store skuldre. De ser alvorlig inn i kameraet. En mann i sort dress står bak dem og ser også rett i kameraet. Kvinnene står med en arm i sida.

Høg, høgare, høgast! Dess meir fyldige skuldrer, dess betre. Her representert ved skodespelarane Joan Collins (Alexis) og Linda Evans (Krystle) frå Dynastiet.

Foto: Everett Collection

Uansett, kvinner omfamna kjolar og drakter med skulderputer i denne perioden. Det var også vanleg å ha lause puter med borrelås, som ein kunne bruke etter behov.

Skulderputene har sidan dukka opp med jamne mellomrom i motebildet. På catwalken under moteveka i New York i fjor haust var dei firkanta skuldrene tilbake for fullt.

Alle er likevel ikkje like fornøgde med dei mjuke innlegga. Då kvinnebladet «Det Nye» spurde menn for nokre år tilbake kva dei eigentleg meinte om trendane kvinner heiv seg over – var skulderputene blant dei mest forhatte.

  • En kvinne i sort bluse med store skuldre roper med munnen åpnet, hun har stort, krøllete hår og et perlesmykke trukket to ganger rundt halsen. Hun klapper med hendene. Ved siden av henne står en mann i brun dress og smiler forsiktig.

    Store skuldrer og stort, krøllete hår var tingen på 80-tallet.

  • En kvinne i rød bluse med store skuldre, ser ned i bakken foran seg. Hun er på vei ned en trapp inne i en bygning, hun har mørkt, langt hår og briller på.

    Skuldrene til Anna har blitt breiare og lønna høgare i sesong 3.

  • En kvinne med skulderlangt mørkt hår ser alvorlig ut i lufta. Hun har rutete jakke med store skuldre.

    Ingrid Nyman følger moten, sjølv om ho byrjar å dra på åra i sesong 3 av Lykkeland.

  • En kvinne med stort, krøllete hår smiler bredt, hun er ikledd en leopardbluse med store skuldre og et stort gullsmykke i halsen.

    Toril er glad i ein fest, og antrekka er like festlege i denne sesongen.

Når blei oljeutvinning skadeleg for miljøet?

Jada, miljøskadeleg har det alltid vore – men når blei ein opptatt av det?

I episoden prøver Fredrik Nyman å overtyde styret om at petroleumsbransjen står framfor nye utfordringar.

I Amerika vil Al Gore innføre avgift på CO2-utslepp, seier han. Han meiner til og med at det er mykje som tyder på at utvinning av petroleum nærmar seg slutten.

En mann i grå dress sitter ved enden av et bord og snakker og gestikulerer med hendene foran seg. Rundt bordet sitter andre menn i dress, bak ham en kvinne i en rød skjorte. De følger alle med på hva mannen sier.

Fredrik Nyman forsøker å overtyde styret om at oljeutvinninga er på veg inn i ei ny tid.

Foto: Maipo Film

No veit vi jo at det ikkje stemte, men var det sånn at fleire begynte å sjå på olja på ein litt annan måte?

Gjennom 70-åra var det mange diskusjonar om korleis forureining frå oljeutvinninga ville skade fisket og fuglebestandane. Det var også mykje snakk om at oljeressursane ville bli brukte opp, og at det kunne bli energikrise.

Farane ved CO2-utslepp kom først på tapetet litt seinare.

Al Gore på Verdens økonomiske forum

Al Gore har halde mange stormande talar om klimautslepp og drivhuseffekten, her frå World Economic Forum i Sveits i 2019.

Foto: Markus Schreiber / AP

Mot slutten av 80-åra begynte fleire å snakke om at dramatiske klimaendringar kunne skje på grunn av drivhuseffekten som kom av utslepp av karbondioksid (CO₂) i atmosfæren.

Ein av dei var senator Al Gore i USA. Gore har vore miljøforkjempar i fleire tiår, og har ganske rett kopla utslepp og global oppvarming i intervjua og talane sine gjennom heile 80-talet.

Han samla blant anna representantar i Kongressen i USA allereie i 1981 for å presentere forsking på drivhuseffekten og mane til politisk handling.

Men det var først som visepresident i 1993 at han begynte å få ordentleg mediedekning for kampen sin for å skattlegge utsleppa av CO₂.

Gro Harlem Brundtland legger fram FN-rapporten Our Common Future.

I april 1987 la den tidlegare statsministeren vår, Gro Harlem Brundtland, fram rapporten «Vår felles framtid» («Our Common Future») i London. Rapporten blei gitt ut av Verdskommisjonen for miljø og utvikling, som Brundtland leia.

Foto: Henrik Laurvik / NTB

I 1987 heldt også den tidlegare statsministeren vår, Gro Harlem Brundtland, ein viktig tale som på mange måtar markerte startskotet for ei haldningsendring til miljø og klima verda over.

Dette vart opptakten til verdas første, store klimakonferanse, og for første gong blei klima og miljø sett på den politiske dagsordenen. Fram til då hadde det berre vore miljøaktivistane som jobba med dette.

Kva drikk dei?

Episoden startar med døyping av ein ny undervassrobot. Etterpå feirar dei ved å drikke sjampanje, av typen Veuve Clicquot.

Det er ikkje tilfeldig.

Veuve Clicquot, eller «Gul Enke», er på mange måtar eit symbol på jappetida og festkultur i 80-åra. Da var det Gul enke i høge glas som gjaldt.

En kvinne står på et podium foran en undervannsrobot og holder i en champagneflaske på en snor som hun skal til å slenge inn i roboten. Foran henne står en stor gruppe mennesker og følger med. Kvinnen er kledt i et kjolesett med leopardmønster, og hun har stort, krøllete hår.

I den første scena i denne episoden, døyper Toril undervassroboten med champagne.

Foto: Maipo Film

Historisk sett har alkoholkonsumet i Noreg vore dominert av øl og brennevin. Vi nordmenn drakk knapt vin med kolsyre før 1985, skriv Jens Nordahl i Vinmonopolet i denne kronikken.

Statistikk over sjampanjesal er det labert med hos polet, men dei har tal for musserande vin.

Og tala er klare: frå 1984 til 1988 blei salet av musserande vinar fordobla.

Det er også naturleg å rekne med at sjampanjekorkane skaut fart i eit liknande tempo.

Svart hvitt bilde av smilende mann som holder opp en stor flaske champagne.

Eksklusiv sjampanje på utestaden Barock i Oslo blir vist fram av ein servitør i september 1988.

Foto: NTB

Vinmonopolet informerer om at salet av musserande vinar gjekk frå 562 000 liter i 1984 til 1,1 millionar liter i 1988.

Er musikken tidsriktig?

Musikken har ein stor plass også i denne sesongen av «Lykkeland», og låtane er valde med omhug.

Allereie i første episode av serien set serieskaparane stemninga med Simple Minds og låten «Don’t You (Forget About Me)», som blei allemannseige i filmen «Breakfast at Tiffany´s».

I episode fem dukkar blant anna norske DumDum Boys opp. Det er heilt på merket.

Låten heiter «En vill en», og blei gitt ut i 1988. I denne perioden blir DumDum Boys eitt av dei suverent største rockebanda i Noreg.

DumDum Boys i Studentersamfundet i Trondhjem 19.03.88

DumDum Boys gjesta fullstappa Studentersamfundet i Trondheim i mars 1988. Per Øivind Houmb, også kjent som «Prepple», i front på scena.

Foto: Fotogjengen.Samfundet.no

Katrina and the Waves’ «Walkin on sunshine», får både Anna og Sture til å vrikke på seg i episodens siste scener. Dette er også tidsriktig dansemusikk for den siste halvdelen av 80-talet.

Låten blei først gitt ut som del av debutalbumet til bandet i 1983, men ein ny versjon kom ut på internasjonal kontrakt i 1985 – og nådde raskt hitlistene verda over.

I Noreg nådde han aldri opp på VG-lista, men blei ein stor radioslager i 1986, tydelegvis litt bakpå her oppe i nord.

Kva er dette?

Fredrik Nyman har ei gammaldags telefonbok.

Fiffig, og ikkje minst veldig nyttig, før kontaktane kunne berast rundt i mobilen og før søkbare katalogar i 1881. På den tida måtte ein faktisk skrive ned telefonnummer på ark.

En mann i dress sitter med ryggen mot kameraet vendt mot en skrivepult. Han holder en telefon mot øret og foran ham ligger en gammeldags telefonbok som er vippet opp for å vise kontakter på noen hvite ark. Telefonboken er ringet rundt i rødt.

Fredrik Nyman ringer rundt ved hjelp av ei fiffig telefonbok.

Foto: Maipo Film

Denne vippedingsen av ei bok, med hardt skal og ark inni, lét deg velje ein bokstav i front med ein pendel – som igjen førte til at ein hamna på rett etternamn når ein så vippa boksen open.

Modellen i metall under, blei produsert i Japan og har stått i meieriet på Finnøy i Rogaland, før han hamna på Ryfylkemuseet der han er å finne i dag.

  • En telefonbok med alfabet i front for å søke opp kontakter. En liten pendel på høyre side flyttes for å få åpnet siden med riktig bokstav.

    Denne telefonboka i metall var å sjå på mange kontorpulter gjennom 80-tallet.

    Foto: Ryfylkemuseet
  • En åpen telefonbok i metall med ark i midten. På arkene står kontakter med telefonnummer.

    Olsen, sa du? Lat meg slå opp på O!

Episode fem kan du sjå i NRK TV nå.

Meir nostalgi og faktasjekk av serien finn du på denne sida.

Kjelder:

Store norske leksikon, Norsk Oljemuseum, Opplysningsrådet for Veitrafikken, Digitalt Museum, NTB, Vinmonopolet, Boken «Grøne Linjer, Historia til natur- og miljøvernet i Noreg», gitt ut av Grøndahl og Dreyers Forlag AS, Washington Post, Norgeshistorie.no

Publisert 17.11.2024, kl. 20.05

Read Entire Article